Prehnitt
Prehnitt er eit bleikgrønt mineral som finst i holrom og på sprekker i ei rekkje bergartar, danna hydrotermalt. Det finst ofte saman med zeolittar . Det krystalliserer rombisk og er eit silikat av kalsium og aluminium med formel Ca2Al2Si3O10(OH)2. Prehnitt er eit særs utbreitt mineral som er funne ei rekkje stader i Noreg.
Prehnitt | |||
Prehnitt | |||
Generelt | |||
---|---|---|---|
Kategori | Silikatmineral | ||
Kjemisk formel | Ca2Al(AlSi3O10)(OH)2 | ||
Strunz-klassifisering | 09.DP.20 (Inosilikat transitional til phyllosilikat) | ||
Dana-klassifisering | 72.1.3.1 (Fylosilikat) | ||
Identifikasjon | |||
Farge | fargelaus til grå til gul, gul-grøn eller kvit | ||
Krystallform | Kuleforma, nyreforma til stalkittisk | ||
Krystallsystem | Ortorombisk - Pyramideforma (mm2) | ||
Tvilling | Fine lamellert | ||
Kløyv | tydeleg på [001] | ||
Fastleik | Sprø | ||
Mohs hardleiksskala | 6 - 6.5 | ||
Glans | glasaktig - perleaktig | ||
Transparens | Semi-Gjennomsiktig til gjennomskineleg | ||
Spesifikk vekt | 2.8 - 2.95 | ||
Optiske eigenskapar | |||
Optiske eigenskapar | Toaksa (+) | ||
Brytingsindeks | nα = 1.611 - 1.632 nβ = 1.615 - 1.642 nγ = 1.632 - 1.665 | ||
Dobbeltbryting | δ = 0.021 - 0.033 | ||
Dispersjon (spreiing) | svak r > v | ||
Ultrafiolett fluorescens | Fluorescerande, kortbølgja UV-stråling = blåkvit, mild fersken, langbølgja UV=gul. | ||
Kjelder | [1][2][3][4] |
Det vart først skildra i 1788 etter ein førekomst i Karoo-doleritt i Cradock i Eastern Cape-provinsen i Sør-Afrika.[2] Det vart kalla opp etter oberst Hendrik Von Prehn (1733–1785), som var kommandant for ein nederlandsk koloni ved Kapp det gode håp frå 1768 til 1780.[2]
Kjelder
endre- ↑ http://webmineral.com/data/Prehnite.shtml Webmineral data
- ↑ 2,0 2,1 2,2 http://www.mindat.org/min-3277.html Mindat
- ↑ Hurlbut, Cornelius S.; Klein, Cornelis, 1985, Manual of Mineralogi, 20th ed., ISBN 0-471-80580-7
- ↑ http://rruff.geo.arizona.edu/doclib/hom/prehnite.pdf Handbook of Mineralogi
- Prehnitt. (11. mars 2012). I Store norske leksikon. Henta 14. februar 2014.