Passacaglia og fuge i c-moll
Passacaglia og fuge i c-moll (BWV 582) er eit orgelstykke av Johann Sebastian Bach. Det vart visstnok komponert tidleg i karrieren hans og er ein av dei mest kjende verka hans. Verket påverka mange passacagliaer på 1800- og 1900-talet:[1] Robert Schumann skildra variasjonane i passacagliaen som «fletta saman så genialt at ein aldri sluttar å forbause seg».[2]
BWV 582 Passacaglia og fuge av Johann Sebastian Bach | |||
| |||
Sjanger | Orgel | ||
---|---|---|---|
Periode | Barokken | ||
Komponert | 1708-1712 | ||
Publiseringsdato | 1867 | ||
Typisk lengd | 13:49 | ||
Satsar/akter | 2 | ||
Toneart | c-moll | ||
Instrumentering | orgel |
Generell informasjon
endreDet signerte manuskriptet av BWV 582 vert i dag rekna for tap. Verket, som er typisk for Bach og hans samtidige komponistar, er velkjend gjennom mange kopiar. Ein har funne nokre bevis som tyder på at orginalen vart notert i orgeltabulatur.[3] Ein kjenner ikkje til nøyaktig kva tid Bach komponerte verket, men i perioden mellom 1706 og 1713 er mest truleg. Han vart kanskje komponerte i Arnstadt like etter Bach kom attende frå Lübeck[3][4] (der han kan ha studert Buxtehude sine ostinatoverk).
Den første halvdelen av ostinatoen i passacagliaen, som òg fungerer som hovudtemaet i fugen, vart truleg teken frå eit kort verk av den franske komponisten André Raison, Christe: Trio en passacaille frå Messe du deuxieme ton i Premier livre d'orgue.[5][6] Det er mogeleg at den andre halvdelen av ostinatoen òg var frå Raison, basslinja Christe: Trio en chaconne frå Messe du sixieme ton i den same publikasjonen er særs lik.[5] Sjå Døme 1 for temaa til Bach og Raison.
Somme musikkforskarar meiner Raison ikkje påverka Bach her. Verket til Bach deler dei same trekka som andre nordtyske ostinato-verk, mellom anna Buxtehude sine to chaconner (BuxWV 159–160) og ein passacaglia (BuxWV 161) og det er ein klår påverknad frå Pachelbels chaconner i fleire variasjonar og i den heilskaplege strukturen.[7]
I populærkultur
endre- Eit arrangement av delar av passacagliaen kan høyrast to gonger i Dåpssekvensen i filmen Gudfaren, i lag med andre orgelstykke og slutten av preludiumet frå BWV 532, som avsluttar sekvensen.
- Ei orkesterutgåve av passacaglia vert spelt i opninga av fimlen White Nights frå 1985 der Mikhail Barysjnikov framførerer balletten Le Jeune Homme Et La Mort.
- Ein liten del av ein pianotranskribsjon vert spelt i Life Aquatic with Steve Zissou, framført av Angela Hewitt.
- Ei jazztolking av BWV 582 vart innspelt av fløytisten Hubert Laws for konsertalbumet hans Carnegie Hall i 1973 (CTI Records). Studioutgåve av denne finst på albumet Afro-Classic frå 1970.
- Passacagliaen finst på Robert Fripp-albumet The Bridge Between.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Passacaglia and Fugue in C minor, BWV 582» frå Wikipedia på engelsk, den 25. april 2010.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Peter F. Williams. The Orgel Music of J. S. Bach. Cambridge University Press, 2003. ISBN 0-521-81416-2
- Christoph Wolff. Johann Sebastian Bach: The Learned Musician. Oxford University Press, 2000. ISBN 0-19-924884-2
- Yoshitake Kobayashi. The varietion principle in J. S. Bach's Passacaglia in C-moll BWV 582, in: Daniel R. Melamed (ed.) Bach Studies 2. Cambridge University Press, 1995. ISBN 0-521-47067-6
- Christoph Wolff. «Johann Sebastian Bach», Grove Music Online, red. L. Macy (henta 15 desember 2006), grovemusic.com (krev medlemskap)
- H. Joseph Butler. «André Raison», Grove Music Online, red. L. Macy (henta 15 desember 2006), grovemusic.com (krev medlemskap)
- Alexander Silbiger. «Passacaglia», Grove Music Online, red. L. Macy (henta 15 desember 2006), grovemusic.com (krev medlemskap)
- Marie-Claire Alain - sleeve notes for CD recording Bach: Complete Orgel Works vol.14. Erato, 1993. Cat. 4509-96747-2, (originally in French, translated by Stewart Spencer)
Referansar
endreBakgrunnsstoff
endre- Tim Smith's interaktiv hypermediastudie Arkivert 2007-02-10 ved Wayback Machine. av BWV 582 med analyse av Smith, Parsons og framført av James Pressler (krev Shockwave)
- Passacaglia og fuge i c-moll: Fritt tilgjengelege notar på International Music Score Library Project.
- Notar og MIDI-fil på Mutopia Project
- In the BBC Discovering Music: Listening Library