Opna hovudmenyen

Paul V. Franklin (fødd 31. mai 1954)[1] er ein amerikansk multi-instrumentalist, hovudsakleg kjend som steelgitarist. Han byrja karrieren sin i 1970-åra som medlem av turnebandet til Barbara Mandrell og turnerte i tillegg med Mel Tillis og Jerry Reed. Han har sidan vorte ein aktiv studiomusikar i Nashville og spelt på over 500 album.[2][3] Han har av Academy of Country Music blitt kåra til beste steelgitarist ved fleire høve.[2] I tillegg til pedalsteelgitar og lapsteelgitar, spelar Franklin dobro, fele og trommer,[2] i tillegg til tre sjølvlaga instrument kalla Pedabro, The Box og baryton steelgitar.

Paul Franklin
Paul Franklin.jpg
Fødd31. mai 1954 (65 år)
FødestadDetroit
OpphavDetroit i USA
Aktiv1970-åra til i dag
SjangerCountry, rock
InstrumentPedalsteelgitar
Lapsteelgitar
Barytonsteelgitar
The Box
Dobro
Fele
trommer
Pedabro
Tilknytte artistarVince Gill, Mark Knopfler, Dire Straits, Barbara Mandrell, Jerry Reed, Mel Tillis
Verka sommusikar, gitarist, låtskrivar

SamarbeidEndra

Franklin har arbeidd med mange kjende artistar gjennom karrieren, som Mark Knopfler og Dire Straits, Barbara Mandrell, Rodney Crowell, Notting Hillbillies, Sting, Peter Frampton, George Strait, Alan Jackson, Faith Hill, Shania Twain, Barbra Streisand, Reba McEntire, Patty Loveless, Kathy Mattea og Megadeth.

Franklin er medlem av The Time Jumpers, eit country- og bluegrassband. I juli 2013 gav han og Vince Gill ut eit album kalla Bakersfield.[4]

DiskografiEndra

StudioalbumEndra

Tittel Album Plassering
US Country US
Bakersfield (med Vince Gill) 4 25

KjelderEndra

  1. U.S. Public Records Index Vol 1 (Provo, UT: Ancestry.com Operations, Inc.), 2010.
  2. 2,0 2,1 2,2 Dillon, Charlotte. «Paul Franklin biography». Allmusic. Henta 29. januar 2008. 
  3. Fabian, Shelly (2005). «Paul Franklin - 2005 CMA Nominee profile». About.com. Henta 29. januar 2008. 
  4. «Vince Gill Reveals Cover Art, Track Listing + Release Date for New Album With Paul Franklin». Theboot.com. 5. juni 2013. Henta 4. januar 2015. 

BakgrunnsstoffEndra