Orgelsmett
Orgelsmett (Cyphorhinus arada) er ein medlem av gjerdesmettfamilien med namn etter den forseggjorde songen sin. Han høyrer heime i Amazonas-regnskogen i Sør-Amerika, frå låglandet i søraustlegaste Venezuela og Guyana i nordaust til foten av Andesfjella i vest. I dette store utbreiingsområdet er det skildra seks underartar av orgelsmett, alle med sin distinkte variant av fjørdrakta og variant av den spesielle songen.
Orgelsmett | |
Utbreiing og status | |
Status i verda: Livskraftig Utbreiinga av Orgelsmett | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Orden: | Sporvefuglar Passeriformes |
Familie: | Gjerdesmettfamilien Troglodytidae |
Slekt: | Cyphorhinus |
Art: | Orgelsmett C. arada |
Vitskapleg namn | |
Cyphorhinus arada |
Skildring
endreOrgelsmetten er ein liten til mellomstor medlem av familien, 12,5 cm lang og veg 18 til 24 gram, omtrent det doble av vekta til gjerdesmetten i Noreg. Han har relativt kraftig, grått og svakt bendt nebb med store naseboropningar. Alle underartar har fine, mørke vatringar på venger og hale som sjeldan er synlege i felt. Panne og strupe med øvre bryst har relativt varm oransje til raudbrun farge i kontrast til mørkare overside. To av underartane har svartkvit «krage». Underartane varierer i fjørdrakta og har utbreiing på denne måten:[1]
- C. a. arada (nominatforma) har ei fjørdrakt med raudbrun panne og forkrone som mørknar til kastanjebrun bak. Ho har ei smal bleik gulbrun supercilium (augebrynstripe) frå auget og bakover med innramming av smalare svarte kantar, og oransjebrune kinn. Ho har ein brei «krage» av stripa svart og kvitt omtrent frå undersida av øyredekkarane og bakover til nakken og øvre del av ryggen. Korsryggen og bakdelen er kaldare raudbrun enn krona og halen er middels brun med smale mørkebrune vatringar. Strupen og øvre bryst er lys oransjebrun med eit skilje mot den meir bleikbrune nedre delen av brystet og øvre del av buken. Flankane og nedre del av buken er gulbrune. Ungfuglar liknar, men har nokre gonger svake vatringar på nedre del av buken.
- Utbreiing: austlege og søraustlege Venezuela, Guyana, Surinam, Fransk Guyana og nordaustlege Brasil
- C. a. griseolateralis har ein tynnare krage enn nominatforma som ikkje når bak til nakken og har gråare underside og kroppssider.
- Utbreiing: sentrale Brasil, på sørbreidda av den nedre Amazonas-elva frå Rio Tapajós austover og sørover til Rio Jamanxim
- C. a. interpositus har ikkje nominatforma sin krage og kinna er brungrå. Supercilium manglar kvitfarge.
- Utbreiing: nord i det sentrale Brasil mellom Rio Madeira og Rio Tapajós og sørover inn i det nordlege Mato Grosso
- C. a. transfluvialis er mindre kontrastfull med mørkare buk enn nominatforma.
- Utbreiing: frå foten av austlege Andesfjella i Colombia, aust til Rio Negro i det nordvestlege Brasil
- C. a. salvini har heller ikkje nominatforma sin krage og er veldig mørk totalt sett.
- Utbreiing: sørlege Colombia, austlege Ecuador og nordaustlege Peru
- C. a. modulator liknar på transfluvialis, men han har ei breiare augebrynstripe som når over auget og undersida er lysare.
- Utbreiing: austlege Peru, nordlege Bolivia og vestlege Brasil sør for Amazonas så langt aust som Rio Madeira
Orgelsmetten lever vanlegvis på eller nær bakken i dei lågare nivåa av fuktig skog; i Brasil finst han også i várzea, habitat i Amazonas som kan vere sesongmessig overfløymt. Habitata varierer frå stort sett frå havnivå til 500 moh., men er nokre gonger funne så høgt som 1 000 m og i Venezuela, opptil 1 400 m.
Åtferd
endreBeiting
endreOrgelsmetten søkjer primært føda på og nær bakken, nede blant rusk og lauvstrø. Dietten er for det meste virvellause dyr, inkludert insekt, edderkoppar og krepsdyr, men han et også bær. Dei beitar vanlegvis i par eller familiegrupper. Sjølv om han nokre gonger følgjer maursvermar, sluttar han seg vanlegvis ikkje til flokkar av blanda artar.[1]
Hekking
endreOrgelsmetten har ein langvarig hekkesesong som strekkjer seg minst frå juli til september. Reiret er kuleforma med inngang gjennom ein traktforma inngang, konstruert av bladskjelett og grovt gras. Kullet er på to egg.[1]
Vokalisering
endreOrgelsmettar syng enkeltvis eller i duett. Duettsongen er antifonal, med ein serie klåre, melodiøse fløytetonar, som varierer sterkt i tonehøgd.[1] Den eine fuglen syng høge tonar, den andre meir gutturale tonar. Songen er uvanleg kompleks, typisk samansett av fleire gutturale harde triller («zerrr») eller «kokelydar» avbrote av brå vekslingar til melodisk, fløyteliknande tonar i frasar som kan gjentakast fleire gonger før dei blir igjen endra, heile tida med sporadiske gutturale «zerrr».[2] Kontaktlætet er kort og hardt.
