Puna

ein økoregion eller eit sett av økoregionar med underinndelingar langs Andes frå Nord-Peru til Nordvest-Argentina og nordlege Chile
(Omdirigert frå Puna-grassletter)

Puna er eit omgrep som er brukt til å nemne alpine biologiske samfunn i den sentrale delen av Andes i Sør-Amerika.[1] Puna har ingen klår geografisk utstrekning, puna ligg over tregrensa langs Andesfjella, som varierer mellom ca. 3200-3500 meter over havnivå, og opp til nivået av permanent snødekt land og permafrost som kan ligge meir enn 1000 meter høgare. Punaen er generelt tørrare enn dei alpine graslanda i páramo økoregion i nordlege Andes.

Puna
Økoregion
Grasmarker i chilensk altiplano
Land  Peru,  Bolivia  Chile,  Argentina
Utbreiingskart, frå ukjent kjelde. Grønt: Fuktig puna, mørk grønt: mest fuktig Oransje: Tørr puna Gult: Ørken (-puna)
Utbreiingskart, frå ukjent kjelde.
Grønt: Fuktig puna, mørk grønt: mest fuktig
Oransje: Tørr puna
Gult: Ørken (-puna)
Utbreiingskart, frå ukjent kjelde.
Grønt: Fuktig puna, mørk grønt: mest fuktig

Oransje: Tørr puna

Gult: Ørken (-puna)

Omgrepet puna er avleidd frå quechua; «høgt platå» eller «kald og karrig høgd», som skildrar miljøet i denne økoregionen.[2]

Oversyn

endre

Puna er klassifisert i ulike økologiske einingar, først og fremst basert på vegetasjonen, som eit graslandskap, ein del av det andinske fjellgraslandskapet og busklandskapsbiomet i Peru, over til Chile, Bolivia og Nordvest-Argentina. Puna er i seg sjølv nemnt som eit neotropisk biom av typen fjellgrasmark.

Puna er også klassifisert som ein økoregion eller med underinndelingar slik som tørr og våt puna økoregion.

Kjenneteikn

endre
Våt puna

Denne økoregionen er eit høgtliggjande, fuktig, alpint grasland i dei sørlege høge Andesfjella, som strekkjer seg frå det nordlege Peru til det nordlege Bolivia. Den peruanske kystørkenen ligg vest for den våte punaen, og mot aust ligg peruansk yungas regnskog. Det karakteristiske fjellrike landskapet inneheld høge innsjøar, fjelldalar, snødekte fjell og platå.[3] Den høge plasseringa til den våte punaen, 4200 til 5000 moh., fører til store temperaturskilnader mellom natt og dag. Den gjennomsnittlege årlege temperaturen er låg, mellom 5 og 7 °C, med nattefrost frå mars til oktober. Temperaturane varierer med høge sommartemperaturar om dagen og låge vintertemperaturar om natta. Desse ekstreme temperaturskifta har ført til selektiv tilpassing, og mange endemiske plantar som Culcitium og Perezia, og treslaga i Polylepis har mangfaldssenteret sitt i den våte punaen.[4]

Den store innsjøen i økoregionen er Titicacasjøen, som ligg 3800 meter over havnivå. Suches- og Tiwanacu-elvane i Bolivia er tilløpselvar til innsjøen. Områda i nord rundt Titicacasjøen har åtte våte månader, medan områda i sør har éin til to våte månader.[3] Gjennomsnittleg årleg nedbørsmengd i regionen varierer frå 400 til 2000 mm.

Tørr puna

Denne økoregionen er eit svært tørt, høgliggjande alpint grasland i dei sørlege høge Andesfjella. Han strekkjer seg inn i det nordlege Chile og nordvestlege Argentina, og dessutan austover til vestlege Bolivia, og finst over 3500 moh. mellom tregrensa og den permanente snøgrensa. Vegetasjonen i den tørre punaen består av tropiske alpine urter og dvergbuskar. I den tørre punaen finst det saltsletter, høge platå, snødekte toppar og vulkanar.[5] Den tørre punaen skil seg frå andre typar puna ved den låge årlege nedbørsmengda. Regionen har ein 8 månader lang tørkesesong og får mindre enn 400 mm nedbør årleg.[4] Området ligg på 3500–5000 moh. Vegetasjonen er tolerant for låge temperaturar. Gjennomsnittstemperaturen i denne økoregionen varierer mellom 8 og 11 °C og er lågast i sør. Den sørlege delen er også den tørraste og blir nokre gonger kalla ørken-puna. I ørken-punaen varierer gjennomsnittleg nedbør frå berre 51–406 mm. Ørken-punaen er dominert av store saltsjøar og er kjende for dei spreidde saltvasstolerante halofyttane rundt og i fordjupingane.[treng kjelde]

Samansetting av jordsmonnet

endre

Puna-jordsmonnet består av eit lag rikt på organisk materiale og eit steinete lag. Gjennomsnittleg jordprofil er 33 cm djup.[6] Puna-økosystemet har låg bakteriediversitet i jorda. Rhizosfæren til grasa er dominert av Bacillus-artar, som består av kvilande celler som gjer det mogleg for dei å overleve dei ekstreme klimatiske forholda i puna-økosystemet. Det kvilande bakteriesamfunnet i puna-gras liknar dei som finst i ørkenjord.[7]

