Samfundspartiet

(Omdirigert frå Nytt Norge)

Samfundspartiet var tidlegare namn på eit politisk parti i Noreg. Partiet henta tankar frå kristendom, korporativisme, teknokrati, sosialpsykologi, økologi og samfunnsøkonomi, og kan vanskeleg plasserast på nokon høgre-venstre-skala.[2] Partiet vart organisert kring forfattaren Bertram Dybwad Brochmann.

Samfundspartiet
LandNoreg
GrunnleggjararBertram Dybwad Brochmann
Grunnlagt1933
SlagordRiv ned alle gjerder som skiller menneskene og hindrer dem fra å opleve og erkjenne våre dype fellesinteresser innenfor vårt felles samfund. Frem med helhetsfølelsen og totalitetsbevisstheten. Ned med partipolitikken og klassekampen. Frem med det frie levende samfund.[1]

Framvekst i krisetid endre

Partiet voks fram på 1930-talet mykje som resultat av den økonomiske krisa i mellomkrigstida, og vart grunnlagt i 1933.[3] Samfundspartiet hadde få formelle strukturar. Slik fekk Brochmann stort spelerom. Han vart overraskande innvald på Stortinget frå Bergen i 1933, og fekk merksemd ved i krisetidene å nekta å ta imot løn for å sitja på Stortinget. Samfundspartiet, ved Brochmanns vararepresentant Gjert E. Bonde, var det einaste partiet som røysta mot Steriliseringslova i 1934. Lova opna for sterilisering av personar med «mangelfullt utviklede sjelsevner», og lova vart særleg nytta ved sterilisering av romanifolk og tatarar.

Ved valet i 1936 vart ikkje Brochmann stortingsrepresentant. Trass i dette vart partiet representert gjennom Sigurd Haakon Jacobsen, innvald frå Nordland fylke. Då okkupasjonen av Noreg under den andre verdskrigen kom i 1940, valde partiet å oppløysa seg sjølv. Sjølv om Brochmann tok avstand frå Vidkun Quisling meinte han at Hitler sin økonomiske politikk var fornuftig. Slike synspunkt vart offentleg gjeve uttrykk for, mellom anna i ei radiotale. Brochmann og fleire av partikameratane vart dømde i landssvikoppgjeret etter krigen. Ved stortingsvalet i 1945 stilte krefter i partiet til val som «Nytt Norge» i Bergen og landkrinsane i Sør-Trøndelag. Nytt Norge vart ikkje representert på Stortinget, men fekk representantar i bystyret i Bergen ved vala i 1945 og 1947.[4]

Oppslutning ved Stortingsval endre

Samfundspartiet stilte til val ved tre stortingsval i tida 1933-49, og oppnådde følgjande resultat:

  • 1933: 1,5 %; 1 stortingsrepresentant frå Bergen
  • 1936: 3,1 %; 1 stortingsrepresentant frå Nordland
  • 1945: partiet stilte ikkje lister
  • 1949: 0,7 %; partiet vart ikkje representert på Stortinget

Nytt Norge fekk i 1945 0,12 % av røystene på landsbasis. I dei to valkrinsane dei stilte var resultata:

Ingen stad fekk Samfundspartiet større oppslutning enn i Velfjord kommune i Nordland.[5]

  • 1933: 0,2 %
  • 1936: 42,0 %
  • 1945: partiet stilte ikkje liste; valdeltakinga i kommunen sokk til 40,7%, mot 70,0 % ved valet i 1936
  • 1949: 40,2 %

Referansar endre

  1. https://urn.nb.no/URN:NBN:no-nb_digibok_2014071706069; side(r): 5.
  2. http://www.nlh.no/ios/Seminar/2000/s-03-24.html Arkivert 2007-09-29 ved Wayback Machine. Henimot nullpris! Foredrag om Samfundspartiet sin økonomiske politikk
  3. «Om Bertram D. Brochmann i Norsk Biografisk Leksikon», web.archive.org, arkivert frå originalen 21. februar 2006, henta 30. september 2021 
  4. Anders Bjarne Fossen & Tore Grønlie: Bergen bys historie, bd IV (Bergen, 1985)
  5. Arnold Forbergskog: «Velfjord - det politiske 'anderledeslandet'» i Årbok for Helgeland 2007 ISBN 978-82-90148-67-1

Bakgrunnsstoff endre

Sjå òg endre