Otello av Verdi

(Omdirigert frå Otello av Giuseppe Verdi)

Otello er ein italiensk opera i fire akter med musikk av Giuseppe Verdi. Librettoen blei skriven av Arrigo Boito og byggjer på Shakespeare sitt skodespel Othello. Verdi skreiv Otello som sin nest sist opera då han var 74 år, og reint musikalsk blir denne operaen rekna som eit svært moge og meisterleg verk der komponisten syner avansert instrumentering og dugleikar i psykologisk skildring som kravd av stoffet og den utfordrande lyrikken. Librettoen blei utarbeidd av Arrigo Boito etter Shakespeare sitt verk i omsetjinga til Giulio Carcano og Victor Hugo. Verdi hadde allereie i Macbeth (1847) arbeidd med stoff frå Shakespeare, og hadde òg hatt planar om å tonesetja King Lear, men gav opp då han sleit med å gjera verket truverdig som opera.[1] Han gjenopplivde altså den djupe interessa si for den engelske meisteren i dei to siste operaene sine – Otello og Falstaff.

Otello av Verdi

Frances Alda som Desdemona og Leo Slezak som Otello på Metropolitan i 1909.
Språkitaliensk
Tilverting1884
Sjangeropera
Utgitt19. hundreåret
Uroppføring5. februar 1887

Historie

endre
 
Arrigo Boito og Giuseppe Verdi

Ein av dei unge italiensk wagnerianarane var dramatikaren og komponisten Arrigo Boito. Han var blitt kjend med Verdi på 1860-talet, men skilnaden i dei estetiske syna deira var for stor til at det frå byrjinga skulle kunna oppstå noko nærare samarbeid mellom dei. Boito festa seg ved det som han rekna som billege effektar i musikken til Verdi, og Verdi hadde på si sida ikkje mykje til overs for Boito sin opera Mefistofeles. Det var Verdi sin forleggjar, Giulio Riccordi, som førte Verdi og Boiti saman. Verdi hadde ikkje skrive nokon ny opera på mange år då Giulio ved eit middagsselskap tok opp Othello av Shakespeare. Med list klarte han å arrangera det slik at Verdi fatta interesse for eit utkast Boito hadde gjort til ein libretto over Othello. Valet av stoff var lykkeleg. Samtidig som Othello er den minst filosofiske av tragediane til Shakespeare, byr det på dei sterkaste psykologiske kontrastane. Librettoen til Boito blir sett på som ein av dei beste operatekstene som nokon gong er skrivne. Han har konsentrert handlinga og har ikkje med scenen i Venezia som startar dramaet til Shakespeare. I staden viser han den sigersrike Otello på høgda av ryet sitt midt under ein havstorm. Dramaet held fram mot det veldige fallet til Otello, som når botnen etter drapet på Desdemona. Elles følgjer Boito teksten til Shakespeare tett, og omsetjinga hans er av høg litterær kvalitet.

I november 1879 fekk Verdi librettoen til Boito. Han la teksten til sides for å studera Antonio Somma sin libretto til Kong Lear i staden, som han hadde sysla med å gjera opera av heile livet sitt. Samarbeidet med Boito førte fyrst til den reviderte versjonen av Simon Boccanegra. Omarbeidinga av Don Carlos blei også fullført før Verdi på alvor gjekk i gang med Otello. Dette skjedde i tre omgangar frå mars 1884 til oktober 1885. Av og til avbraut Verdi arbeidet fordi han trudde at Boito eigentleg ville skriva musikken til librettoen sin sjølv, men misforståinga blei klarlagt og i 1886 var partituret ferdig.

Premieren

endre

Otello blei urframført i MilanoLa Scala (som ikkje hadde husa ein Verdi-premiere sidan 1845) den 5. februar 1887 under leiing av dirigenten Franco Faccio. Premieren hadde vorte imøtesett med stor spenning av heile den musikalske verda, og suksessen var sensasjonell. Til oppføringa i Paris i 1894 hadde Verdi innført ein stor «etnografisk» ballett i den tredje akta med motiv frå Venezia og Austen.[1]

