Sørsalrygg
Sørsalrygg, tidlegare salflikfugl, Philesturnus carunculatus, (maori tieke), er ein sjeldan og trua trastestor sporvefugl som er endemisk for New Zealand. Arten levde tidlegare i skogshabitat over store delar av begge hovudøyane, men kom bort på grunn av innførte pattedyr. I dag lever arten på ei rekkje små øyar som resultat av innsats for reetablering av arten. Sørsalrygger finst ikkje på hovudøyane.
Sørsalrygg | |
Sørsalrygg, Philesturnus carunculatus rufusater, på Tiritiri Matangi Island Foto: Duncan Wright
| |
Status | |
Status i verda: Livskraftig | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Orden: | Sporvefuglar Passeriformes |
Familie: | Kokakofamilien Callaeidae |
Slekt: | Philesturnus |
Art: | Sørsalrygg P. carunculatus |
Vitskapleg namn | |
Philesturnus carunculatus |
Skildring
endreSørsalrygger er 25 centimeter og veg 70-80 gram, hannfuglar er tyngst. Heile fuglen har svart glinsande fjørdrakt, med raudbrun framdel av ryggen ('sâl') og raudbrun gump og haledekkarar. Nebb og føter er òg svarte. Ein hudfold som heng ned frå nebbrota er i klår oransje til raud farge. Hos den sørlege underarten har ungfuglar ein gjennomgåande sjokoladebrun til raudbrun fjørdrakt. Hudflikane er små og bleike. Ungfuglar hos den nordlege underarten liknar meir på vaksne, men manglar ei smal gulbrun stripe i fremre skiljet mellom svart og raudbrun sal som vaksne har. Desse fuglane beitar på bakken i skog, hoppar heller enn å flyge, og flyg sjeldan meir enn ca. 50 meter i kvart strekk.
Dette er fuglar som levde i skog og krattskog over begge hovudøyane. Då europeisk kolonisering tok til, starta ein rask tilbakegang av populasjonen grunna åtak frå innførte rotter, villkattar og mårdyr, slik at arten vart utrydda på Nordøya ca. innan år 1910 og på Sørøya litt seinare. Underarten frå Nordøya overlevde på Hen Island. Underarten frå Sørøya overlevde på småøyar i sør, ved Stewart Island/Rakiura. Populasjonen av begge underartar er i dag livskraftig grunna reetablering av arten på ei rekkje øyar utanom hovudøyane, men mange freistnader på å setje ut fuglar har mislukkast.
Sørsalryggparet vernar territorium gjennom heile året, dei markerer med song, eit kraftig 'tsjiit te-te-te-te', ofte i duett. Dei byggjer reiret i hole trestammar, bergsprekker eller i tette epifyttar, oftast lågt over bakken. Egglegging kan skje i perioden frå august til mai, og dei legg opp til fire kull i sesongen, kvart på 1-4 egg, oftast 2 eller 3. Forventa levealder er ikkje kjent, men ein kjenner eit individ som blei over 17 år.
Føda består hovudsakleg av virvellause dyr, supplert med frukt når tilgjengeleg.
Arten har status som endemisk verna og trua, bestanden estimert til ca. 6000 og 1200 individ for underartane rufusater og carunculatus høvesvis, og er aukande, men avhengig av vernearbeid.[1]
Underartane i rekkjefølgje etter Clementslista versjon 6.6 frå august 2011:[2]
- Philesturnus carunculatus rufusater, opphavleg på Nordøya og nærliggjande øyar
- Philesturnus carunculatus carunculatus, opphavleg på Sørøya
Kjelder
endre- Barrie Heather og Hugh Robertson, The Field Guide to the Birds of New Zealand (revised edition), Viking, 2005
- BirdLife International (2012) Species factsheet: Philesturnus carunculatus. Henta frå http://www.birdlife.org den 9. september 2012
Referansar
endre- ↑ BirdLife International 2012
- ↑ Clements, J.F.; T. S. Schulenberg; M.J. Iliff; B.L. Sullivan; C. L. Wood (august 2011), The Clements checklist of birds of the world: Version 6.6 (Excel spreadsheet), Cornell Lab of Ornithology, henta 7. januar 2012
Bakgrunnsstoff
endre- Videoar, bilete og lydopptak av sørsalrygger hos Internet Bird Collection