Orfeo
Orfeo (italiensk L'Orfeo) er ein opera (i røynda ein favola in musica) av Claudio Monteverdi med libretto av Alessandro Striggio den yngre. Urframføringa fann stad i Mantova 24. februar 1607 i hertugpalasset og det er ein av dei aller første operaer som vart skrivne. Verket var ein del av underhaldninga til karnevalet i 1607. Det var den eldste sonen til hertugen, den 21 år gamle Francesco Gonzaga, som bestilte verket. Operaen vart framført for Accademia degli Invaghiti, som Francesco var med i.
SV 318 Opera av Claudio Monteverdi | |
Sjanger | Opera |
---|---|
Periode | Barokken |
Komponert | 1607 |
Urframføring | 24. februar 1607 |
Typisk lengd | 112:27 |


Handling Endra
Orfeo består av ein prolog og 5 aktar basert på det greske sagaen om Orfeus og Eurydike. Eurydike er død, og Orfeus vil prøvde å redde henne frå Hades.
Prologen Endra
La Musica (muse for musikken) trer fram og fortel at vi nå skal høyre historia om Orfeus. Musikken til Orfeus var så mektig at den rørte til og med gudane.
Første akt Endra
Gjetarane og nymfene feirar bryllaupet til Orfeus og Eurydike. Dei to syng om gleda si. Koret av nymfer og gjetarar avsluttar akta og syng at Orfeus er så lukkeleg at han ikkje har noko meir å lengte etter.
Andre akt Endra
Medan Orfeus prisar lukka si, får han vite at Eurydike er død, biten av ein slange. Ho og følgjet hennar hadde vore i blomsterengene og samla blomar til ein bryllaupskrans. Orfeus bestemmer seg straks for å reise til Hades for å hente henne attende. Orfeus syng resitativet og arien «Tu se' morta» ('Du er død, mitt liv, og eg pustar framleis').
Tredje akt Endra
Håpet følgjer Orfeus heilt til inngangen til underverda. Kharon vaktar inngangen, og Orfeus prøver med songen sin å sleppe inn. Han lukkast ikkje. Når Orfeus tar i bruk lyra si, maktar han å få Kharon til å sovne og kan halde fram ferda inn i Hades.
Fjerde akt Endra
Proserpina (Kore), dronninga av Hades, lèt seg påverke av musikken til Orfeus. Ho overtaler Plutone (Pluto), kongen av Hades, til å la Eurydike sleppe ut. Pluto set eitt vilkår: Orfeus må ikkje sjå tilbake på Eurydike på veg tilbake ut av Hades. Etter ei stund maktar ikkje Orfeus å motstå tvilen, han snur seg for å sjå henne, og ho forsvinn tilbake til underverda. Fortvila returnerer Orfeus til jorda.
Femte akt Endra
Appolo, far til Orfeus, stig ned frå himmelen og bringer den sørgande Orfeus med tilbake dit. Der kan han sjå Eurydike i stjernene.
Kjelder Endra
- Denne artikkelen bygger på «Orfeo» frå Wikipedia på bokmål, den 17. juli 2010.
Bakgrunnsstoff Endra
- Libretto til Orfeo (italiensk)
- Libretto på tysk og engelsk ved www.opera-guide.ch