Andre stader

endre

Operaen hadde svensk premiere på Stockholmeoperaen 27. mai 1890, og blei seinare oppført med premiere den 6. mars 1908, 28. januar 1937 og den 14. mai 1966 i ei nyomsetjing av Axel Strindberg.[2] Han blei sett opp på Folkeoperaen med premiere 23. september 1995.[3]

Om operaen

endre

Til trass det shakespeariska temaet sitt er operaen særs italiensk og verdisk i forma, sjølv om Verdi førte inn nye løysingar, som til dømes avsksaffinga av forspel til den første akta. I staden nytta han ein korscene med eit stort symfonisk orkester som spelte til.[1] Verdi nytta ekspressive resitativ som blei fleksibelt utvikla, ofte med kromatiske element. Dei vokale partia er alltid overordna orkesteret som på ein finstemt måte kontrasterer og kompletterer uten å bli avgrensa til reint akkompagnement som i visse tidlegare Verdi-operaer.

Operaen tilbyd fleire godt likte og krevjande delar, som kjærleiksduetten mellom Desdemona og Otello i fyrste akt, «Già nella notte densa», Jago sin kjende «Credo in un Dio crudel» i den andre akta, Desdemona sin «Ave Maria piena di grazia» i den fjerde akta og den etterfølgjeånda dramatiske finalen.

Dei viktigaste rollane

endre
 
Barytonen Victor Maurel som den første Jago 1887. Maurel prøvde overtala Verdi å døypa om operaen til Jago.

Jago (Iago)

endre

Verdi hadde vigd seg til rollefigurane i det planlagde operaen sin sidan 1879. I byrjinga var han mest interessert i karakteren til Jago. Det er talande at operaen i store delar av tilverkingstida hadde den provisoriske tittelen Iago (ikkje minst for å skilja han frå Rossini sin populære opera Otello). Fyrst i 1886 bestemde Verdi seg endeleg for å velja Othello som tittelrolle.

Det var Boito sin ide å leggja til Jago sin «Credo» (‘Gud er fæl som har laga fæle menneske i bildet sitt. Eg er vondskapsfull fordi eg er eit menneske og eg kjenner det vonde inni meg’), ei tilståing om gudløyse, nihilisme og vond vilje.

 
Francesco Tamagno som Otello ved premieren 1887.

Otello

endre

Otello er den største og vanskelegaste av alle tenorrollane til Verdi, kanskje den vanskelegaste i heile operalitteraturen frå 1800-talet, berre samanliknbar med Tristan. Partiet er i likskap med rolla til Radamè i Aida skrive for det som pleier bli kalla for ein dramatisk tenor.

Desdemona

endre

I operaen fell eit særskilt lyse på Desdemona. Ho er ein engel, ikkje bare i kraft av Shakespeare si karakterisering av rollen, men i endå høgare grad takka vere den fortrollande musikken til Verdi. Ho har ein aura av foruretta uskuld og ein karakter som gjer henne nærskild med dronning Elisabeth i Don Carlos.

 
Kirsten Flagstad som Desdemona 1921.

Otello og Desdemona

endre

Kjærleiksduetten som endar første akta er ein overraskande moderne måte til å nærma seg duettforma. Sjølve tilstanden er ei oppfinning av Boito, frittståande frå Shakespeare. Ifølgje teksta handlar det om eit tilbakeblikk, som er meint å inkludera handlingsmotivet frå den strokne Venezia-delen i konteksten til operaen.

Personar

endre
  • Otello, av maurisk opphav, leiar for den venetianske flåten og statthaldar over Kypros for republikken Venezia (tenor)
  • Desdemona, kona til Otello (sopran)
  • Jago, fenriken til Otello (baryton)
  • Cassio, løytnant i livvakta (tenor)
  • Roderigo, venetiansk adelsmann (tenor)
  • Lodovico, sendebod frå Venezia (base)
  • Montano, Otello sin stadfortredar som statthaldar over Kypros (base)
  • Ein herold (bass)
  • Emilia, kona til Jago (mezzosopran)
  • Soldatar og sjømenn frå Venezia. Innbyggjar på Kypros. Krigarar frå Hellas, Dalmatia og Albania. Barn. Ein vertshusvert. Fire oppassarar (kor)

Handling

endre
Enrico Caruso og Titta Ruffo syng «Sì, pel ciel marmoreo giuro!». Opptak frå 1914.

