Raudbuktrupial

art av sporvefuglar
Raudbuktrupial
Bilete frå Medellín Foto: Francesco Veronesi
Bilete frå Medellín
Foto: Francesco Veronesi
Utbreiing og status
Status i verda: VU SårbarUtbreiinga av Raudbuktrupial
Utbreiinga av Raudbuktrupial
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Underklasse: Neognathae
Overorden: Neoaves
Orden: Sporvefuglar Passeriformes
Familie: Trupialfamilien Icteridae
Slekt: Quiscalus
Art: Raudbuktrupial H. pyrohypogaster
Vitskapleg namn
Hypopyrrhus pyrohypogaster

Raudbuktrupial (Hypopyrrhus pyrohypogaster) er ein fugleart i trupialfamilien, Icteridae. Han er einaste medlemmen i den biologiske slekta Hypopyrrhus.

Denne trupialen er endemisk for Colombia, der han er utbreidd i eit svært avgrensa og oppstykka område, og har naturlege habitat i subtropisk eller tropisk fuktig fjellskog. Arten er truga av habitatøydelegging, og Verdas naturvernunion, IUCN, klassifiserer han for tida som ein sårbar art.

Skildring endre

 
Utbreingsområdet er meir oppstykka enn illustrert her. Den totale globale populasjonen finst innanfor vestre og sørlege delar av Andesregionen i Colombia. Lengst nord, i Antioquia-departementet, er utbreiinga i den vestlege Andes-kjeda. Her er han vanleg rundt Medellín. I Tolima finst han i sentrale Andes, men òg på vestsida av vestre Andes, innanfor Cerro Tatamá nasjonalpark vest for byen Pereira. Lengst sør lever han i austlege Andes, i Huila og inn i vestre Caquetá[1]

Hannar av raudbuktrupialen blir ca. 30 centimeter og hofuglane ca. 27 cm i kroppslengd. Kjønna er like i utsjånad, heilt svarte, bortsett frå raudfarga på bakre buk og undergump. Nebbet er konisk forma og irisen er kvit eller gul. Hovudet og halsen med strupe og nakke har ein glinsande, stripete utsjånad årsaka av svarte, nakne fjørskaft og smale fjørfaner.[2]

Raudbuktrupial er ein endemisk art til Colombia, der han lever i tropisk skog langs dei tre fjellkjedene av Andes, i høgder på 800 til 2 400 meter over havet. Områda er utsette for trefelling til tømmerdrift og for å gjere veg for landbruket. Berre litt urørt skog finst att innanfor leveområdet. Til ein viss monn kan raudbuktrupialar tolerere uro og kan observerast i utkanten av skog, i plantasjar, på rydda land, i buskar, over beiteområde og ved vegar.[1] Unntatt i hekkesesongen, beitar dei vanlegvis i små, bråkete grupper oppe i trekronene. Nokre gonger er dei i fleirartsflokkar med andre trupialartar, inkludert oropendolaer. Raudbuktrupialar et frukt og insekt, fartar rundt mellom greiner og blad, og nokon gonger heng dei opp ned. Hekking føregår mellom mars og august. Reiret er ein koppforma struktur, gjort fast i ei treforgreining, laust sett saman av pinnar og daude blad. Egga er grøngråe, flekka og stripa mørkbrunt og lilla.[2] Hekkeparasitten stortrupial, Molothrus oryzivorus, kan nytte raudbuktrupialar som vert for sine egg.[1]

Raudbuktrupial vart tidlegare klassifisert som «sterkt truga», EN, av IUCN, men i 2012 vart trusselnivået senka til «sårbar». Dette er basert på at sjølv om habitatet til skogen er under press, har ein oppdaga nye stadar der han ikkje var kjent før. Den totale populasjonen er no estimert til å ligge i området mellom 2500 og 10 000 individ, som okkuperer eit areal på rundt 3700 km². Ein trur storleiken på populasjonen fell på grunn av stadig innsnevring og fragmentering av habitata.[1]

Kjelder endre

Referansar
  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 BirdLife International (2018) Species factsheet: Hypopyrrhus pyrohypogaster. Henta frå http://www.birdlife.org den 13. oktober 2018
  2. 2,0 2,1 Fraga, R. & Sharpe, C.J. (2018) Red-bellied Grackle (Hypopyrrhus pyrohypogaster) I: del Hoyo, J., Elliott, A., Sargatal, J., Christie, D.A. & de Juana, E. (red.) (2016). Handbook of the Birds of the World Alive. Lynx Edicions, Barcelona. Henta den 13. oktober 2018

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Raudbuktrupial