Psychedelic Pill
Studioalbum av Neil Young og Crazy Horse
Språk engelsk
Utgjeve 30. oktober 2012
19. november 2012 (Blu-Ray Disc)
Innspelt 2012
Studio Audio Casa Blanca, Broken Arrow Ranch, Redwood City, California
Sjanger
Lengd 1:27:41
Selskap Reprise
Produsent Neil Young, John Hanlon and Mark Humphreys
Neil Young-kronologi 
Americana
(2012)
Psychedelic Pill Live at the Cellar Door
(2013)
Crazy Horse-kronologi
Americana
(2012)
Psychedelic Pill


Psychedelic Pill er det 36. albumet til den kanadiske musikaren Neil Young. Det kom ut 30. oktober 2012.[1] Dette var den andre utgjevinga til Neil Young i lag med Crazy Horse i 2012, og det første albumet deira med originale verk sidan Greendale i 2003.[2] Albumet vart lagt ut for gjennomlytting på nettsida til Young den 24. oktober 2012,[3] og spreidd på Internett sam dagen.[4]

Innspeling endre

Meldingar
Samla karakter
KjeldeKarakter
Metacritic80/100[5]
Karakter
KjeldeKarakter
A.V. ClubA-[6]
The Boston Globe(positiv)[7]
Chicago Sun Times    [8]
NME(8/10)[9]
Paste Magazine(9.0/10)[10]
Pitchfork Media(7.0/10)[11]
PopMatters          [12]
Rolling Stone     [13]
Spin(7/10)[14]
Uncut(positiv)[15]
Dagbladet      [16]
Groove       [17]
Puls(positiv)[18]
Gaffa      [19]
Bergens Tidende      [20]

Med ei lengd på 87 minuttar er Psychedelic Pill det lengste albumet til Neil Young og det einaste doble studioalbumet.[21] Mange av songane på albumet hadde opphav i lange jammar i lag med Crazy Horse etter Americana var spelt inn. Opningssporet «Driftin' Back» inneheld referansar til dei nye memoarane til Young Waging Heavy Peace og forakta hans for MP3ar innimellom lange instrumentalparti. Songen var heile 27 og eit halvt minutt. Ein av dei andre episke songane på albumet, «Walk Like a Giant» er ein klage over korleis generasjonen hans ikkje klarte å endre verda («We were ready to save the world / But then the weather changed.») Andre stader på albumet minnast han at han lytta til Bob Dylan sin «Like a Rolling Stone» og The Grateful Dead på radio («Twisted Road»), og dei kanadiske røtene hans («Born in Ontario»).[22] The Rolling Stone merka seg at riffet og teksten på tittelsporet på albumet minna om tidlegare songar av Young, som «Cinnamon Girl». Hovudriffet er lånt frå Young sin «Sign of Love». Songen er òg spelt inn med ein «phaser»-effekt som gjer han ei «psykedelisk» kjensle. Den alternative miksen av songen på plata er utan denne effekten.

Mottaking endre

Samla sett fekk Psychedelic Pill positive meldingar. Rolling Stone gav albumet fire stjerner og sa det har «den irriterande ærlegheita og den brutale overfloda frå dei beste albuma deira» Douglas Heselgrave, for Paste Magazine, sa «Psychedelic Pill kan vere det beste albumet Neil Young har gjort nokon gong med Crazy Horse. Det vil ta fleire år å finne ut.» Dan Stubbs, gav det 8 av 10 stjerner for NME, og skreiv: «to spor her – 'Ramada Inn' og 'Walk Like A Giant' – er av dei beste til Young.» Andre meldingar var mindre sjenerøse, som Chicago Sun-Times som skreiv at albumet «har nokre få glimrande augneblink blant altfor mange typisk torande, flytande og keisame omvegar».

Innhald endre

Disk ein endre

Nr.TittelLengd
1.«Driftin' Back»27:36
2.«Psychedelic Pill»3:26
3.«Ramada Inn»16:49
4.«Born in Ontario»3:49

Disk to endre

Nr.TittelLengd
1.«Twisted Road»3:28
2.«She's Always Dancing»8:33
3.«For the Love of Man»4:13
4.«Walk Like a Giant»16:27
5.«Psychedelic Pill» (Alternate Mix)3:32
Total lengd:1:27:41

