Olav Andresen

norsk politikar

Olav Andresen (fødd 15. april 1877) var ein norsk lærar og Arbeidarparti-politikar frå Heddal i Telemark.

Olav Andresen
Fødd15. april 1877
Heddal
Død1950 (73 år)
Statsborgar avNoreg
PartiArbeidarpartiet
Yrkepolitikar, lærar
Alle verv
  • stortingsrepresentant (1925–1927)
  • ordførar i Notodden (1923–1924)
  • ordførar i Notodden (1928–1931)
  • ordførar i Notodden (1934–1940) Sjå dette på Wikidata

Han var son til husmannfolk. Etter eksamen ved lærarskulen på Elverum i 1900 var han i to år lærar på Røros i Sør-Trøndelag. I 1903 tok han eksamen ved Otto Treider handelsskole i hovudstaden, og var så eit års tid kasserar i Heddal Sparebank. Frå 1904 til -13 var han lærar i Brandbu i Oppland. Sidan var han lærar på Notodden i 28 år fram til 1941.

Andresen var mykje med i styringa av Notodden i tida etter 1920. Mellom anna var han ordførar 1923-24 og 1928-31. Perioden 1925-27 var han 2. representant frå bykrinsen Notodden, Skien, Porsgrunn, Brevik, Kragerø, Risør, Arendal og GrimstadStortinget. På Tinget var han medlem av protokollkomiteen, samt av aksjonsnemnda som førebudde riksrettsaka mot regjeringa Abraham Berge. Andresen var medlem av Arbeidarpartiet.

Kjelder endre