Opna hovudmenyen
Helensville
Styresmakter
Land
Øy
Region
Distrikt
New Zealand
Nordøya
Auckland
Rodney
Geografi
Innbyggjarar
 - By (2006)

2532
Koordinatar 36°40′48″S 174°27′0″EKoordinatar: 36°40′48″S 174°27′0″E
Plassering
Helensville is located in New Zealand
Parakai, Helensvile

Helensville er ein småby på NordøyaNew Zealand. Han ligg 40 km nordvest for Auckland, nær den sørlege utstrekkinga til den naturlege hamna Kaipara Harbour. Innbyggjartalet ved folketeljinga i 2006 var 2 532.[1]

Helensville er også namnet på eit valdistrikt til Parlamentet.

HistorieEndra

Landområdet kring Helensville var opphavleg kalla Te Awaroa av maoriane, dette tyder «den lange stien» eller «den lange elvedalen». Dei første europeiske nybyggjarane i distriktet var skotske sagbruksfolk av familien McLeod, som kom til New Zealand frå Nova Scotia. John McLeod bygde i 1862 eit hus kan kalla «Helen's Villa» til ære for kona si, og dette vart ganske snøgt namnet til busetnaden omkring. Huset står framleis i tilnærma opphavleg stand.[2]

Byen voks opp kring sagbruksverksemder med grunnlag i hogst av kauritreet, men frå byrjinga av det 20. hundreåret vart jordbruk og meieridrift stadig viktigare. Han vart også eit turistsenter på grunn av dei varme kjeldene tre kilometer vest for byen ved Parakai.

NæringslivEndra

Sjølv om byen ikkje lenger er eit senter for skog- eller meieribruk, er han enno ein turistattraksjon, først og fremst på grunn av dei mange historiske bygningane der, dei varme kjeldene og flyplassen ved Parakai, og fordi han ligg nær Auckland. Han har også hatt positiv verknad av det nærliggjande vinproduserande distriktet kring Kumeu, 20 km mot sør. Der er òg ei aukande utbygging av fritidsbustadar i området.

UtdanningEndra

I byen ligg grunnskulen Helensville Primary School, og ein vidaregåande skule, Kaipara College med kring 700 elevar.

TransportEndra

 
Eit gammalt damplokomotiv på jarnvegsstasjonen i Helensville.

JarnvegEndra

Helensville ligg ved North Auckland Line og er den første større jarnvegsstasjonen nord for Waitakere. Jarnvegslinja mellom Helensville og Riverhead opna i 1875. Stasjonsbygningen er enno den opphavlege trebygningen frå 1880 som er blitt restaurert.

I 1980 blei det siste passasjertoget mellom Helensville og Auckland stoppa. I juli 2008 opna eit prøveprosjekt med eit pendlartog til Auckland, men linja fekk ikkje nok passasjerar og blei avskaffa att i desember 2009.[2] Det går stadig godstog gjennom byen.[3]

ReferansarEndra

  1. Statistics New Zealand - folketeljinga i 2006
  2. 2,0 2,1 A Bit of History..., helensvillerail.org.nz 
  3. Mathew Dearnaley (Jul 14, 2008), «New commuter train services», The New Zealand Herald 

BakgrunnsstoffEndra