Another One Bites the Dust
Another One Bites the Dust Singel av Queen frå albumet The Game | ||
B-side |
«Don't Try Suicide» (USA), «Dragon Attack» (UK) | |
---|---|---|
Utgjeve | 22. august 1980 | |
Innspelt | 1980 | |
Sjanger | ||
Lengd | 3:35 | |
Selskap | ||
Komponist | John Deacon | |
Tekstforfattar | John Deacon | |
Låtskrivar(ar) | John Deacon | |
Produsent |
| |
Queen-kronologi | ||
«Play the Game» (1980) |
Another One Bites the Dust | «Need Your Loving Tonight» (1980)
|
«Another One Bites the Dust» er ein song av det britiske rockebandet Queen. Han var skriven av bassgitaristen John Deacon og kom ut på det åttande studioalbumet deira, The Game (1980). Songen vart ein verdsomfattande hit og nådde toppen av Billboard Hot 100 i USA, frå 4. til 18. oktober, og låg 15 veker inne på topp 10. Songen nådde òg andreplassen på Hot Soul Singles-lista og Disco Top 100-lista og sjuandeplassen på UK Singles Chart.[4][5] Songen er omtalt som den bestseljande singelen til Queen, med over sju millionar selde eksemplar.[6] Denne versjonen vart rangert på 34. plassen på lista Billboard's All-Time Top Songs.[7]
Songen vann prisen for årets rockesingel under American Music Award i 1981 og vart nominert til ein Grammy for beste rockesong.
Historie
endreBasslinja til John Deacon var inspirert av songen «Good Times» av discogruppa Chic.[8][9] I eit intervju med NME sa Chic-medlem Bernard Edwards «...den Queen-songen kom til fordi Queen-bassisten brukte å henge i studioet vårt».[10]
Innspelinga vart produsert av Reinhold Mack i Musicland Studios i München (Vest-Tyskland) og Deacon spelte nesten alle instrumenta sjølv: bassgitar, piano, rytme- og sologitar og handklapping. Roger Taylor la på ein tromme-loop og Brian May medverka med nok støy frå gitaren sin. Det er ingen synthesizerar på songen. Alle effektane er skapt med piano, gitarar og trommer, men lydbandet dei er spelt inn på vart sidan endra på forskjellig vis. Etter at Michael Jackson hadde sett bandet på ein konsert i Los Angeles, føreslo han for Freddie Mercury at dei burde gje «Another One Bites the Dust» ut på singel.[11] På tidlege konsertversjonar song trommeslagaren Roger Taylor solo på refrenget, medan heile studioversjonen er sungen av Mercury. Etter kvart som songen vart kjend, let bandet publikum syngje refrenget sjølv.
Musikkvideoen for «Another One Bites the Dust» vart filma i Reunion Arena i Dallas i Texas.[12] Songen finst òg på Greatest Hits frå 1981.
Tidleg i 1980-åra vart det hevda at det var ei maskert baklengsmelding på songen, der det vart hevda at når ein spelte refrenget baklengs, så kunne ein høyre «Decide to smoke marijuana»,[13] «It's fun to smoke marijuana»,[14] eller «Start to smoke marijuana».[15] Ein talsmann for Hollywood Records (selskapet til Queen) har nekta for at songen inneheld slike meldingar.[16]
Musikkvideo
endreMusikkvideoen for songen vart regissert av Daniella Green i 1980.[17]
Medverkande
endre- Freddie Mercury – solo- og korvokal
- Brian May – elektrisk gitar
- Roger Taylor – trommer
- John Deacon – bassgitar, rytmegitar, piano
Lister og salstrofé
endreVekeslister
endre
Originalutgåvaendre
|
Nyutgjevingendre
Årslisterendre
|
Gjennom alle tiderendre
|
Salstroféendre
|
Hollywood Records-miksar
endreDen første offisielle remixen av «Another One Bites The Dust» var Phase 5's Long Dusted B-Boy Version, som kom ut på samleplata BASIC Beats Sampler tidleg i 1992. Miksen inneheld eit nytt rap-vers av Money-B frå Raw Fusion og mange samplingar frå andre plater, som «Flash» av Queen sjølv, «The Breaks» av Kurtis Blow, «I Know You Got Soul» av Eric B. & Rakim, «Good Times» av Chic, «Hyperbolicsyllabicsesquedalymistic» av Isaac Hayes og «It's Too Funky in Here» av James Brown. Dave Ogilvie redigerte Phase 5-miksen for samlinga BASIC Queen Bootlegs. Ein annan miks av Onyx-produsenten ChySkillz var meint å vere med på same albumet med rapvers av Ice Cube, Hi-C og Manson. Ogilvie spelte òg inn sin eigen miks for albumet. Albumet vart aldri noko av, men alle fire versjonane er sidan gjevne ut.
