H to He, Who Am the Only One

H to He, Who Am the Only One
Studioalbum av Van der Graaf Generator
Språk engelsk
Utgjeve Desember 1970
Innspelt Juni–November 1970
Studio Trident i London i England
Sjanger Progressiv rock[1][2]
Lengd 47:15
Selskap Charisma (UK)
Dunhill (US)
Produsent John Anthony
Van der Graaf Generator-kronologi 
The Least We Can Do Is Wave to Each Other
(1970)
H to He, Who Am the Only One Pawn Hearts
(1971)


H to He, Who Am the Only One er det tredje studioalbum det engelske progressive rockebandet Van der Graaf Generator. Det kom ut i 1970 på Charisma Records.

Bandet spelte inn albumet i fleire periodar i midten av 1970 i Trident Studios med produsenten John Anthony. Songane nemner ein drapshai i «Killer», tapt kjærleik på «Lost» og science fiction-materiale på «Pioneers Over c». Bassisten Nic Potter slutta i gruppa i august, halvvegs gjennom innspelinga, medan organisten Hugh Banton tok over på bassgitar i studio og spelte basspedalar på konsertane. Robert Fripp frå King Crimson var gjesteartist på gitar, og plateomslaget var det første av fleire for bandet laga av Paul Whitehead.

Albumet gjekk ikkje inn på albumlista i Storbritannia, og det fekk middels omtale då det kom ut, men har sidan blitt trekt fram som eit godt progrockalbum av kritikarane. «Killer» har vore ein fanfavoritt gjennom åra.[3]

Bakgrunn endre

Det førre albumet deira, The Least We Can Do Is Wave to Each Other (februar 1970) hadde selt nokså godt og vart kritikarrost i Storbritannia og Europa.[4] Det neste prosjektet deira var eit forsøk på å spele inn musikk til filmen Eyewitness i 1970, men det vart avvist, hovudsakleg fordi det var for skummelt.[5] Dei byrja å få større publikum på konsertane sine i 1970, og rekna filmregissøren Anthony Minghella blant fansen sin, men ting gjekk nedover ein konsert i Royal Festival Hall i juni som fekk ei negativ melding av Chris Welch i Melody Maker.[6] På denne tida valde bandet å skrive nye songar for eit oppfølgjaralbum.[7]

Den første songen dei prøvde seg på var «Killer», som kom ut av ei øving der dei prøvde å setje saman fragment av songar i eit forsøk på å skape noko som kunne bli selje godt. Songen vart sett saman av ein grunnleggande songstruktur av Peter Hammill frå 1968, ein gammal song skriven av Judge Smith kalla «A Cloud as Big as a Man's Hand», og eit rockeriff komponert av organisten Hugh Banton, som han seinare sa var inspirert av The Move sin «Brontosaurus». Teksten refererer til ein hai i havet, som vert einsam etter å ha drepe alt saman.[7] «Killer» vart raskt ein konsertfavoritt hos fansen, og signaturlåten til bandet.[3]

Hammill skreiv «The Emperor in His War Room» om ein tyrann som torturerer folk indiskrimerande, men som til slutt vert heimsøkt av dei han plaga. Musikken var sett saman av to stykke, ei mørk opning og ein avslutning kombinert med ein bassdriven rockedel i midten.[8] «Lost» var ein streit song om tapt kjærleik, noko som var utypisk for bandet.[9]

«Pioneers Over c» vart skriven av Hammill og saksofonisten David Jackson i lag. Songen har eit sterkt science fiction-element og handla om ei gruppe astronautar som klarar å reise raskare enn lysfarten (derfor «c» i tittelen, symbolet for lysfarten). Som følgje av dette går dei inn i eit tidssprang og oppleverer ein «levande død», der tida passerer dei på ein ikkje-lineær måte, og dei klarar ikkje å kome attende til jorda. Heile bandet arrangerte songen og kom opp med musikalske tema som passa temaet i teksten om isolasjon og frykt.[10]

Det siste sporet skriven for albumet var «House with No Door». Hammill skreiv songen på eit piano om noko som har vanskar å danne venskap eller ha meiningsfull kontakt med andre folk. Songen var ein av fleire der Hammill brukte eit hus som metafor, som han kom til å bruke i seinare soloarbeid.[11]

Innspeling endre

Som med tidlegare Van der Graaf Generator-album, samarbeidde bandet med produsenten John Anthony i Trident Studios, som hadde etablert eit godt arbeidsforhold med bandet.[11] Men innspelinga for H to He var sporadisk og skjedde innimellom konsertane deira i 1970.[7]

Hammill ønskte at gitaristen og bandleiaren i King Crimson, Robert Fripp, skulle spele på «The Emperor In His War Room». Fripp hadde aldri spelt som studiomusikar før, men hadde likt å lytte til The Least We Can Do ... og vart overtalt om å bli med av Anthony. Jackson hugsa at Fripp «sette opp alle greine sine, sette hovudtelefonane på, og byrja å gli bort.»[8] Fripp spelte gitarparten sin to gonger, etter aldri å ha høyrt sporet før, og ei blanding av dei to opptaka kom med på den endelege innspelinga. Fripp har sidan introdusert Anthony som «fyren som gav meg den første gjesteinnspelinga».[12] Fripp kom til å samarbeide med Van der Graaf Generator igjen på det neste albumet deira, Pawn Hearts, som kom ut året etter.[13]

