Revillon Frères

Revillon Frères ('Revillon-brørne') var eit fransk pels- og luksusvareføretak som blei skipa i Paris i 1723. Det blei fyrst kalla la Maison Givelet, før det blei kjøpt av Louis-Victor Revillon i 1839 og etterkvart blei omdøypt til Revillon Frères. Dette blei det største pelsføretaket i Frankrike. Det opna verksemder i London i 1869 og i New York i 1878.[1] Ved slutten av 1800-talet hadde Revillon butikkar i Paris, London, New York og Montreal.

Revillon Frères
RevillonFreres Logo.svg
40 La Boetie.jpg
Det tidlegare hovudkvarteret til Etablissements Révillon i Paris ved 4, rue La Boétie
Skipa1839
BransjeRetail sale of clothing in specialised stores, detaljhandel
LandFrankrike Sjå dette på Wikidata
HovudkontorParis Sjå dette på Wikidata

HistorieEndra

 
Revillon Frères, 180 Regent Street, London. Skiltet seier «Direct shipment from our Canadian posts».
 
Pels frå Revillon Frères ved Exposition Universelle (1900)
 
Våpenskjoldet til Etablissements Révillon på hovudkvarteret i Paris.

Gjennom pelsinnkjøpkontoret sitt i Leipzig (1876) og eit agentur i Moskva (1905) kjøpte selskapet det meste av pelsverket sitt i Moskva, Leipzig og ved årlege marknader i Nizjnij Novgorod (Gorki) ved Makarjevmarknaden og i Irbit ved Irbitmarknaden.[1]

Frå 1908-1909 opna Revillon Frères pelshandelpostar i Sibir, Mongolia og Turkestan.[1] I 1912 hadde føretaket 125 pelshandelpostar i Amerika og Sibir.[1] På 1960-talet kjøpte Revillon opp Grauer Furs, det fremste pelstilverkingsføretaket i New York. Grauer Furs var blitt skipa av den austerrikske innvandraren William Grauer, og seinare drive dei to sønene hans, Abraham og Herman. I 1970 forhandla Herman Grauer fram ein avtale der Revillon blei pelsleverandøren til Saks 5th Avenue. Denne avtalen varte ved til 1995.

I 1982 blei Revillon kjøpt opp av hypermarknadselskapet Cora, og blei del av luksusavdelinga Cora-Revillon. Denne blei seinare skild ut som eit eige selskap, Cora-Revillon, med private eigarar og Revillon som hovudmerket sitt. I tilleg til pels har Revillon også laga parfyme og moteklede.[2]

Verksemd i Canada (1893-1936)Endra

 
Det tidlegare hovudkvarteret til Revillon Frères i Edmonton i Canada, bygt i 1912

I 1899 opna Revillon Frères eit engros-varehus i Edmonton i Alberta, og i 1903 hadde føretaket 23 utsal i Canada.[3] Med Victor Revillon som eigar danna Revillon Frères etterkvart eit nettverk av pelshandelsposstar i Nord-Canada i direkte konkurranse med Hudson's Bay Company (HBC). Verksemda omfatta ei austleg og ei vestleg avdeling.

Den vestlege avdelinga omfatta postar som for det meste låg i Nord-Alberta, Saskatchewan og Manitoba. I 1911 hadde føretaket 13 postar nord og vest for Athabasca Landing. Etter å ha tileigna seg eit depot i Prince Albert i 1904 hadde det 10 postar til frå The Pas til Brochet og Nueltinsjøen til kanten av tundraen.[4]

Den vestlege avdelinga var i området kring Jamesbukta og Ungavabukta nord i Quebec med ein eigen flåte.[5] I 1909 hadde Revillon førtiåtte handelsstader i den austarktiske avdelinga si, medan HBC hadde femtito.[6] Mange inuittbusetnader i Nunavik nord i Quebec ligg på stader som opphavleg var handelspostar for Revillon Frères.

Selskapet blei registrert i Canada i 1912 som Revillon Frères Trading Company Ltd. I 1926 kjøpte Hudson's Bay Company 54 % av pelshandelsføretaket, og i 1936 var selskapet blitt heileigd av HBC. I 1938 blei namnet endra til Rupert's Land Trading Company.[7]

 
Revillon Frères-post i Repulse Bay, juni 1926
Foto: L.T. Burwash
 
Det stengde Revillon Frères Museum i Moosonee i Ontario i januar 2005.

Revillon Frères støtte Robert Flaherty sin film Nanook of the North (1922) økonomisk.[8] Denne er blitt rekna som den fyrste kanadiske dokumentarfilmen.[9] Filminga gjekk føre seg nær ein av handelspostane deira ved Inukjuak i Quebec, nordaust for Hudsonbukta.

Ilya Andreyevich Tolstoy, eit barnebarn av Lev Tolstoj, var ved Revillon Frères-posten Windy Lake ved Nueltinsjøen vinteren 1928-1929. Han var med i ei gruppe som prøvde å filma trekkande karibu for William Douglas Burden og William C. Chanler sin film The Silent Enemy, ein av dei siste og største stumfilmane, som kom ut i 1930.[10]

Glenbow Museum i Calgary har ei samling av over 300 fotografi frå Revillon-postane og av skipa deira og varer selde på handelsstadane deira.[11] Mange av bileta er tekne av Samuel Herbert Coward, direktøren for Revillon Frères Trading Company Ltd. i Canada frå 1904 til 1931.[12] Det var tidlegare òg eit Revillon Frères Museum i Moosonee i Ontario.

KjelderEndra

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 «Ascension et déclin de Revillon Frères au Canada (note 2) by Pierrette Paule Désy». 31. sesember 2013. 
  2. Nast, Condé (7. juli 2003), «REVILLON AND ON», British Vogue (på engelsk), henta 5. februar 2023 
  3. «Revillon Frères (Alberta Archives-Alberta on Record)». 31 December 2013. 
  4. Morris Zaslow (1971). The opening of the Canadian North, 1870-1914. McClelland and Stewart. s. 239–240. ISBN 9780771090721. 
  5. Morris Zaslow (1971). The opening of the Canadian North, 1870-1914. McClelland and Stewart. s. 239–240. ISBN 9780771090721. 
  6. Kermoal, Nathalie, Alberta's Francophones. Les Editions GID, 2005; http://www.musee-mccord.qc.ca/en/collection/artifacts/L103.30 Arkivert 2016-03-05 ved Wayback Machine.
  7. «Revillon Frères Trading Company (1926-1938) Archives of Manitoba». 31 December 2013. 
  8. How I filmed Nanook of the North, Robert Flaherty, transcribed by David Pierce from World's Work, October 1922
  9. Kermoal, Nathalie. Alberta's Francophones, Les Editions GID, 2005
  10. «"When the Caribou Failed": Ilia Tolstoy in the Barren Lands, 1928-1929 by Graham A. MacDonald (The Manitoba Historical Society)». 31 December 2013. 
  11. «Glenbow Museum Archives Photographs (search Revillon+Freres)». 31. desember 2013. 
  12. «Glenbow Museum Archives Photographs by Samuel Herbert Coward». 27 February 2014.