Wyclef Jean-miks
endreAnother One Bites The Dust (Wyclef Jean Remix) Singel av Queen og Wyclef Jean med Pras og Free frå albumet Small Soldiers O.S.T og Ghetto Supastar | ||
Utgjeve | 20. november 1998 | |
Innspelt | 1998 | |
Sjanger | Hip hop | |
Lengd | 4:20 | |
Selskap | DreamWorks | |
Komponist | John Deacon | |
Tekstforfattar | John Deacon | |
Låtskrivar(ar) | John Deacon | |
---|---|---|
Produsent |
| |
Queen-kronologi | ||
«No-One but You (Only the Good Die Young)» (1997) |
Another One Bites The Dust (Wyclef Jean Remix) | «Under Pressure (Rah Mix)» (1999) |
Pras Michel-kronologi | ||
«What'cha Wanna Do» (1998) |
Another One Bites The Dust (Wyclef Jean Remix) | «Miss California» (2001)
|
I 1998 miksa den amerikanske rapperen Wyclef Jean songen for filmen Small Soldiers. Versjonen hans inneheld rapvers frå Pras Michel og Free, og musikk av Queen. Songen kom ut på Queen-samlinga Greatest Hits III i 1999,[52] og på debutalbumet til Pras, Ghetto Supastar, i 1998.
Singelen nådde femteplassen på lista i Storbritannia,[53]. Han nådde òg topp ti i Finland. Musikkvideoen for denne versjonen vart regissert av Michel Gondry.
Innhald
endre- Amerikansk CD-singel[54]
- «Another One Bites the Dust» (Radio Edit) (4:00)
- «Another One Bites the Dust» (LP Version) (4:20)
- «Another One Bites the Dust» (Instrumental) (4:17)
- «Another One Bites the Dust» (Acappella) (4:45)
- UK CD-singel[55]
- «Another One Bites the Dust» (New LP Version) (4:20)
- «Another One Bites the Dust» (Team 1 Black Rock Star Main Pass Mix) (4:46)
- «Another One Bites the Dust» (Team 1 Black Rock Star Radio Edit) (4:17)
- Tysk CD-singel[56]
- «Another One Bites the Dust» (Small Soldiers Remix) (4:20)
- «Rock and Roll (Part 2) (Dutch Remix)» (instrumental) (performed by Gary Glitter) (3:51)
- «Another One Bites the Dust» (Instrumental) (4:17)
- Tysk CD-singel[57]
- «Another One Bites the Dust» (Radio Edit) (4:00)
- «Another One Bites the Dust» (Instrumental) (4:17)
Lister
endreListe (1998–99) | Plassering |
---|---|
Austerrike (Ö3 austerriksk Topp 40)[58] | 23 |
Belgia (Ultratop 50 Flandern)[59] | 13 |
Belgia (Ultratop 40 Vallonia)[60] | 29 |
Finland (Suomen virallinen lista)[61] | 7 |
Frankrike (SNEP)[62] | 62 |
Tyskland (Media Control AG)[63] | 46 |
YEAR AND WEEK MANDATORY FIELDS FOR IRISH CHARTS | 11 |
Italia (FIMI)[64] | 20 |
Nederland (Nederlandsk Topp 40)[65] | 21 |
Nederland (Mega Single Top 100)[66] | 21 |
New Zealand (RIANZ)[67] | 9 |
Noreg (VG-lista)[68] | 20 |
Sverige (Sverigetopplistan)[69] | 50 |
Sveits (Schweizer Hitparade)[70] | 35 |
UK Singles (Official Charts Company)[53] | 5 |
Queen vs. The Miami Project
endreAnother One Bites the Dust (Cedric Gervais & Second Sun Radio Edit) Singel av Queen vs. The Miami Project frå albumet Another One Bites the Dust (The Miami Project Remixes) | ||
B-side |
«Another One Bites the Dust (Original Version)» | |
