For nasjonalparken på Sørøya med same namn, sjå Paparoa National Park. For fjellrekkja, sjå Paparoafjella.

Paparoa er ein busetnad i regionen NorthlandNew Zealand, om lag ein og ein halv times biltur nord for Auckland. Elva Paparoa Stream renn frå aust gjennom busetnaden og inn i Paparoa Creek som går mot sør og renn saman med Arapaoa-elva som er ein del av Kaipara Harbour. Riksvegen State Highway 12 går òg gjennom Paparoa. Matakohe ligg seks km mot sørvest, og Maungaturoto 12 km mot aust.[3][4] Namnet Paparoa kjem frå maorispråk, og tyder 'lang, flat stein'.

Paparoa
Horisonten til Paparoa
Horisonten til Paparoa
Styresmakter
Land
Region
Distrikt
New Zealand
Northland
Kaipara
Geografi
Innbyggjarar
 - By (6. mars 2018; 30. juni 2020)

363,[1] 380[2]
Koordinatar 36°5′54″S 174°14′22″E / 36.09833°S 174.23944°E / -36.09833; 174.23944

Historie

endre

Paparoa var ein av fleire busetnadar i Kaipara som vart grunnlagd av ei religiøs gruppe kjend som Albertlanders. Port Albert nær Wellsford var den viktigaste busetnaden deira, Matakohe var ein annan.[5] Dei slo seg ned i Paparoa i 1863. Jorda vart svidd av slik at dei kunne så korn og gras.[6] I 1865 vart det bygd ein veg til hamna i Pahi, og kort etter ein til Matakohe.[7] Eit pottemakeri og ein fabrikk som laga tauverk og matter av Phormium (P. cookianum eller P. tenax) var i drift i 1870-åra, og der vart oppretta teglverk, men verksemdene måtte lida under dårlege vegar og høge fraktkostnadar. Dei næraste butikkane låg i Pahi, nesten ti km mot sør.[8]

Dampbåten «Minnie Casey» batt frå 1882 Paparoa saman med Helensville på sørsida av Kaipara med ei rute ein gong i veka. S.S. «Ethel» tok over frå 1891-95, etterpå gjekk ruta berre til Matakohe og Pahi.[9] Vegnettet i området vart utbetra i 1880- og 1890-åra.[10]

I 1890-åra hadde Paparoa 35 familiar og kring 200 busette, Dei fleste hadde slått seg ned langs breiddene til Paparoa-elva. Medrekna Pahi var der 400 pmenneske i området. Til 1906 var folketalet i Paparoa dobla.[11] Det vart rydda beiteland i området, og eit meieri vart opna i Paparoa i januar 1895.[12]

Jarnvegslinja North Auckland railway line nådde Huarau, aust for Paparoa, tidleg på 1920-talet. Det var planlagt eit spor gjennom Paparoa, men dette vart det aldri noko av.[13]

Kjelder

endre
  1. 1,0 1,1 http://nzdotstat.stats.govt.nz/wbos/Index.aspx?DataSetCode=TABLECODE8318.
  2. 2,0 2,1 http://nzdotstat.stats.govt.nz/wbos/Index.aspx?DataSetCode=TABLECODE7981.
  3. Peter Dowling, red. (2004). Reed New Zealand Atlas. Reed Books. s. kart 7. ISBN 0-7900-0952-8. 
  4. Roger Smith, GeographX (2005). The Geographic Atlas of New Zealand. Robbie Burton. s. kart 30. ISBN 1-877333-20-4. 
  5. Sir Henry Brett og Henry Hook (1927). The Albertlanders: Brave Pioneers of the 'Sixties. s. 234. 
  6. Wayne Ryburn (1999). Tall Spars, Steamers & Gum. Auckland. s. 19, 20. ISBN 0-473-06176-7. 
  7. Ryburn, s. 35-36
  8. Ryburn, s. 48-49, 60
  9. Ryburn, s. 75, 79
  10. Ryburn, s. 89-92
  11. Ryburn, s. 54, 62, 64, 69
  12. Ryburn, s. 64
  13. Ryburn, s. 184-185, 190

Bakgrunnsstoff

endre