Operaen går føre seg i ein kystby på Kypros på slutten av 1400-talet. Forestillinga varer kring tre timar.

Akt 1

endre

Kypros på 1400-talet. Skipet til Otello går inn i hamna etter eit sigerrikt felttog mot tyrkarane. Det rår full storm og på landet er det stor otte at skipet skal forlisa. Jago, som er skuffa og avundsjuk for at Cassio er blitt utnemnd til kaptein, byrjar å intrigera for at Cassio skal falla i unåde. Han får Cassio og Montano å duellera, og Otello degraderer Cassio. Akta endar med ein kjærleiksscene mellom Desdemona og Otello.

Akt 2

endre

Jago bestemmer seg for å bryta ned Otello, og deklamerer filosofien og trua si («Credo»). Han lurer Cassio til å prøva å innynda seg hjå Desdemona for å få tilgjeving frå Otello, og samtidig prøver han gjera Otello sjalu gjennom å antyda at Cassio vitjar Desdemona. Jago stel lommetørkleet til Desdemona, som var ei kjær gåve frå Otello. Vidare får Otello til å sverja hemn, og han får støtte av Jago (eid-duetten).

Akt 3

endre

Otello skulder Desdemona for å vera utru, men ho sver seg uskuldig. Jago spør Cassio om kjærleikslivet hans med ei Bianca, noko Otello tolkar som ei innrømming av utruskapen til Desdemona. Jago drar så fram lommetørklet som det siste beviset. Trompetar melder at ambassadøren Ludivico er på veg. Før Otello møter gjestane, utnemner han Jago til kaptein. Under festen kunngjer Ludovico at Otello er kalla til Venezia og Cassio skal bli den nye guvernøren. Otello fornærmar Desdemona offentleg.

Akt 4

endre

Desdemona gjer seg klar til å leggja seg, og ber «Ave Maria». Otello kjem inn i soverommet og vil tvinga henne til å innrømma utruskap. Etter at ho har sagt at ho er uskuldig tre gonger kveler han henne. Då hastar Emilia inn og fortel gråtande at Cassio har drepe Roderigo. Ho ser den døyande Desdemona og kallar på hjelp. Jago, Lodovico og Cassio hastar inn. Emilia innser då korleis vanvitet byrja og avslører svikte til mannen sin. Jago rømmer og Otello tek livet sitt med ein dolk og seier farvel til kona si.

Kjelder

endre
  1. 1,0 1,1 1,2 Alfred Einstein, Music in the Romantic Era (1947)
  2. Kungliga teatern : repertoar 1773-1973 : opera, operett, sångspel, balett, Stockholm 1974, Skrifter från Operan, 0282-6313 ; 1. Libris 106704. 
  3. Folkoperan Arkivert 19. mars 2012 på Wayback Machine.
  • Gademan, Göran: Operahistoria, Gidlund, Möklinta 2015. ISBN 9789178449293. Libris 17853406. 
  • Musiklexikon : musik i ord och bild  : alfabetiskt uppställd med omkring tvåtusen illustrationer, Kulturhistoriska förl, Göteborg 1982. Libris 367546. 
  • Opera : kompositörer, verk, uttolkare / utgivare András Batta ; lektör Sigrid Neef ; [översättning från tyska: Kjell Waltman], Könemann, Köln 2005. ISBN 3-8331-1884-9. Libris 10110147. 
  • Rabe, Julius: Radiotjänsts operabok : tolv operor beskrivna för radiolyssnarna. [1], Radiotjänst, Stockholm 1939. Libris 8224610. 
  • Ralf, Klas: Operakvällar : Röda volymen, Forum, Stockholm 1955. Libris 8222030. 
  • Sandberg, Ingrid: Våra populäraste operor och operetter. Bd 1, Hermes, Björkman & Ericson, Uddevalla 1943. Libris 420180. 
  • Sørensen, Inger: Operalexikonet, Forum, Stockholm 1993. ISBN 91-37-10380-6. Libris 7256161. 
  • Wenzel Andreasen, Mogens: Operans värld : ett lexikon över kompositörer, roller och innehåll i våra vanligaste operor, Rabén & Sjögren, Stockholm 1990. ISBN 91-29-59233-X. Libris 7236411. 

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Otello av Verdi