---|---|---|
Utgjeve | 2006 | |
Sjanger | House | |
Lengd | 3:22 | |
Selskap | Positiva | |
Komponist | John Deacon | |
Tekstforfattar | John Deacon | |
Låtskrivar(ar) | John Deacon | |
Produsent |
| |
Queen-kronologi | ||
«Flash (Vanguard Mix)» (2003) |
Another One Bites the Dust (Cedric Gervais & Second Sun Radio Edit) | «Say It's Not True» (2007)
|
Songen vart miksa på ny i 2006. Singelen nådde topp 40 i Storbritannia med ein 31. plass og var tilskriven Queen vs The Miami Project.[71] Hovudmiksen vart laga av Cedric Gervais & Second Sun og det vart laga ein ny musikkvideo. Andre miksar vart laga av Oliver Koletzki, A Skillz, Soul Avengerz og DJ Pedro & Olivier Berger .[72]
Innhald
endre- 7" biletdisk på vinyl
- «Another One Bites the Dust» (Cedric Gervais & Second Sun Radio Edit)
- «Another One Bites the Dust» (Original Version)
- CD-singel
- «Another One Bites the Dust» (Cedric Gervais & Second Sun Radio Edit)
- «Another One Bites the Dust» (Cedric Gervais & Second Sun Vocal Mix)
- «Another One Bites the Dust» (Oliver Koletski Remix)
- «Another One Bites the Dust» (A Skillz Remix)
- «Another One Bites the Dust» (Soul Avengerz Remix)
- «Another One Bites the Dust» (DJ Pedro & Oliver Berger)
- «Another One Bites the Dust» (Cedric Gervais & Second Sun Radio Edit) (video)
- Digital EP
- «Another One Bites the Dust» (Cedric Gervais & Second Sun Radio Edit)
- «Another One Bites the Dust» (Cedric Gervais & Second Sun Vocal Mix)
- «Another One Bites the Dust» (Oliver Koletski Remix)
- «Another One Bites the Dust» (A Skillz Remix)
- «Another One Bites the Dust» (Soul Avengerz Remix)
- «Another One Bites the Dust» (DJ Pedro & Oliver Berger)
Lister
endreListe (2006–07) | Plassering |
---|---|
Danmark (Tracklisten)[73] | 13 |
Finland (Suomen virallinen lista)[74] | 3 |
Tyskland (Media Control AG)[75] | 88 |
Italy (FIMI)[64] | 58 |
Nederland (Nederlandsk Topp 40)[76] | 30 |
Nederland (Mega Single Top 100)[77] | 49 |
Spania (PROMUSICAE)[78] | 9 |
UK Singles (Official Charts Company)[71] | 31 |
Captain Jack-versjonen
endreAnother One Bites the Dust Singel av Queen Dance Traxx featuring Captain Jack frå albumet Queen Dance Traxx 1 | ||
Utgjeve | 10. oktober 1996 | |
Sjanger | Eurodance | |
Lengd | 3:48 | |
Selskap | EMI, Elektra Records, EMI Records | |
Komponist | John Deacon | |
Tekstforfattar | John Deacon | |
Låtskrivar(ar) | John Deacon | |
---|---|---|
Produsent |
| |
Captain Jack-kronologi | ||
«Little Boy» (1996) |
Another One Bites the Dust | «Together and Forever» (1997)
|
I 1996 spelte Queen Dance Traxx og den tyske eurodance-gruppa Captain Jack inn songen for albumet Queen Dance Traxx 1 og gav songen ut på singel i oktober 1996. Songen nådde femteplassen i Finland og 12. plassen i Nederland. Musikkvideoen for denne versjonen vart regissert av Rudi Dolezal og vart filma i Berlin i Tyskland.