I folkemytologien
endrePå portugisisk blir orgelsmetten kalla uirapuru eller mange andre variantar av namnet, alle baserte på tupí-guaraní-språk-omgrepet wirapu'ru. Spesielt i Brasil blir orgelsmetten nemnd i ei rekkje legender og fablar, dei fleste relaterte til den sterke og vakre songen hans. Ei av desse legendene fortel at når han byrjar å syngje, sluttar alle dei andre fuglane å syngje for å høyre han. Ein trur at han fører med seg lykke, noko som får nokon til å ta livet av han og balsamere han for lagring.[3]
Legenda om uirapuru
endreEi legende handlar om ein ung urfolkskrigar med namnet Quaraçá som levde saman med folket sitt i Amazonas. Han elska å gå gjennom skogane og spele bambusfløyte. Lyden gav ekko mellom trea og stilna alle dyra. Alle likte å høyre på fløytemusikken.
Den unge mannen vart råka av umogleg kjærleik og tungsinn. Han bad guden tupã om hjelp. Tupã vart kjenslevar for lidinga til den unge mannen og forvandla han til ein liten fargerik fugl med ein vakker song, som han gav namnet uirapuru.
Legenda seier òg at uirapuru er ein magisk fugl som bringar mykje hell. Det er grunn til å tru at den som klarer å sjå han syngje, kan ønske seg noko og fuglen vil oppfylle det.[4]
I kulturen
endreDenne arten har fått merksemd på ulike måtar i populærmusikk, klassisk musikk, og på film, hovudsakleg i Brasil, mellom anna i:
- Det symfoniske diktet og balletten Uirapuru, med undertittelen O passarinho encantado av den brasilianske komponisten Heitor Villa-Lobos (1887 – 1959), først komponert i 1917 og fullført i 1934.
- Dokumentarfilmen Uirapuru av den israelske filmskaparen Sam Zebba (1924–2016). I 1950 sette den israelske filmstudenten ved University of California i Los Angeles ut for å filme ei brasiliansk urfolkslegende, basert på musikken til Heitor Villa-Lobos. Filminga vart gjord blant ei urfolksgruppe i Maranhão, nemnt Urubú-Ka'apor. I Belém, hovudstaden i Pará, vart Peter Paul Hilbert (1914–1989), ein tysk antropolog frå Museu Paraense Emílio Goeldi, med han på dette kreative eventyret, som kulminerte i ein prisvinnande kunstnarisk dokumentar.[5]
- Musikkstykket O Uirapuru (fem stykke for to blokkfløyter) av den brasilianske komponisten Francisco Mignone (1897–1986).
Status
endreIUCN har vurdert orgelsmett som livskraftig, LC, men med minkande populasjon.[6] Orgelsmetten har eit stort geografisk utbreiingsareal og mykje av det har ingen uro eller trugsmål. Han lever i fleire verna område innanfor arealet.[1]
Kjelder
endre- Denne artikkelen inneheld omsett tekst frå «Musician wren» frå Wikipedia på engelsk, og frå «Cyphorhinus arada», Wikipedia på spansk, den 4. desember 2022
- Referansar
- ↑ 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 Kroodsma, D. E. og D. Brewer (2020). Musician Wren (Cyphorhinus arada), version 1.0. I Birds of the World (J. del Hoyo, A. Elliott, J. Sargatal, D. A. Christie, og E. de Juana, red.) Cornell Lab of Ornithology, Ithaca, NY, USA. https://doi.org/10.2173/bow.muswre2.01
- ↑ Hilty, Steven L. (29. november 2002). Birds of Venezuela. Christopher Helm Publishers Ltd. ISBN 0713664185.
- ↑ James L. Taylor (1958). A Portuguese-English Dictionary. Stanford, CA, US: Stanford University Press. s. 628. ISBN 0-8047-0480-5. «Uirapuru»
- ↑ Resende, Lúcia (2015). «A lenda do Uirapuru, o pássaro mágico que traz muita sorte» (på portugisisk). Cultura, Mitos e Lendas en Xapuri Socioambiental. Arkivert frå originalen 1. mars 2017. Henta 4. desember 2022.
- ↑ Zebba, Sam (april 2010). «Making "Uirapuru": a musical quest in the Brazilian Rain Forest». Boletim do Museu Paraense Emílio Goeldi. Ciências Humanas 5 (1). doi:10.1590/S1981-81222010000100012.
- ↑ BirdLife International (2022) Species factsheet: Cyphorhinus arada. Henta frå http://www.birdlife.org 4. desember 2022