Odd-Bjørn Hjelmeset

(Omdirigert frå Oddbjørn Hjelmeset)

Odd-Bjørn Hjelmeset (fødd 6. desember 1971) er ein norsk langrennsløpar. Han vart fødd i Sandane og voks opp på Vereide i Gloppen kommune. Hjelmeset representerer Fjellhug/Vereide IL. Han blir rekna som spesialist i klassisk stil.

Odd-Bjørn Hjelmeset


Statsborgarskap Noreg
Fødd 6. desember 1971 (52 år)
Nordfjordeid
Idrett langrenn, friidrett
Tok del i

Vinter-OL 2006, Vinter-OL 2010, Vinter-OL 2002, cross-country skiing at the 2002 Winter Olympics – men's 50 kilometre classical, Langrenn under Vinter-OL 2010 – 4 x 10 kilometer stafett menn, Ski-VM 1999, Ski-VM 2001, Ski-VM 2003, Ski-VM 2005, Ski-VM 2007, Ski-VM 2009

Utmerkingar

Egebergs Ærespris, Holmenkollmedaljen, Fylkeskulturprisen

Sesongen 1999/2000 kom han på tredjeplass samanlagd i verdscupen, og på andreplass i sprintcupen. Per desember 2005 hadde han vunne fem enkeltrenn i verdscupen (tre i sprint).

I 2007 vart Hjelmeset tildelt Holmenkollmedaljen saman med Frode Estil, Simon Ammann og Dronning Sonja.

Merittar endre

OL-/VM-medaljar endre

  • VM 2007 - gull på 50 km klassisk fellesstart
  • VM 2005 – gull på 4 x 10 km stafett, bronse på 50 km klassisk fellesstart
  • OL 2002 – bronse på 50 km klassisk
  • VM 2001 – gull på 4 x 10 km stafett, bronse på 15 km klassisk
  • VM 1999 – bronse på 10 km klassisk

Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap endre

Bakgrunnsstoff endre