Innhald
endre- «Another One Bites the Dust» (Radio Mix) – 3:48
- «Another One Bites the Dust» (Club Mix) – 5:29
Miksa av Hal & Dj Ufuk a.k.a. Helmut Apel & Ufuk Yildirim
- «Another One Bites the Dust» (DJs Extended Mix) – 6:23
Lister
endreListe (1996–97) | Plassering |
---|---|
Austerrike (Ö3 austerriksk Topp 40)[79] | 33 |
Belgia (Ultratop 50 Flandern)[80] | 41 |
Finland (Suomen virallinen lista)[81] | 5 |
Tyskland (Media Control AG)[82] | 61 |
Nederland (Nederlandsk Topp 40)[83] | 12 |
Nederland (Mega Single Top 100)[84] | 14 |
Andre versjonar
endreI 1981 skreiv «Weird Al» Yankovic ein parodi av songen, kalla «Another One Rides the Bus». Denne versjonen vart spelt inn live på Dr. Demento Show og vart gjeven ut på debutalbumet hans.[85]
Songen var på rockelista til Kurt Cobain då han voks opp i Aberdeen i Washington, og den 10. oktober 1991, spelte Nirvana eit kort utdrag av songen (utan vokal) i byrjinga av konserten sin i Cleveland i Ohio eit par veker etter gjennombrotsalbumet deira Nevermind kom ut.[86]
Mellom 1991 og 1992 spelte Ice Cube ein hiphop-versjon av songen.
I 1997 gav det argentinske bandet Illya Kuryaki and the Valderramas ut ein versjon på spansk kalla «Otro Muerde el Polvo».
I 2004 song Gwen Stefani linja «Another one bites the dust» på den Pharrell Williams-produserte songen «Hollaback Girl» frå albumet Love. Angel. Music. Baby. Medan ho syng linja spelar blåserekkja basslinja til John Deacon. Songen vart ein singel året etter.
I 2010 vart songen sungen av Jonathan Groff i TV-serien Glee.[87]
Sampling
endreI 1981 vart songen sampla av Grandmaster Flash på «The Adventures of Grandmaster Flash on the Wheels of Steel».
I 1997 vart songen sampla av Foxy Brown og Jay Z på Trackmasters-miksen av singelen hennar «I'll Be».
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Another One Bites the Dust» frå Wikipedia på engelsk, den 5. juli 2016.
- ↑ Schaffner, Nicholas (1982). The British Invasion: From the First Wave to the New Wave. New York: McGraw-Hill. s. 254.
- ↑ Smith, Chris (2006). The Greenwood Encyclopedia of Rock History: From Arenas to the Underground, 1974-1980. Greenwood Press. s. 65. ISBN 0-313-32937-0.
- ↑ Breithaupt, Don; Breithaup, Jeff (2000). Night Moves: Pop Music in the Late '70s. New York: St. Martin's Press. s. 6. ISBN 978-0-312-19821-3.
- ↑ 4,0 4,1 4,2 4,3 «The Game – Awards». AllMusic. All Media Network. Henta 5. juli 2016.
- ↑ 5,0 5,1 "Archive Chart" UK Singles Chart. Official Charts Company. Henta 5. juli 2016.
- ↑ Furniss, Matters (2012). Queen – Uncensored On the Record. Coda Books Ltd. s. 63. ISBN 978-1-9085-3884-0.
- ↑ The Billboard Hot 100 All-Time Top Songs (40-31), arkivert frå originalen 27. mai 2012, henta 5. juli 2016. Billboard. Henta 16. juni 2014.
- ↑ Serpick, Evan. «Queen Biography». Rolling Stone. Arkivert frå originalen 18. februar 2011. Henta 11. april 2010.
- ↑ Biography – Chic, arkivert frå originalen 29. september 2007, henta 5. juli 2016. Billboard. Henta 5. juli 2016.
- ↑ «Good Times». Superseventies.com. Arkivert frå originalen den 7. juni 2016. Henta 11. april 2010. Excerpt from Bronson, Fred (1988). The Billboard Book of Number One Hits. Billboard Books.
- ↑ Sutcliffe, Phil (2009). Queen: The Ultimate Illustrated History of the Crown Kings of Rock. Voyageur Press. s. 155.[daud lenkje]
- ↑ «1980 The Game North American Tour». Ultimate Queen. Henta 5. juli 2016.
- ↑ Luman, Betty A. (30 Oktober 1981). «Subliminal smut hidden in rock-record lyrics». Telegraph Herald. United Press International. Henta 5. juli 2016.
- ↑ Epley, N.; Keysar, B.; Van Boven, L.; Gilovich, T. (2004). «Perspective Taking as Egocentric Anchoring and Adjustment». Journal of Personality and Social Psychology 87 (3): 327–339. PMID 15382983. doi:10.1037/0022-3514.87.3.327.
