Reidar Kjelsen

norsk illustratør og forfattar

Reidar Kjelsen (fødd 10. juni 1970) i Molde er ein norsk illustratør og barnebokforfattar.

Reidar Kjelsen

Statsborgarskap Noreg
Fødd 10. juni 1970 (54 år)
Molde kommune
Yrke illustratør, barnebokforfattar
Reidar Kjelsen på Commons
Bøllebeistet, illustrasjon frå ungdomsboka Jon Demon frå 2006.
Jon Demon og Kona Mona, illustrasjon frå Jon Demon - Toer'n.

Reidar Kjelsen vaks opp på Sunndalsøra, i Høyanger frå 1979-1982 og i Vik frå 1982-1986. Han gjekk på Sogndal gymnas i Sogndal frå 1986 til 1989. Kjelsen har utdanning frå Statens håndverks- og kunstindustriskole der han studerte frå 1990 til 1994. Han er busett i Oslo.

Han har illustrert over 40 barnebøker, skrive fleire av dei sjølv, og teikna til diverse tidsskrift. Mest kjend er nok bøkene om Otto Monster av Jon Ewo og Jon Demon-bøkene av Kjelsen sjølv. Illustrasjonane vert kjenneteikna av forseggjorte detaljar og store overdrivingar, som oftast måla med akrylmaling, men Kjelsen brukar også tusj og blyantteknikkar. Motiva viser gjerne burleske figurar og ville situasjonar.

Når Kjelsen skriv sjølv, liker han å bryta tabu innanfor barneboksjangeren ved hjelp av humor, ironi og ordspel. Historiane hans endar ikkje alltid lykkeleg.

Kjelsen har hatt over 4 000 leselystførestillingar på norske skular og bibliotek, ofte i regi av Den kulturelle skulesekken.

Bibliografi

endre

Bøker

endre

I bøker - eit utval

endre

nb.no I fulltekst ved nb.no]  [Redaktør: Jón Sveinbjørn Jónsson. Illustrert m.a. av Reidar Kjelsen]

  • 2002 – Skumle toner (Oslo: Gyldendal Tiden). ISBN 82-05-30532-3  [19 barn i samarbeid med Arne Svingen og Reidar Kjelsen]
  • 2003 – Rottenes plan : og andre forunderlige fabler (Oslo: Gyldendal). ISBN 82-05-30305-3  [Av innhaldet: Heldig ku av Reidar Kjelsen]
  • 2004 – Din første leseløve (Oslo: Damm). ISBN 82-04-10169-4  [Av innhaldet: Slik vart Otto Monster til / Jon Ewo. Teikningar av Reidar Kjelsen]

I tidsskrift - eit utval

endre

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre