Strutsefuglar

(Omdirigert frå Strutsefugl)

Strutsefuglar (engelsk ratite) er ei gruppe av fugleartar utan flygeevne med uklår taksonomisk rangering innanfor overordenen Paleognathae. Den biologiske systematikken for strutsefuglar er under endring. Tidlegare var omgrepet strutsefuglar assosierte med den biologiske ordenen Struthioniformes som samla artar utan flygeevne i Paleognathae.[1] Struthioniformes har nyleg blitt omdefinert til å halde berre strutsefamilien Struthionidae.[2][3] Paleognathae samlar både strutsefuglar og dei flygedyktige tinamuar, Tinamidae. Til forskjell frå dei andre fugleartane som ikkje flyg, så manglar strutsefuglane brystbeinskam på brystbeinet, sternum. Utan brystbeinskam til feste for vengemusklar, så ville ikkje desse fuglane kunne flyge sjølv om dei hadde utvikla venger.

Strutsefuglar
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Infraklasse: Palaeognathae
Overorden: Strutsefuglar Ratitae
Orden: Saurischia
Infraorden: Strutsefuglar Tetanurae
Ranzani, 1823
Ordenar
Struthioniformes
Rheiformes
Casuariiformes
†Aepyornithiformes
†Dinornithiformes
Apterygiformes

Nyare forsking har indikert at strutsefuglar er ei parafyletisk gruppe, at dei flygedyktige tinamuar, Tinamidae passar inn i gruppa, og at tinamuar er ei systergruppe til dei nyleg utdøydde moafuglane.[4][5][6][7] Dette medfører dessutan at manglande flygeevne er ein eigenskap som utvikla seg uavhengig og fleire gonger i ulike utviklingslinjer innanfor Paleognathae.[6]

Strutsefuglane har opphav frå Gondwana. Store delar av det som tidlegare var Gondwana har i dag strutsefuglar, eller har hatt strutsefuglar i fortida.[8][9]

Oversyn

endre

Strutsefuglar er alle ordenar av fuglar i Paleognathae utan flygeevne.

Grupper med nolevande artar

endre

Orden Struthioniformes - Strutsar

Struthionidae
Slekt Struthio
  • Slettestruts, Struthio camelus, Common Ostrich, Linné, 1758, (LC)
  • Somalistruts, Struthio molybdophanes, Somali Ostrich, Reichenow, 1883, (VU)

Orden Rheiformes - Nanduar

Rheidae
Slekt Rhea
  • Stornandu, Rhea americana, Greater Rhea, NT, Linné, 1758
  • Fjellnandu, Rhea pennata, Lesser Rhea, LC, d'Orbigny, 1834

Orden Apterygiformes - Kiviar

Apterygidae
Slekt Apteryx
  • Sørbrunkivi, Apteryx australis, Southern Brown Kiwi, VU, Shaw, 1813
  • Nordbrunkivi, Apteryx mantelli, North Island Brown Kiwi, EN, Bartlett, 1851
  • Okaritokivi, Apteryx rowi, Okarito Brown Kiwi, EN, Tennyson et al., 2003
  • Dvergkivi, Apteryx owenii, Little Spotted Kiwi, NT, Gould, 1847
  • Flekkivi, Apteryx haastii, Great Spotted Kiwi, VU, Potts, 1872

Orden Casuariiformes - Kasuarfuglar

Casuariidae
Slekt Casuarius
  • Toflikkasuar, Casuarius casuarius, Southern Cassowary, VU, Linné, 1758
  • Dvergkasuar, Casuarius bennetti, Dwarf Cassowary, NT, Gould, 1857
  • Einflikkasuar, Casuarius unappendiculatus, Northern Cassowary, VU, Blyth, 1860
Slekt Dromaius
  • Emu, Dromaius novaehollandiae, Emu, LC, Latham, 1790

Grupper med berre utdøydde artar

endre

Elefantfuglar (Aepyornithiformes) var tre til fire artar som levde på Madagaskar.

Moafuglar (Dinornithiformes) var ni artar i seks slekter på New Zealand.

Biletgalleri

endre

Kjelder

endre
  • Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av innleiinga til artikkelen Ratite frå Engelsk Wikipedia slik han var 21. desember 2014
Referansar
  1. ITIS (2007). «Struthioniformes». Integrated Taxonomic Information System. Henta 13 Jun 2012. 
  2. Brands, Sheila (14. august 2008). «Systema Naturae 2000 / Classification, Order Struthioniformes». Project: The Taxonomicon. Henta 4. februar 2009. [daud lenkje]
  3. Harshman, John; Brown, Joseph W. (13 May 2010). «Palaeognathae». The Tree of Life Web Project. Arkivert frå originalen 29. juni 2020. Henta 21. desember 2014. 
  4. Phillips MJ, Gibb GC, Crimp EA, Penny D (January 2010). «Tinamous and moa flock together: mitochondrial genome sequence analysis reveals independent losses of flight among ratites». Systematic Biology 59 (1): 90–107. PMID 20525622. doi:10.1093/sysbio/syp079. 
  5. Allentoft, M. E.; Rawlence, N. J. (2012-01-20). Moa's Ark or volant ghosts of Gondwana? Insights from nineteen years of ancient DNA research on the extinct moa (Aves: Dinornithiformes) of New Zealand. Annals of Anatomy - Anatomischer Anzeiger 194: 36–51.
  6. 6,0 6,1 Mitchell, K. J., B. Llamas, J. Soubrier, N. J. Rawlence, T. H. Worthy, J. Wood, M. S. Y. Lee; et al. (May 2014). «Ancient DNA reveals elephant birds and kiwi are sister taxa and clarifies ratite bird evolution» (PDF). Science 344: 898–900. doi:10.1126/Science.1251981. 
  7. Baker, A. J.; Haddrath, O.; McPherson, J. D.; Cloutier, A. (2014). Genomic Support for a Moa-Tinamou Clade and Adaptive Morphological Convergence in Flightless Ratites. Molecular Biology and Evolution
  8. Haddrath, O.; Baker, A. J. (2001). «Complete mitochondrial DNA genome sequences of extinct birds: ratite phylogenetics and the vicariance biogeography hypothesis». Proceedings of the Royal Society. Biological Sciences 268 (1470): 939–945. PMC 1088691. PMID 11370967. doi:10.1098/rspb.2001.1587. 
  9. Cooper, A.; Lalueza-Fox, C.; Anderson, S.; Rambaut, A.; Austin, J.; Ward, R. (8. februar 2001). «Complete Mitochondrial Genome Sequences of Two Extinct Moas Clarify Ratite Evolution». Nature 409 (6821): 704–707. PMID 11217857. doi:10.1038/35055536. Henta 5. april 2008.