Spøkjelseskrabbe

(Omdirigert frå Ocypode)

Spøkelseskrabber (Ocypode) er ei gruppe tropiske krabbar som lever langs tropiske strender over heile verda. Namnet sitt har dei fått fordi dei er så flinke til både å springa fort (maksfarten er heile 4,5 m/s!) så vel som å gøyma seg, noko som har ført til at dei ofte kan sjå ut til å forsvinna sporlaust.

Spøkjelseskrabbe
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Leddyr Arthropoda
Underrekkje: Krepsdyr Crustacea
Klasse: Storkreps Malacostraca
Orden: Tifotkreps Decapoda
Familie: Spøkjelseskrabbefamilien Ocypodidae
Underfamilie: Spøkjelseskrabbe Ocypodinae
Slekt: Spøkjelseskrabbe Ocypode
Weber, 1795

Kjenneteikn

endre

Spøkelseskrabbar er kamuflasjefarga til strendene dei lever på, og er såleis vanlegvis gulbrune. Ryggskjoldet er som regel mellom 4 og 6 cm breitt, og den eine kloa er litt mindre enn den andre. Dette er likevel ikkje like sterkt utvikla som hjå dei nære slektningane, vinkekrabbane.

Augo til spøkelseskrabben er fasetterte og står på lange stilkar. Dei er større enn hjå dei fleste andre krabbar, og gjer dei eit skarpt syn med utsikt i alle retningar. På grunn av dette kan somme artar fanga flygande insekt rett frå lufta.

Levesett

endre

Spøkelseskrabbar er nattaktive altetarar som hovudsakleg et åtsel dei finn på stranda. Munndelane er kraftige og skarpe, for at dei skal kunne utnytta hardare byttedyr som skjelpaddeungar.

Sjølv om spøkelseskrabbane pustar med gjeller, lever dei helst i luft. Dei er difor berre aktive ved lågvatn. Når det flør, kryp dei ned i holene sine og stenger att opninga så det ikkje kjem vatn inn. Desse vanane inneber at dei heldt gjellene sine fuktige med vatn dei ber med seg i gjellekamra. Som regel finn ein dei nedst på stranda, nærast sjøen: Det er her dei finn mest føde.

Forplanting

endre

Der hannar hjå dei fleste andre krabbeartar kurtiserar hoer ved å visa styrke, har spøkelseskrabbane ein annan strategi: Hannane grev djupe hol, og stablar sanda i ei pyramideform rundt opninga. Dette er ei territorialmarkering som både heldt unna andre hannar og trekkjer til seg hoer. Paringa skjer via det første paret symjebein, som avleverar spermpakker til hoa.

Egga vert lagde i sjøen, og larvane lever planktonisk.

Bakgrunnsstoff

endre