Medverkande endre

Listeplasseringar endre

Liste (2012) Plassering
Tyskland 4
Liste (2012) Plassering
Austerrike[23] 11
Australia[23] 28
Belgia (Flandern)[23] 6
Belgia (Vallonia)[23] 20
Canada 7
Danmark[23] 11
Finland[23] 18
Frankrike[23] 19
Italia[23] 19
Nederland[23] 11
New Zealand[23] 20
Noreg[23] 6
Spania[23] 25
Sveits[23] 12
Sverige[23] 7
Tyskland[23] 4
Skottland[24] 10
UK Albums Chart[25] 14
U.S. Billboard 200 8
U.S. Billboard Top Rock-album 2

Kjelder endre

  1. Andy Greene (24 August 2012). «Neil Young and Crazy Horse Double-Disc 'Psychedelic Pill' Due in October». Rollingstone.com. Henta 15. desember 2012. 
  2. Tomas Franta (23 January 2012). «Neil Young se na novém albu znovu spojí s Crazy Horse». Rockandpop.cz. Arkivert frå originalen 24. september 2015. Henta 29 March 2012. 
  3. Alex Young (24 October 2012). «Stream: Neil Young & Crazy Horse – Psychedelic Pill». Consequence of Sound. Henta 24 October 2012. 
  4. «Neil Young & Crazy Horse : Psychedelic Pill». hasitleaked.com. 24 October 2012. Henta 19. oktober 2019. [daud lenkje]
  5. «Psychedelic Pill Review». Metacritic.com. Henta 15. desember 2012. 
  6. Helier, Jason (15. desember 2012). «Neil and Crazy Horse: Review». The A.V. Club. Henta 15. desember 2012. 
  7. Reed, James. «Neil Young’s new journey through the past». The Boston Globe. Christopher M. Mayer. Henta 15. desember 2012. 
  8. «Neil Young’s ‘Psychedelic Pill’ tough to swallow - Chicago Sun-Times». Suntimes.com. Henta 15. desember 2012. 
  9. «Neil Young - 'Psychedelic Pill' A gnarly whopper of a treat». Nme.Com. Henta 15. desember 2012. 
  10. Heselgrave, Douglas (15. desember 2012). «Neil Young and Crazy Horse». Paste Magazine. Henta 15. desember 2012. 
  11. «Neil Young / Crazy Horse: Psychedelic Pill Album Review». Pitchfork. 15. desember 2012. 
  12. Mistich, Dan. «Neil Young & Crazy Horse: Psychedelic Pill | PopMatters». PopMatters. Henta 15. desember 2012. 
  13. Fricke, David (15. desember 2012). «Psychedelic Pill». Rolling Stone. Henta 15. desember 2012. 
  14. Jarnow, Jesse. «Neil Young & Crazy Horse, 'Psychedelic Pill' (Reprise)». SPIN. Buzzmedia. Henta 15. desember 2012. 
  15. Mulvey, John. «Neil Young & Crazy Horse: "Psychedelic Pill" - Full review - Uncut.co.uk». Uncut. IPC Media. Arkivert frå originalen 12. november 2012. Henta 15. desember 2012. 
  16. Bakke, Sven Ove (25. oktober 2012). «Deilig langkjøring og drøvtyggende vås». Dagbladet. Henta 15. desember 2012. 
  17. Berge, Oddmund (11. november 2012). «Ei skikkelig pille». groove.no. Henta 15. desember 2012. 
  18. Mostad, Svein (12. november 2012). «Neil Young & Crazy Horse: Psychedelic Pill». Puls. Henta 15. desember 2012. 
  19. Vikås, Ola. «Neil Young & Crazy Horse: Psychedelic Pill». Gaffa. Henta 15. desember 2012. 
  20. Fossen, Erik (29. oktober 2012). «Neils elektriske pillekur». Bergens Tidende. Arkivert frå originalen 5. november 2012. Henta 15. desember 2012. 
  21. «Neil Young Discography». Neilyoung.com. Henta 15. desember 2012. 
  22. «Looking at Neil Young's new album, 'Psychedelic Pill,' his memoir, 'Waging Heavy Peace,' and his late career». Grantland. Henta 15. desember 2012. 
  23. 23,00 23,01 23,02 23,03 23,04 23,05 23,06 23,07 23,08 23,09 23,10 23,11 23,12 23,13 23,14 «norwegiancharts.com Neil Young & Crazy Horse – Psychedelic Pill». Hung Medien. Henta 19. mars 2019. 
  24. http://www.officialcharts.com/archive-chart/_/23/2012-11-10/
  25. http://www.officialcharts.com/archive-chart/_/3/2012-11-10/