Sotnakkepetrell

fugleart

Sotnakkepetrell (Pterodroma longirostris) er ein petrell i stormfuglfamilien av ordenen stormfuglar som hekkar på ei enkelt øy i Juan Fernández-øygruppa utanfor kysten av Chile.

Sotnakkepetrell
Sotnakkepetrell
Sotnakkepetrell
Utbreiing og status
Status i verda: VU SårbarUtbreiinga av Sotnakkepetrell
Utbreiinga av Sotnakkepetrell
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Orden: Stormfuglar Procellariiformes
Familie: Stormfuglfamilien Procellariidae
Slekt: Pterodroma
Art: Sotnakkepetrell P. longirostris
Vitskapleg namn
Pterodroma longirostris

Skildring

endre
 
Artsnamnet for Pterodroma longirostrissvensk, engelsk, italiensk, fransk, tysk, ukrainsk og andre språk heidrar Leonhard Stejneger (1851–1943),[1] norsk-amerikansk zoolog busett i USA 1881–1943 og hovudkonservator for biologi ved Smithsonian Institution 1884–1943.[2] Han skildra arten i 1893.

Sotnakkepetrell er ein liten, 26-31,5 cm petrel med sterkt markert «M»-teikning på den mørkegrå oversida av vengen. Han har ein karakteristisk veldig mørk kam og maske over auget, som går over til mørkegrå på øvre bryst. Også overgump og øvre haledekkfjører er mørkegrå. Strupen er kvit, det same er nedre del av brystet og buken, og dessutan undersida av vengen, likevel med svart vengspiss og ein smal svart kant både bak og framme.[3][4]

Arten skil seg frå dei fleste andre petrellane ved den kvite undersida av vengene. Til liks med flaggermuspetrell og masatierrapetrell, (Pterodroma defilippiana) er hovudet og halsen bleikare og dei ytre halefjørene er bleikare. Maoripetrell har ein meir avgrensa mørk flekk rundt auget, og juanfernandezpetrellen er større med større kvitt område over nebbrota og har ein svart knokeflekk.[4]

Sotnakkepetrellar hekkar berre på éi øy i Chile, Alejandro Selkirk-øya i Juan Fernández-øyane utanfor Chile. Utanom hekketida trekker dei over det austlege og nordlege Stillehavet til område utanfor Japan, med observasjonar søraust for Hawaii, og nokre gonger har han også vorte sett ved New Zealand og utanfor California.[4]

Sotnakkepetrellen hekkar i hòler i skråningar med bregneskog og tilstøytande grassletter i ei høgd på mellom 700 og 1120 moh. Her hekkar dei i koloniar med juanfernandezpetrellar. Dei byrjar med egglegging seint i november eller tidleg desember, legg eit enkelt egg som blir klekt mellom slutten av januar og midten av februar. Først i mai flyg ungane.[4]

Status og trugsmål

endre

Verdas naturvernunion IUCN kategoriserer arten som sårbar (VU) basert på det faktumet at arten hekkar på ei enkelt lita øy. Verdsbestanden vart i 1986 anslått til 131 000 par og meir enn 400 000 individ, men nyare studiar tyder på at han kan vere mindre og minkande, sannsynlegvis på grunn av predasjon frå kattar, brunrotter og husmus.[4]

Kjelder

endre
Referansar
  1. Jobling, James A (2010). The Helm Dictionary of Scientific Bird Names. London: Christopher Helm. s. 364. ISBN 978-1-4081-2501-4. 
  2. Gunnar Langhelle, Leonhard Stejneger, Norsk biografisk leksikon, henta 15. april 2023
  3. Carboneras, C., F. Jutglar, og G. M. Kirwan (2020). Stejneger's Petrel (Pterodroma longirostris), version 1.0 I Birds of the World (J. del Hoyo, A. Elliott, J. Sargatal, D. A. Christie, og E. de Juana, red.) Cornell Lab of Ornithology, Ithaca, NY, USA. Henta 13. mars 2023
  4. 4,0 4,1 4,2 4,3 4,4 BirdLife International (2023) Species factsheet: Pterodroma longirostris. Henta 13. mars 2023

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Sotnakkepetrell