- ↑ Goldstuck, Arthur (1991). The Rabbit in the Thorn Tree: Modern Myths and Urban Legends of South Africa. Penguin Group. s. 87. ISBN 0140148078.
- ↑ Searcey, Dionne (9. januar 2006). «Behind the Music: Sleuths Seek Messages In Lyrical Backspin». The Wall Street Journal. Henta 11. april 2010.
- ↑ «Queen Promo Videos». Ultimatequeen.co.uk. Henta 25. desember 2015.
- ↑ Kent, David (1993). Australian Chart Book 1970-1992 (illustrated utg.). St Ives, N.S.W.: Australian Chart Book. s. 243. ISBN 0-646-11917-6.
- ↑ "Queen – Another One Bites The Dust – Austriancharts.at" (på tysk). Ö3 austerriksk Topp 40. Hung Medien. Henta 5. juli 2016.
- ↑ "Ultratop.be – Queen – Another One Bites The Dust" (på nederlandsk). Ultratop 50. Ultratop & Hung Medien / hitparade.ch. Henta 5. juli 2016.
- ↑ CHART NUMBER 1235 – Saturday, September 13, 1980, arkivert frå originalen 29. juli 2007, henta 5. juli 2016. CHUM. Henta 16. juli 2014.
- ↑ "RPM Top Singles." RPM. Library and Archives Canada. Retrieved 5. juli 2016.
- ↑ «Le Détail par Artiste» (på fransk). InfoDisc. Select «Queen» from the artist drop-down menu. Henta 30. juni 2013.
- ↑ "Queen - Another One Bites The Dust". Charts.de. Media Control. Henta 5. juli 2016.
- ↑ «Billboard Hits Of The World». Billboard 92 (44): 84. 1. november 1980. ISSN 0006-2510.
- ↑ 26,0 26,1 «I singoli più venduti del 1980» (på italiensk). Hit Parade Italia. Creative Commons. Henta 3. juni 2013.
- ↑ "Nederlandse Top 40 – Queen - Another One Bites The Dust search results" (på nederlandsk) Nederlandsk Topp 40. Stichting Nederlandse Top 40. Henta 5. juli 2016.
- ↑ "Dutchcharts.nl – Queen – Another One Bites The Dust" (på nederlandsk). Mega Single Top 100. Hung Medien / hitparade.ch. Henta 5. juli 2016.
- ↑ "Charts.org.nz – Queen – Another One Bites The Dust". Top 40 Singles. Hung Medien. Henta 5. juli 2016.
- ↑ «South African Rock Lists Website SA Charts 1969 – 1989 Acts (Q)». Rock.co.za. Henta 5. juli 2016.
- ↑ Salaverri, Fernando (September 2005). Sólo éxitos: año a año, 1959–2002 (på spansk) (1st utg.). Spain: Fundación Autor-SGAE. ISBN 84-8048-639-2.
- ↑ "Swedishcharts.com – Queen – Another One Bites The Dust". Topp 60. Hung Medien. Henta 5. juli 2016.
- ↑ "Queen – Another One Bites The Dust – swisscharts.com". Den sveitsiske singellista. Hung Medien. Henta 5. juli 2016.
- ↑ CASH BOX Top 100 Singles – Week ending OCTOBER 4, 1980, arkivert frå originalen 15. september 2012, henta 5. juli 2016. Cash Box magazine. Henta 16. juli 2014.
- ↑ RECORD WORLD #1 HITS 1980, arkivert frå originalen 9. mai 2006, henta 5. juli 2016. Record World. Geocities.com. Henta 16. juli 2014.
- ↑ "Lescharts.com – Queen – Another One Bites The Dust / We Will Rock You" (på fransk). Les classement single. Hung Medien. Henta 5. juli 2016.
- ↑ «50 Back Catalogue Singles – 03/12/2011». Ultratop. Hung Medien. Henta 5. juli 2016.
- ↑ 38,0 38,1 «Forum – ARIA Charts: Special Occasion Charts – Top 100 End of Year AMR Charts – 1980s». Australian-charts.com. Hung Medien. Henta 16. juli 2014.
- ↑ «Jaaroverzichten 1980» (på nederlandsk). Ultratop. Hung Medien. Henta 16. juli 2014.
- ↑ «Top Singles – Volume 34, No. 6, December 20, 1980». RPM. Library and Archives Canada. Henta 16. juli 2014.
