Regionen Gisborne

For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Gisborne.

Gisborne District (maori Te Tai Rāwhiti) er ein region (sameint styresmakt) på New Zealand. Den største busetnaden, som også ber namnet Gisborne, ligg på austkysten, i den nordlege enden av Poverty Bay.

Gisborne District
Te Tai Rāwhiti (maori)
region
Cook's Cove i Tolaga Bay
Land  New Zealand
Areal 8 385,33 km²
Folketal 48 599[1]  (2017)
Retningsnummer 06
Kart
Regionen Gisborne
38°40′00″S 178°01′00″E / 38.66667°S 178.01667°E / -38.66667; 178.01667
Wikimedia Commons: Gisborne District
Nettstad: http://www.gdc.govt.nz

Byen og distriktet Gisborne har fått namn etter ein tidlegare koloniminister på New Zealand, William Gisborne. Regionstyret har setet sitt i byen Gisborne, og utfører her i tillegg også funksjonane til eit distriktsstyre (territorial authority).

Geografi endre

 
Utsyn over Karangata-sjøen nær Tiniroto.

Regionen ligg i det nordaustlege hjørnet til Nordøya og er også omtalt som «East Cape», «East Coast» eller «Eastland Region». Det er ein spreidd busett og isolert region, med små busetnadar som stort sett ligg langs den austlege kystlinja, mellom desse Tokomaru Bay og Tolaga Bay. Folketalet i regionen er 48 600[1], og nesten tre fjerdedeler av desse bur i byen. Ingen andre busetnader i regionen har ein innbyggjartal på meir enn 1 000 menneske. Dei største av dei andre busetnadane er Tolaga Bay og Ruatoria, begge med eit innbyggjartal på vel 800 i 2001.

Innover i landet er terrenget ulendt, for det meste skogkledd åslandskap. Nasjonalparken Te Urewera National Park ligg vest i regionen, og skogområdet Kaingaroa Forest vest for denne att. Ein ulendt åskam dominerer midtpartiet i regionen, og kulminerer i det imponerande 1620 meter høge Hikurangi-fjellet nordaust i regionen. Dette fjellet er det femte høgaste på Nordøya, og det høgaste som ikkje er ein vulkan. Det vert sett på som heilagt av maoriane, og påstandane om at dette er det første fjellet der sola skin om sommaren, kan forsvarast.

Folkesetnad endre

 
Te Mana-o-Turanga, maorimøtehus med utskjeringar av Raharuhi Rukupo.
 
Kartet viser folketettleiken i Regionen Gisborne ved folketeljinga i 2006. Klikk på kartet for å sjå teiknforklaringa.

Folkesamansetjinga i regionen viser ein større del maoriar enn gjennomsnittleg i landet - over 50 % i somme område - og der er enno sterke band både til maorikulturen og samfunnsstrukturen med iwiar og marae-stader. Dei største iwiane i regionen er Ngāti Porou, Rongowhakaata, Ngai Tamanuhiri og Te Aitanga a Mahaki.

Jordskjelvet i 2007 endre

Klokka 20:55 lokal tid den 20. desember 2007 vart Gisborneregionen råka av eit jordskjelv med styrke 6,8 på Richterskalaen, med sentrum i Hikurangi Trench, 50 km søraust for Gisborne med ei djupn på 40 km.[2] Jordskjelvintensitet på 7-8 etter Mercalliskalaen vart registrerte, det tre bygningar i sentrum av byen fall saman, og andre fekk ein del strukturelle skadar. Det vart rapportert eit dødsfall (ei eldre kvinne fekk eit hjarteatakk under skjelvet) og ein del mindre skadar.[3]

Vêrlag endre

Eit maorinamn på Gisborneregionen er Tairawhiti - 'solskinnskysten'. Regionen ligg i ly av høgland mot vest, og har eit turt og solrikt vêrlag. Gjennomsnittleg er der årleg 2 200 soltimar. Den årlege nedbøren varierer frå kring 1000 mm nær kysten, til meir enn 2500 mm i det høgareliggjande innlandet.[4] Det kjem frost fleire gonger kvar vinter.

Det milde vêrlaget i Gisborne gjer, saman med det fruktbare jordsmonnet, dette området til ein ideell stad for dyrking av mais, druer, sitrusfrukter, kiwifrukt og andre subtropiske frukter.[5]

  Klimatabell: Gisborne  
Jan Feb Mar Apr Mai Jun Jul Aug Sep Okt Nov Des År
Gjennomsnittleg dagleg maksimumstemperatur 24,9°C
77°F
24,2 °C
76 °F
22,6 °C
73 °F
19,9°C
68 °F
17,1 °C
63 °F
14,7 °C
58 °F
14,1 °C
57 °F
14,9 °C
59 °F
16,8 °C
62 °F
19,0 °C
66 °F
21,3 °C
70 °F
23,3 °C
74 °F
19,5°C
67°F
Gjennomsnittleg dagleg minimumstemperatur 13,6°C
56°F
13,6 °C
56 °F
12,2 °C
54 °F
9,6 °C
49 °F
6,9 °C
44 °F
5,3 °C
42 °F
4,6 °C
40 °F
5,4 °C
42 °F
6,8°C
44 °F
8,6 °C
47 °F
10,5 °C
51 °F
13,3 °C
54 °F
9,1°C
48°F
Gjennomsnittleg total nedbør 54 mm
2,13 "
78 mm
3,07 "
99 mm
3,9 "
103 mm
4,06 "
97 mm
3,82 "
125 mm
4,92 "
119 mm
4,69 "
93 mm
3,66 "
101 mm
3,98 "
63 mm
2,48 "
65 mm
2,56 "
67 mm
2,64 "
1050 mm
41,34 "
Kjelde: Niwa Science climate data

Kjelder endre

Referansar endre

Bakgrunnsstoff endre