Petrus Apianus
Petrus Apianus (16. april 1495–21. april 1552) var ein tysk astronom, geograf og kartograf. Han dreiv òg eit trykkeri.
Petrus Apianus | |||
| |||
Fødd | Peter Bienewitz 16. april 1495 Leisnig | ||
---|---|---|---|
Død | 21. april 1552 Ingolstadt | ||
Nasjonalitet | Kurfyrstedømet Sachsen | ||
Område | matematikk, geometri, trigonometri, kosmologi, astronomi, astronomisk observatorium, kartografi, geografi, forlagsverksemd | ||
Yrke | matematikar, astronom, kartograf, universitetslærar, kosmograf, forleggjar, geograf, trykker, redaktør | ||
Institusjonar | Universitetet i Ingolstadt | ||
Alma mater | Universitetet i Leipzig Universitetet i Wien | ||
Barn | Philipp Apian |
Liv og virke
endreBakgrunn
endreDet opphavlege namnet hans var Peter Bennewitz eller Bienewitz (Biene-witz i tydinga Bienen-dorf; latinsk apis vert på tysk «Biene», på norsk tyder det «bia»). Faren hans var skomakar. Familien var relativt velståande, og var blant middelklasseborgerskapet i Leisnig. Apianus vart utdanna ved latinskolen i Rochlitz.
Studiar
endreApian studerte først ved Leipzigs universitet (1515-1519 - det va då han latiniserte etternamnet sitt) og heldt så fram studia i Wien (til 1523), for å vera disippel under Georg Tannstetter, som på den tida prega Wiens universitet som humanistisk danna matematikar, astronom og astrolog.[1] Apian uttrykte sin respekt for han ved seinare å dedisera ei av bøkane sine til Tannstetter.
Professor og forskar
endreApianus vart i 1527 professor i matematikk ved universitetet i Ingolstadt, sjølv om han berre hadde den akademiske graden baccalaureus. I Ingolstadt bygde han eit eige trykkeri (kalla Academia) der han blant anna trykte det viktige Tabula Hungarie (Ungarnkart) i 1528.
Han var ein framståande observatør av himmellekamane og rørslene deira og gjorde fastslo breiddegrader og lengdegrader ved hjelp av måneavstandar, endå temmeleg usikre på grunn av månetabellane sine upålitelighet. Han utvikllet vitskaplege instrument som tente til å kunna føreseia planetbanane ved hjelp av mekaniske modellar. Til dels var dette papirskiver som vart hefta inn i bøkane hans, og som lét seg dreia mot kvarandre. Korleis desse såkalte volvellene skulle betenast forklarte Apian nøyaktig i tekstene sine.[2]
I 1527 offentleggjorde han som første vestlege forfattar, og lengje før Blaise Pascal, ein variant av Pascal-trekanten, noko som tidlegare var vorte gjort og omtalt i arabiske og kinesiske verkar.
Han gjorde òg observasjonar av kometar som enno er brukbare, mellom dei Halleys komet i 1531. Komethalar forklarte han som skuggen til kometen, og hadde altså klårt for seg at dei var retta bort frå sola. (Uavhengig av Apianus kom òg Girolamo Fracastoro fram til det same.) Apianus utgav Dei cosmographie et geographie pricipiis sen cosmographicus liber i 1524 og Astronomicum Cæsareum i 1540 .
Apian stilte seg så til teneste for Karl V av Det ytsk-romerske riket som hoffmatematikar. Keisaren utnemnde under Riksdagen i Regensburg den 20. juli 1541, og brørne hans Georg, Gregor og Niclas, til riddarar («rittermäßigen Edelleuten»). Kort etter vart han utnemnd til Hofpfalzgraf.
Peter Apian var far til matematikaren og kartografen Philipp Apian.
Utval av verk
endre- Eigne skrifter
- Cosmographicus Liber. Landshut 1524
- Ein newe und wolgegründete underweisung aller Kauffmanns Rechnung …[3] Ingolstadt 1527 (ISBN 3-928671-11-1)
- Instrument Buch Ingolstadt 1533
- Astronomicum Caesareum Ingolstadt 1540
- Som utgjevar
- Novae Theoricae planetarum. Ingolstadt 1528
- Vitellionis Mathematici doctissimi Peri optikēs, id est de natura, ratione & proiectione radiorum visus, luminum, colorum atque formarum, quam vulgo perspectivam vocant. Nürnberg 1535 (hrsg. gemeinsam mit Tannstetter – dieser besorgte die Vorlage, Apian den Druck).
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Petrus Apianus» frå Wikipedia på bokmål, den 14. juli 2016.
- Wikipedia på bokmål oppgav desse kjeldene:
- Karl Röttel (utg.): Peter Apian. Astronomie, Kosmographie und Mathematik am Beginn der Neuzeit. Mit Ausstellungskatalog. 2. Aufl., Eichstätt 1997 (ISBN 3-928671-12-X) (Inhalt)
- Dietrich Wattenberg: Peter Apianus und sein Astronomicum Caesareum. Leipzig 1967.
- Karl Christian Bruhns: Apian, Peter. I Allgemeine Deutsche Biographie (ADB). Bind 1, Duncker & Humblot, Leipzig 1875, s. 505 f.
- Mal:NDB
- Christian Kahl: «Petrus Apianus» i Biographisch-Bibliographisches Kirchenlexikon (BBKL). Band 24, Nordhausen 2005, ISBN 3-88309-247-9, Sp. 107–114.
- Svensk uppslagsbok. Lund 1929
- ↑ Wattenberg: Apianus, s. 7
- ↑ Ralf Kern: Wissenschaftliche Instrumente in ihrer Zeit. Band 1: Vom Astrolab zum mathematischen Besteck. Köln, 2010 . S. 330f.
- ↑ Im Gemälde "The Ambassadors" (1533) von Hans Holbein d. J. wiedergegeben (National Gallery, London)
Bakgrunnsstoff
endre- O’Connor, John og Robertson, Edmund F. «Petrus Apianus». MacTutor History of Mathematics archive. Universitetet i St. Andrews.
- Petrus Apianus.
- Astronomicum Caesareum Arkivert 2009-06-05 ved Wayback Machine. frå bibliotetet i ETH Zürich.
- Astronomicum Caesareum i Rare Book Room.
- Astronomicum Caesareum, Ingolstadt 1540 da www.atlascoelestis.com
- Electronic facsimile-editions of the rare book collection at the Vienna Institute of Astronomy
- Online Galleries, History of Science Collections, University of Oklahoma Libraries Arkivert 2021-11-13 ved Wayback Machine. High resolution images of works by and/or portraits of Petrus Apianus in .jpg and .tiff format.
- Horoscopion Apiani Generale…, Ingolstadt 1533 da www.atlascoelestis.com
- Cosmographiae Introductio, 1537 from the Collections at the Library of Congress
- Cosmographia, 1544 (1st edition was 1524)