- ↑ «Top 100-Jaaroverzicht van 1980» (på nederlandsk). Nederlandsk Topp 40. Henta 16. juli 2014.
- ↑ «Jaaroverzichten – Single 1980» (på nederlandsk). Single Top 100. Hung Medien. Henta 16. juli 2014.
- ↑ «End of Year Charts 1980». Recorded Music New Zealand. Henta 21. november 2015.
- ↑ «Chart File». Record Mirror (London, England: Spotlight Publications): 37. 21. mars 1981.
- ↑ The CASH BOX Year-End Charts: 1980, arkivert frå originalen 15. september 2012, henta 5. juli 2016. Cash Box magazine. Henta 16. juli 2014.
- ↑ Mal:De icon Jahrescharts – 1981, arkivert frå originalen 8. mai 2015, henta 5. juli 2016. Offiziellecharts.de. GfK Entertainment. Henta 21. november 2015.
- ↑ «Top 100 Hits for 1981». The Longbored Surfer. Arkivert frå originalen 1. januar 2014. Henta 21. november 2015.
- ↑ «Greatest of All Time – Hot 100 Songs». Billboard. Henta 21. november 2015.
- ↑ 49,0 49,1 «Gold & Platina – Queen – Another One Bites the Dust». Recording Industry Association of America. Henta 13. mai 2016.
- ↑ Eduardo, Rivadavia. «Queen – Another One Bites the Dust – Song Review». AllMusic. All Media Network. Henta 21. november 2015.
- ↑ Grein, Paul (23. september 2010). Chart Watch Extra: Songs From The Last Century, arkivert frå originalen 30. september 2012, henta 5. juli 2016. Chart Watch. Yahoo! Music.
- ↑ Erlewine, Stephen Thomas. «Queen – Greatest Hits III». AllMusic. All Media Network. Henta 5. juli 2016.
- ↑ 53,0 53,1 "Archive Chart" UK Singles Chart. Official Charts Company. Henta 5. juli 2016.
- ↑ «Queen With Additional Vocals By Wyclef Jean, Featuring Pras* And Free (2) – Another One Bites The Dust Images». Discogs. Henta 5. juli 2016.
- ↑ «Queen / Wyclef Jean – Another One Bites The Dust (CD)». Discogs. Henta 5. juli 2016.
- ↑ «Queen / Wyclef Jean Featuring Pras* & Free (2) – Another One Bites The Dust (CD)». Discogs. Henta 5. juli 2016.
- ↑ «Queen / Wyclef Jean Featuring Pras* & Free (2) – Another One Bites The Dust Images». Discogs. Henta 5. juli 2016.
- ↑ "Queen / Wyclef Jean feat. Pras & Free – Another One Bites The Dust – Austriancharts.at" (på tysk). Ö3 austerriksk Topp 40. Hung Medien. Henta 5. juli 2016.
- ↑ "Ultratop.be – Queen / Wyclef Jean feat. Pras & Free – Another One Bites The Dust" (på nederlandsk). Ultratop 50. Ultratop & Hung Medien / hitparade.ch. Henta 5. juli 2016.
- ↑ "Ultratop.be – Queen / Wyclef Jean feat. Pras & Free – Another One Bites The Dust" (på fransk). Ultratop 40. Ultratop & Hung Medien / hitparade.ch. Henta 5. juli 2016.
- ↑ "Finnishcharts.com – Queen/Wyclef Jean feat. Pras & Free – Another One Bites The Dust". Suomen virallinen lista. Hung Medien. Henta 5. juli 2016.
- ↑ "Lescharts.com – Queen / Wyclef Jean feat. Pras & Free – Another One Bites The Dust" (på fransk). Les classement single. Hung Medien. Henta 5. juli 2016.
- ↑ "Queen / Wyclef Jean feat. Pras & Free - Another One Bites The Dust". Charts.de. Media Control. Henta 5. juli 2016.
- ↑ 64,0 64,1 «Indice per Interprete: Q» (på italiensk). Hit Parade Italia. Creative Commons. Henta 29. mai 2013.
- ↑ "Nederlandse Top 40 – Queen Wyclef Jean featuring Pras Free - Another One Bites The Dust search results" (på nederlandsk) Nederlandsk Topp 40. Stichting Nederlandse Top 40. Henta 5. juli 2016.
