Oksehakkarar

slekt av sporvefuglar

Oksehakkarar er to fugleartar som utgjer den biologiske slekta Buphagus og familien Buphagidae. Einskilde ornitologar har sett på oksehakkarar som ein underfamilie Buphaginae innanfor starefamilien Sturnidae.[1] Både engelske og vitskaplege namn skriv seg frå vanen dei har med å sitje på store pattedyr, både ville og tamme, som storfe eller nashorn, og ete flått, bremsar, larver og andre parasittar.

Oksehakkarar
Raudnebboksehakkar, Buphagus erythrorhynchus Foto: Lee R. Berger
Raudnebboksehakkar, Buphagus erythrorhynchus
Foto: Lee R. Berger
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Overorden: Neoaves
Orden: Sporvefuglar Passeriformes
Familie: Buphagidae
Slekt: Oksehakkarar Buphagus
Brisson, 1760

Distribusjon og habitat

endre

Oksehakkarar er endemiske for savannar i Afrika sør for Sahara, der dei finst i dei fleste opne habitat. Dei er fråverande frå dei tørraste ørkenane og frå regnskogar. Distribusjonen deira er avgrensa av tilkomst på byttedyr, spesielle artar av flått, og vertsdyra til desse flåttane. Over store delar av Aust-Afrika har dei to artane sympatrisk utbreiing, det vil seie dei har overlappande distribusjon, og kan dessutan opptre på same vertsdyret. Prosessane i samspelet mellom dei to artane er ikkje kjende.

Åtferd

endre

Oksehakkarar er ganske selskaplege fuglar.

Føde

endre
 
Gulnebboksehakkar på gnu
 
Raudnebboksehakkarar på ein impala

Oksehakkarar lever utelukkande på ryggen av store pattedyr. Einskilde artar er tilsynelatande å føretrekt, medan dei unngår andre artar som Alcelaphus lichtensteinii eller halvmåneantilope (topi). Dei unngår dessutan mindre antiloper som letjevassbukk, duikarar og røyrbukkar, det minste vertsdyret som dei regelmessig brukar er impala, truleg på grunn den høge bestanden av flått på denne arten og den sosiale framferda hos desse dyra. I mange delar av det noverande utbreiingsområdet lever dei på storfe, men unngår kamelar. Dei lever av ektoparasittar, særleg flått, og plukkar dessutan insekt som infiserer sår og dei kan i tillegg ete kjøtt og blod frå opne sår.[2]

Samspelet oksehakkar - pattedyr er gjenstand for ein viss debatt og pågåande forsking. Opphavleg tenkte ein dette var eit døme på mutualisme, men nyare funn gjev framlegg om at oksehakkarar kan vere parasittar i staden.[3] Oksehakkarar et flått, men ofte flått som allereie har tatt seg næring frå hovdyrverten, og det har ikkje vore påvist statistisk signifikant kopling mellom nærvære av oksehakkarar og redusert infeksjon av ectoparasittar.[3] Men ein studie av impala viste at dyr som vart brukt av oksehakkarar brukte mindre tid til sjølvpleie noko som ymta om ein reduksjon i parasittar. Oksehakkarar har vorte observert når dei opnar nye sår og utvide eksisterande for å drikke blodet av vertsdyret.[4] Oksehakkarar tar òg ørevoks og daude hudskjel av pattedyr, ein ikkje veit kva føremon pattedyra har, og det er mistanke om at dette òg er ei parasittisk åtferd.[3] Nokre av vertane for oksehakkarar er intolerante av nærvære deira.[4] Elefantar og nokre antiloper vil aktivt lausne oksehakkarar når dei landar. Andre artar tolererer oksehakkarar, men søkjer dei etter flått i andletet, verkar det «... å vere ein ubehageleg og inntrengjande prosess.»[2]

Hekkebiologi

endre

Hekkesesongen av oksehakkarar kan vere kopla til regntida, som påverkar aktiviteten til vertane og mengda av flått på desse vertane. Både spel og paring skjer på vertane deira òg. Dei hekkar i hol, gjerne i tre, men nokre gonger i andre typar holrom, blant anna hol i vegger. Reiret er fora med gras og ofte med håre plukka frå vertane og til og med husdyr som sauer som ikkje vanlegvis brukast som vertar. Typisk storleik på kullet er frå to til tre egg, men raudnebboksehakkar kan leggje opp til fem egg.

Artar

endre

Kjelder

endre

Referansar

endre
  1. Zuccon, Dario; Cibois, Anne; Pasquet, Eric; Ericson, Per G.P. (2006). «Nuclear and mitochondrial sequence data reveal the major lineages of starlings, mynas and related taxa». Molecular Phylogenetics and Evolution 41 (2): 333–344. PMID 16806992. doi:10.1016/j.ympev.2006.05.007. 
  2. 2,0 2,1 Craig, Adrian (2009). «Family Buphagidae (Oxpeckers)». I del Hoyo, Josep; Elliott, Andrew; Christie, David. Handbook of the Birds of the World. Band 14, Bush-shrikes to Old World Sparrows. Barcelona: Lynx Edicions. s. 642–653. ISBN 978-84-96553-50-7. 
  3. 3,0 3,1 3,2 Weeks, P (2000). «Red-billed oxpeckers: vampires or tickbirds?» (PDF). Behavioral Ecology 11 (2): 154–160. 
  4. 4,0 4,1 McElligott, A.G.; Maggini, I.; Hunziker, L.; Konig, B. (2004). «Interactions Between Red-Billed Oxpeckers and Black Rhinos in Captivity». Zoo Biology 23: 347–354. doi:10.1002/zoo.20013.