Rarotongesisk eller Cookøy-maori (Māori Kūki 'Āirani eller berre Māori) er eit austleg polynesisk språk frå Cookøyane. Saman med engelsk er det offisielt språk på øygruppa, der den største øya er Rarotonga.[2][3]

Rarotongesisk
Māori, Maori Kuki Airani, Māori Kūki 'Āirani
Klassifisering Austronesisk
 Malayo-polynesiske
  Oseanisk
   Polynesisk
    Aust-polynesisk
     Tahitisk
Talarar Cookøy-maoriar
Bruk
Tala i Cookøyane, New Zealand
Rarotongesisktalande i alt 13 620 på Cookøyane, 7 725 på New Zealand[1]
Normert av Kopapa Reo
Språkkodar
ISO 639-2 rar
Glottolog raro1241

Rarotongesisk er nært i slekt med maori, språket som blir tala på New Zealand. Det blir også kalla māori av talarane sine, men er eit eige språk som skil seg frå newzealandsk maori. Folk frå Cookøyane kan også kalla det Te reo Ipukarea, bokstaveleg 'språket frå ætteheimlandet'.

Offisiell status

endre

Rarotongesisk blei offisielt språk på Cookøyane i 2003. Engelsk hadde då vore einaste offisielle språk sidan 1915. Det har ikkje nokon offisiell status på New Zealand, sjølv om Cookøyane er tilknytt New Zealand (del av Realm of New Zealand).

Skriftsystem og uttale

endre

Standardiseringa av skriftsystemet til rarotongesisk er omdiskutert. Bruk av makron (־) eller te makarona og glottal stopp amata (ꞌ) (/ʔ/) er tilrådd, men blir sjeldan brukt av talarane i daglegdags skrift. Det rarotongesiske Nytestamentet[4] bruker standardiserte diakritiske teikn når dei er fonemiske, men ikkje andre stader.

Konsonantar

endre
Labial Alveolar Velar Glottal
Nasal m n ŋ
Plosiv p t k ʔ
Flapp ɾ
Frikativ f1 v s2 h3
  1. Finst berre på Manihiki
  2. Finst berre på Penrhyn
  3. Finst berre på Manihiki og Penrhyn

Vokalar

endre
Fremre Sentral Bakre
Trong i u
Trong midtre e o
Open a

Personlege pronomen

endre
Person Eintal Total Fleirtal
1. inklusiv au tāua tātou1
1. ekslusiv māua mātou2
2. koe kōrua kōtou
3. aia rāua rātou
  1. du -2 eller fleire - og eg
  2. dei og eg

Kjelder

endre
  1. «2013 Census ethnic group profiles». Henta 8 December 2017. 
  2. Ethnologue - English. Sjå Cook Islands. Henta 17. oktober 2010.
  3. Ethnologue - Languages of Cook Islands Läst 17 oktober 2010.
  4. Cook Islands Māori Revised New Testament
Litteraturliste
  • Cook Islands Maori Database Project, An online project created to build a collection of Cook Islands Maori Words based on existing print dictionaries and other sources.
  • Cook Islands Maori Dictionary, by Jasper Buse with Raututi Taringa, edited by Bruce Biggs and Rangi Moeka'a, Auckland, 1995.
  • A dictionary of the Maori Language of Rarotonga, Manuscript by Stephen Savage, Suva : IPS, USP in association with the Ministry of Education of the Cook Islands, 1983.
  • Kai Korero : Cook Islands Maori Language Coursebook, Tai Carpentier and Clive Beaumont, Pasifika Press, 1995. (A useful learning Method with oral skills cassette)
  • Cook Islands Cook Book by Taiora Matenga-Smith. Published by the Institute of Pacific Studies.
  • Maori Lessons for the Cook Islands, by Taira Rere. Wellington, Islands Educational Division, Department of Education, 1960.
  • Conversational Maori, Rarotongan Language, by Taira Rere. Rarotonga, Government Printer. 1961.
  • Some Maori Lessons, by Taira Rere. Rarotonga. Curriculum Production Unit, Department of Education. 1976.
  • More Maori Lessons, by Taira Rere. Suva, University of the South Pacific.1976
  • Maori Spelling: Notes for Teachers, by Taira Rere. Rarotonga: Curriculum Production Unit, Education Department.1977.
  • Traditions and Some Words of the Language of Danger or Pukapuka Island. Journal of the Polynesian Society 13:173-176.1904.
  • Collection of Articles on Rarotonga Language, by Jasper Buse. London: University of London, School of Oriental and African Studies. 1963.
  • Manihikian Traditional Narratives: In English and Manihikian: Stories of the Cook Islands (Na fakahiti o Manihiki). Papatoetoe, New Zealand: Te Ropu Kahurangi.1988
  • Te korero o Aitutaki, na te Are Korero o Aitutaki, Ministry of Cultural Development, Rarotonga, Cook Islands. 1992
  • Atiu nui Maruarua : E au tua ta'ito, Vainerere Tangatapoto et al. University of South Pacific, Suva 1984. (in Maori and English)
  • Learning Rarotonga Maori, by Maki'uti Tongia, Ministry of Cultural Development, Rarotonga 1999.
  • Te uri Reo Maori (translating in Maori), by Maki'uti Tongia, Punanga o te reo. 1996.
  • Atiu, e enua e tona iti tangata, te au tata tuatua Ngatupuna Kautai...(et al.), Suva, University of the South Pacific.1993. (Maori translation of Atiu : an island Community)
  • A vocabulary of the Mangaian language by Christian, F. W. 1924. Bernice P. Bishop Bulletin 2. Honolulu, Bernice P. Bishop Museum.
  • E au tuatua ta'ito no Manihiki, Kauraka Kauraka, IPS, USP, Suva. 1987.

Bakgrunnsstoff

endre

  Wikimedia Incubator - Wikipediararotongesisk