- ↑ "Dutchcharts.nl – Queen / Wyclef Jean feat. Pras & Free – Another One Bites The Dust" (på nederlandsk). Mega Single Top 100. Hung Medien / hitparade.ch. Henta 5. juli 2016.
- ↑ "Charts.org.nz – Queen / Wyclef Jean feat. Pras & Free – Another One Bites The Dust". Top 40 Singles. Hung Medien. Henta 5. juli 2016.
- ↑ "Norwegiancharts.com – Queen / Wyclef Jean feat. Pras & Free – Another One Bites The Dust". VG-lista. Hung Medien. Henta 5. juli 2016.
- ↑ "Swedishcharts.com – Queen / Wyclef Jean feat. Pras & Free – Another One Bites The Dust". Topp 60. Hung Medien. Henta 5. juli 2016.
- ↑ "Queen / Wyclef Jean feat. Pras & Free – Another One Bites The Dust – swisscharts.com". Den sveitsiske singellista. Hung Medien. Henta 5. juli 2016.
- ↑ 71,0 71,1 "Archive Chart" UK Singles Chart. Official Charts Company. Henta 5. juli 2016.
- ↑ «Boards of Canada - Another One Bites The Dust (A Skillz Remix)». Who's Dated Who. Henta 5. juli 2016.
- ↑ "Danishcharts.com – Queen vs. The Miami Project – Another One Bites The Dust". Tracklisten. Hung Medien. Henta 5. juli 2016.
- ↑ "Finnishcharts.com – Queen vs. The Miami Project – Another One Bites The Dust". Suomen virallinen lista. Hung Medien. Henta 5. juli 2016.
- ↑ "Queen vs. The Miami Project - Another One Bites The Dust". Charts.de. Media Control. Henta 5. juli 2016.
- ↑ "Nederlandse Top 40 – Queen vs. The Miami Project - Another One Bites The Dust search results" (på nederlandsk) Nederlandsk Topp 40. Stichting Nederlandse Top 40. Henta 5. juli 2016.
- ↑ "Dutchcharts.nl – Queen vs. The Miami Project – Another One Bites The Dust" (på nederlandsk). Mega Single Top 100. Hung Medien / hitparade.ch. Henta 5. juli 2016.
- ↑ "Spanishcharts.com – Queen vs. The Miami Project – Another One Bites The Dust" Canciones Top 50. Hung Medien. Henta 5. juli 2016.
- ↑ "Queen Dance Traxx feat. Captain Jack – Another One Bites The Dust – Austriancharts.at" (på tysk). Ö3 austerriksk Topp 40. Hung Medien. Henta 5. juli 2016.
- ↑ "Ultratop.be – Queen Dance Traxx feat. Captain Jack – Another One Bites The Dust" (på nederlandsk). Ultratop 50. Ultratop & Hung Medien / hitparade.ch. Henta 5. juli 2016.
- ↑ "Finnishcharts.com – Captain Jack – Another One Bites The Dust". Suomen virallinen lista. Hung Medien. Henta 5. juli 2016.
- ↑ "Queen Dance Traxx feat. Captain Jack - Another One Bites The Dust". Charts.de. Media Control. Henta 5. juli 2016.
- ↑ "Nederlandse Top 40 – Queen Dance Traxx featuring Captain Jack - Another One Bites The Dust search results" (på nederlandsk) Nederlandsk Topp 40. Stichting Nederlandse Top 40. Henta 5. juli 2016.
- ↑ "Dutchcharts.nl – Queen Dance Traxx feat. Captain Jack – Another One Bites The Dust" (på nederlandsk). Mega Single Top 100. Hung Medien / hitparade.ch. Henta 5. juli 2016.
- ↑ Palmer, Robert (26. september 1980). «The Pop Life; Confident disk from Jerry Lee Lewis». The New York Times. s. C14.
- ↑ Apter, Jeff (2009). The Dave Grohl Story. Omnibus Press. ISBN 978-1-8460-9762-1.
- ↑ «Another One Bites The Dust (Glee Cast Version)». Billboard. Henta 5. juli 2016.
Bakgrunnsstoff
endre- Offisielle YouTube-videoar: original musikkvideo, Live at Wembley, Live at the Bowl, Queen + Paul Rodgers
- Tekst frå den offisielle nettsida til Queen: version from Live Magic, version from Return of the Champions
- polyhex.com UK Singles Chart runs
- Heile songteksten på MetroLyrics