Gruppa tok ein pause frå innspelinga for å spele fleire festivalar gjennom sommaren 1970. I juli spelte dei på festivalar i München og Aachen med Deep Purple, Pink Floyd, Black Sabbath og Fairport Convention.[9] I august spelte gruppa ein konsert på BBC Radio 1-programmet «In Concert», som inkluderte «Killer», og dei spelte på den 10. National Jazz and Blues Festival i Plumpton den 9. august.[14]

Like etter konserten, slutta bassisten Nic Potter i bandet, før albumet var ferdig innspelt (han spelte på «Killer», «The Emperor in His War Room» og «Lost»).[14] Gruppa hadde Dave Anderson, ein scenearbeidar for Brinsley Schwarz som var ein ven av Van der Graaf Generator, på prøvespel. Hn [15] Men gruppa sleit med å få til ein samanhengde lyd på øvingane.[16] Som eit alternativ føreslo Banton, som hadde bakgrunn i klassisk orgel og kyrkjeorgel, at han kunne spele basspartia på basspedalar i staden, og kjøpte eit Hammondorgel i tillegg til Farfisa-orgelet han alt hadde. Anderson gjekk attende til jobben som scenearbeidar.[17] For å ytterlegare utvide lydbiltet, byrja Jackson å arbeide med elektriske saksofonar, og spelte dei gjennom effektboksar som wah-wah-pedal.[18]

Banton valde å spele både bassgitar og orgel på resten av studioinnspelingane, sidan han kunne spele på begge instrumenta.[11] «Pioneers Over c» vart spelt inn i seksjonar i studio, og så redigert saman, noko som gjorde det umogeleg å framføre stykket på konsertane deira. Banton brukte ein oscillator som musikalsk instrument for å utfylle det lyriske temaet på songen.[10] I motsetnad var «House with No Door» i stor grad spelt inn på direkten i studio.[11] Gruppa likte desse innspelingane og dei esoteriske lydane dei skapte, trass i at fleire tema på albumet var nokså deprimerande.[19]

For å marknadsføre albumet drog bandet ut på Charisma sin «Six Bob Tour» i lag med Genesis og Lindisfarne. Sidan Van der Graaf Generator hadde vore lengst på Charisma, stod dei øvst på plakaten.[20]

Plateomslag endre

Plateomslaget vart teikna av Paul Whitehead, og var inspirert av «Pioneers Over c». Framsida var eit måleri han alt hadde ferdig, kalla «Birthday», som synte ei lysstråle fokusert på London, der Whitehead var fødd.[19] På innsida av omslaget var eit bilete kalla «Checkmate».[21] «H to He» i tittelen referer til fusjonen av hydrogenkjerner til heliumkjerner, ein grunnleggande eksotermisk reaksjon mellom sola og stjernene.[22]

DEn første amerikanske utgåva av albumet var på Dunhill Records-avdelinga til ABC Records. Denne har eit anna omslag med ein kvit bakgrunn i staden for rosa.[23] Den noko billigare nyutgjevinga på «Charisma Classics» tidleg i 1980-åra hadde eit blått omslag. Ein ommastra versjon av albumet kom med bonusspor i 2005.[24]

Whitehead kom til å lage fleire andre plateomslag for banet, og for andre artistar på Charisma,[19] som Genesis.

Mottaking endre

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic      [1]

Albumet kom ut i desember 1970[19] men selde ikkje så godt som The Least We Can Do, og gjekk heller ikkje inn på albumlista i Storbritannia. Charisma håpa gruppa kunne produsere ein singel til som «Refugees», som kom ut tidlegare på året. Det var noko interesse i å gje ut «Killer» på singel, men bandet la ned veto mot dette då dei ikkje ønskte å bli kategorisert som eit hardrockband.[19] Gruppa følte det var noko interessekonflikter med å ha Tony Stratton-Smith både som manager og eigar av plateselskapet.[19]

Samtidige meldingar av albumet var positive til middels. Melody Maker roste «dei brilliante songane»,[19] Sounds likte spelinga til Jackson og Record Mirror meinte bandet kom til å bli «ei av gruppe med størst sjanse til suksess i 1971».[21] Disc & Music Echo var mindre positive og klaga over at stilen deira var «særeigen, men stundom ganske keisam».[21]

Nyare meldingar har vore positive. I 2000 førte magasinet Q albumet opp på ei liste over dei beste progrockalbuma gjennom tidene og sa «strukturmessig var dei umiskjennelege. Ingen gitarar, berre tjukke, mørke lag av orgel og saksofon.»[2] Mike DeGagne i AllMusic gav albumet fire av fem stjerner og sa at «dei mørke tonane frå synthesizer og oscillator i lag med den særeigne og altfor illevarslande røysta til Peter Hammill gjer dette til ei av dei beste platene deira.»[1] Bruce Dickinson i Iron Maiden og Graham Coxon i Blur har begge snakka varmt om albumet.[2]

Innhald endre

Alle songar er skrivne av Peter Hammill, utanom der andre er nemnde.

Side ein
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Killer»Hammill, Chris Judge Smith, Hugh Banton8:24
2.«House with No Door» 6:37
3.«The Emperor in His War Room»

a. «The Emperor»

b. «The Room»
 8:15
Side to
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
4.«Lost»

a. «The Dance in Sand and Sea»

b. «The Dance in Frost»
 11:17
5.«Pioneers Over c»Hammill, David Jackson12:42
Bonusspor på 2005-utgåva
Nr.TittelLengd
6.«Squid 1 / Squid 2 / Octopus» (Spelt inn under innspelinga for Pawn Hearts)15:24
7.«The Emperor in His War Room» (første versjon)8:50

Medverkande endre

Henta frå plateomslaget[22]

Van der Graaf Generator endre

Andre medverkande endre

Teknisk endre

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre