Opna hovudmenyen

Rigel, med Bayernemninga Beta Orionis (β Ori, β Orionis), er den mest lyssterke stjerna i stjernebiletet Orion og den sjuande mest lyssterke stjerna på nattehimmelen, med tilsynelatande storleiksklasse 0,12. Sett frå jorda er ho i røynda eit trippeltsystem der primærstjerna (Rigel A) er ei blåkvit superkjempe med absolutt storleiksklasse −7,84 og kring 120 000 gonger så lyssterk som sola. Ho er ein Alfa Cygni-variabel, som pulserer periodisk. Rigel B er synleg i små teleskop og er i seg sjølv ei spektroskopisk dobbeltstjerne, som består av to blåkvite stjerner i hovudserien med spektralklasse B9.

Rigel, Beta Ori
Orion IAU.svg
Cercle rouge 100%.svg

Plasseringa til Rigel (sirkel)
Observasjonsdata
Epoke J2000.0      Ekvinoks J2000.0
Stjernebilete Orion
Rektascensjon 05h 14m 32.27210s[1]
Deklinasjon −08° 12′ 05.8981″[1]
Karakteristikk
SpektralklasseB8 Ia[2]
U−B fargeindeks−0.66[3]
B−V fargeindeks−0.03[3]
Variabel typeAlfa Cygni[4]
Astrometri
Radialsnøggleik (Rv)17.8 ± 0.4[5] km/s
Parallakse (π)3.78 ± 0.34[1] mas
Avstand860 ± 80 ly
(260 ± 20 pc)
Absolutt storleiksklasse (MV)–7.92 ± 0.28[2]
Detaljar
Masse21 ± 3[6] M
Radius78.9 ± 7.4[2] R
Luminositet (bolometrisk)1.20+0.25−0.21×105[2] L
Overflategravitasjon (log g)1.75 ± 0.10[6] cgs
Temperatur12,100 ± 150[6] K
Metallisitet [Fe/H]–0.06 ± 0.10[7] dex
Rotasjonssnøggleik (v sin i)25 ± 3[6] km/s
Alder8 ± 1[7] mill. år
Andre namn
Rigel, Algebar, Elgebar, β Ori, 19 Ori, HD 34085, HR 1713, HIP 24436, SAO 131907, TD1 4253.[8]
Databasereferanse
SIMBADdata

Spektroskopiske estimat av avstanden til Rigel er mellom 700 og 900 lysår, medan parallaksemålingar frå Hipparcos-satellitten gav avstanden til å vere 860 lysår, med ein feilmargin på kring 9 %.[1] Rigel A er ei blå superkjempe, med kring 21 solmassar, og skin kring 120 000 gonger kraftigare enn sola. Overflatetemperaturen hennar er kring 12 100 K.

KjelderEndra

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 van Leeuwen, F. (November 2007). «Validation of the new Hipparcos reduction». Astronomi and Astrophysics 474 (2): 653–664. Bibcode:2007A&A...474..653V. arXiv:0708.1752. doi:10.1051/0004-6361:20078357. 
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 Moravveji, Ehsan; Guinan, Edward F.; Shultz, Matt; Williamson, Michael H.; Moya, Andres (March 2012), «Asteroseismologoi of the nearby SN-II Progenitor: Rigel. Part I. The MOST High-precision Photometry and Radial Velocity Monitoring», The Astrophysical Journal 747 (1): 108–115, Bibcode:2012ApJ...747..108M, arXiv:1201.0843, doi:10.1088/0004-637X/747/2/108 
  3. 3,0 3,1 Nicolet, B. (1978). «Photoelectric photometric Catalogue of homogeneous measurements in the UBV System». Astronomi and Astrophysics Supplement Series 34: 1–49. Bibcode:1978A&AS...34....1N. 
  4. Moravveji, Ehsan; Moya, Andres; Guinan, Edward F. (April 2012), «Asteroseismologoi of the nearby SN-II Progenitor: Rigel. Part II. ε-mechanism Triggering Gravity-mode Pulsations?», The Astrophysical Journal 749 (1): 74–84, Bibcode:2012ApJ...749..74M Check |bibcode= length (hjelp), doi:10.1088/0004-637X/749/1/74 
  5. doi:10.1134/S1063773706110065
  6. 6,0 6,1 6,2 6,3 doi:10.1051/0004-6361/201014164
  7. 7,0 7,1 Przybilla, N.; et al. (January 2006). «Quantitative spectroscopy of BSuperkjemper klasse A». Astronomi and Astrophysics 445 (3): 1099–1126. Bibcode:2006A&A...445.1099P. arXiv:astro-ph/0509669. doi:10.1051/0004-6361:20053832. 
  8. «SIMBAD Astronomical Database». Results for Rigel. Henta 13. juni 2016. 

Koordinatar:   05h 14m 32.272s, −08° 12′ 05.91″