Quinoa
(Omdirigert frå Perumelde)
- For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Quinoa av Tangerine Dream.
Quinoa (latin Chenopodium quinoa), tidlegare òg perumelde, er ein hardfør, næringsrik plante i amarantfamilien utvikla som matplante i Andes i oldtida. Frøa minnar om korn, men har eit høgare proteininnhald enn andre kornsortar, og inneheld jern, kalium og magnesium. Dei er dekt med eit harpiksstoff som må vatnast ut før dei kan takast i bruk. Blada kan brukast som salat.
Perumelde | |
Perumelde | |
Systematikk | |
Rike: | Planteriket Plantae |
Underrekkje: | Frøplantar Spermatophytes |
Orden: | Nellikordenen Caryophyllales |
Familie: | Amarantfamilien Amaranthaceae |
Underfamilie: | Meldefamilien Chenopodioideae |
Stamme: | Atripliceae |
Slekt: | Melde Chenopodium |
Art: | Perumelde C. quinoa |
Vitskapleg namn | |
Chenopodium quinoa |
Quinoa er ein eittårig plante som veks i fjella i Bolivia, Chile, Ecuador og Peru. Han kan veksa opptil 4000 moh.
Quinoa kan kokast som ris eller kan brukast i bakverk, supper og graut. Han vert nytta i glutenfrie kornblandingar. Eksempel på mat som kan lagast av quinoa er krokettar, pannekaker, brød og bollar. Ein variant av chicha vert laga av gjæra quinoa.
Kjelder
endre- Namnet «perumelde» frå Tøyen botaniske hage (Naturhistorisk museum)
- Quinoa ved matvareguiden.no
- Quinoa ved mineoppskrifter.no
- Quinoa – i rødt, hvitt og svart! Arkivert 2016-06-24 ved Wayback Machine. (31.01.2012), Norsk cøliakiforening, ncf.no
- «quinoa» (27.02.2013) i Store norske leksikon, snl.no.
- Quinoa - et godt alternativ til ris ved treningsforum.no