Flora

endre

Puna-floraen er prega av unike samansettingar av putedannande og matteformande artar. Mange av desse artane, spesielt den store Azorella compacta (Yareta), har vore tungt utnytta som brensel og til medisinsk bruk. Vegetasjonen i graslanda viser komplekse mønstre av romleg variasjon, trass i låg dekning og tettleik.[8] Puna-beltet, som strekkjer seg frå våt puna i nord til tørr puna i sørvest, består hovudsakleg av Poaceae (grasartar) og buskar frå korgplantefamilien, Asteraceae.[9] Andre representative grasartar inkluderer Jarava ichu ("Paja Brava"), Calamagrostis vicunarum ("Crespillo"), og Festuca dolichophylla ("Chillihua").[6]

Det finst fleire hovudtypar av fjellformasjonar i punaen med distinkt jordforhold som kan brukast til å identifisere hovudfloraen i kvart område. Opp til 3000 moh. er den tørre vegetasjonen på fjellsteppa prega av søylekaktus, tørre buskar og urter. Vegetasjonen mellom 3800 og 4000 moh. blir stødd av brun andinsk jordsmonn på oskenedfall og inkluderer mange endemiske planteartar som Hersodoma arequipensis, Piplostephium tacorense og Opuntia corotilla.[9] I dei fuktigaste områda dominerer buskvegetasjon frå familiane korgplantefamilien, erteblomfamilien Fabaceae og søtvierfamilien, Solanaceae.

Fauna

endre

Pattedyr

endre

Innfødt fauna inkluderer domestiserte lama og alpakka, og dessutan dei ville slektningane deira, vikunja og guanako. Den sjeldne nordlege andeshjorten (Hippocamelus antisensis) er sky og tilbakehalden. Kjende gnagarar som chinchillaer, fjellpaka (Cuniculus taczanowskii) og fjellmarsvin (Cavia tschudii) finst også her. Blant rovdyr finn ein puma, pampaskatt, den sjeldne andesfjellkatten (Leopardus jacobita), andesrev (Lycalopex culpaeus) og brillebjørn.[treng kjelde]

Fuglar

endre

Fuglepopulasjonen i puna-økosystemet er overraskande mangfaldig trass i det ekstreme miljøet. Relativt få artar finst på dei store puna-graslanda, men mange fleire artar er knytt til høgtliggjande innsjøar og myrar i punaen.

Til dømes omfattar Lauca nasjonalpark i det nordlegaste Chile 148 fugleartar (per 2000), noko som representerer omtrent ein tredel av heile fuglemangfaldet i Chile. Mange av desse artane er sjeldne og tiltrekkjer besøkjande til området. Eit døme i avifaunaen er fjellnandu (Rhea pennata) ein strutsefugl utan flygeevne, som kan bli opptil éin meter høg og vege 20 kg. Punaen inkluderer også eit stort mangfald av vassfuglar, spesielt ved Chungará-innsjøen i det nordlege Chile. Døme inkluderer kjempesothøne (Fulica gigantea), sølvdukkar (Podiceps occipitalis), gulnebbkrikkand (Anas flavirostris) og diademlo (Phegornis mitchellii).[10]

Puna-økosystemet har også eit mangfald av ferskvassfiskar.

Kjelder

endre
Referansar
  1. Wiktionary: puna
  2. «puna». Collins Dictionaries. 
  3. 3,0 3,1 Salcedo, Juan Carlos Riveros; Lockin, Claudia. «Central Andrean wet puna». WWF. Henta 8. desember 2024. 
  4. 4,0 4,1 Andrea Michelson. Temperate Grasslands of South America (PDF). Arkivert frå originalen (PDF) 21. juli 2018. 
  5. Claudia Locklin. Central Andean dry puna. Arkivert frå originalen 7. oktober 2006. 
  6. 6,0 6,1 Gibbon, Adam; Silman, Miles R.; Malhi, Yadvinder; Fisher, Joshua B.; Meir, Patrick; Zimmermann, Michael; Dargie, Greta C.; Farfan, William R.; Garcia, Karina C. (2010). «Ecosystem Carbon Storage Across the Grassland–Forest Transition in the High Andes of Manu National Park, Peru». Ecosystems 13 (7): 1097–1111. ISSN 1432-9840. doi:10.1007/s10021-010-9376-8. 
  7. Ferrero, M.A., Menoyo, E., Lugo, M.A., Negritto, M.A., Farías, M.E., Anton, A.M., Siñeriz, F. “Molecular characterization and in situ detection of bacterial communities associated with rhizosphere soil of high altitude native Poaceae from the Andean Puna region.” Journal of Arid Environments 74 (2010): 1177-1185 doi=10.1016/j.jaridenv.2010.04.008
  8. Lambrinos, J.G., Kleier, C.C., and Rundel, P.W. Plant community variation across a puna landscape in the Chilean Andes Revista Chilena de Historia Natural 79(2006): 233-244
  9. 9,0 9,1 Kuentz, A., Gala´n de Mera, A., Ledru, M.P., and Thouret, J.C. Phytogeographical data and modern pollen rain of the puna belt in southern Peru (Nevado Coropuna, Western Cordillera) Journal of Biogeography 34 (2007): 1762–1776
  10. Rundel, Philip W and Palma, Beatriz (2000). «Preserving the unique puna ecosystems of the Andean Altiplano» (PDF). Mountain Research and Development (BioOne) 20: 262––271. doi:10.1659/0276-4741(2000)020[0262:PTUPEO]2.0.CO;2. 

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Puna