Rub' al Khali

(Omdirigert frå Rub Al Kali)

Rub' al Khali (arabisk الربع الخالي, ar-Rubʿ al-Ḫālī , «Den tomme fjerdedelen») er den største samanhengande sandørkenen i verda ( erg),[1] som utgjer det meste av den sørlege tredjedelen av Den arabiske halvøya. Ørkenen dekkjer kring 650 000 km² (området mellom 44°30′ −56°30′A. og 16°30′ −23°00′N) med delar i Saudi-Arabia, Oman, Dei sameinte arabiske emirata og Jemen.[2] Han er ein del av Den arabiske ørkenen.

Rub' al Khali
arabisk الربع الخالي, Den tomme fjerdedelen
ørken
Sanddyner i Rub' al Khali.
Land  Saudi-Arabia,  Oman  Dei sameinte arabiske emirata,  Jemen
Del av Midtausten
Lengd 1 000 km
Areal 650 000 km²
Kart
Rub' al Khali
20°N 50°E / 20°N 50°E / 20; 50
Den tomme fjerdedelen i Arabia.
Den tomme fjerdedelen i Arabia.
Den tomme fjerdedelen i Arabia.
Wikimedia Commons: Rub' al Khali

Skildring endre

 
Typisk, lys grusslette omgjeve av store sanddyner.
 
Vatn funne berre tre meter under overflata.

Terreng endre

Ørkenen er 1 000 kilometer lang og 500 kilometer brei. Høgda varierer frå 800 moh i sørvest til kring havnivå i nordaust.[3] Terrenget er dekt med sanddyne med høgder opp til 250 meter, med grus- og gipssletter i mellom.[2][3] Sanden er raudaktig oransje fordi han inneheld feltspat.[3]

Det finst òg saltsletter med brakkvatn i somme område, som Umm al Samim lengst aust i ørkenen.[3]

Innsjøbotnar endre

Langs midten av ørkenen er det fleire høgareliggande, størkna område av kalsiumkarbonat, gips, mergel eller leire, som ein gong var grunne sjøar. Desse sjøane eksisterte frå 6 000 til 5 000 år sidan til 3 000 til 2 000 år sidan. Ein trur innsjøane oppstod som følgje av «katastrofalt regn» liknande dagens monsunregn og varte truleg berre nokre få år. Innsjøane i Mundafenområdet sørvest for Rub' al Khali syner at dei varte lengre, opp til 800 år, på grunn av auka avrenning frå Tuwaiqskrenten.[2]

Ein har funne spor som indikerer at innsjøane hadde eit variert plante- og dyreliv. Fossile funn indikerer at her var fleire dyreartar, som flodhest, vassbøffel og urokse. Innsjøane inneheldt òg sniglar, kreps og når tilhøva var høvande, ferskvasskjel. Avsetjingar av kalsiumkarbonat og opal fytolitt indikerer at her var planter og algar. Ein har òg funne spor av menneske datert til 3 000 til 2 000 år sidan, som skorne flintreiskap, men ingen leivningar etter menneske.[2]

Klima endre

Regionen har eit varmt ørkenklima som er typisk for den større Arabiske ørkenen. Regionen er klassifisert som «hypertørr» med ein årsnedbør mindre enn 30 mm. Den daglege maksimumstemperaturen er 47 °C og kan nå så høgt som 51 °C.[3]

Biologisk mangfald endre

Av dyreliv finn ein spinnarar (t.d. skorpionar) og gnagarar, i tillegg til fleire planter. Som ein økoregion høyrer Rub' al Khali til Den arabiske ørkenen og det austsaharisk-arabiske tørre krattlandet.[3]

Olje endre

Geologisk sett er Den tomme fjerdedelen ein av dei mest oljerike stadane i verda.[treng kjelde] Det er oppdaga enorme oljereservar under sanddynene.[treng kjelde] Sheyba, nordaust i Rub' al Khali, er ein stor produksjonsstad for lett råolje i Saudi-Arabia. Ghawar, det største oljefeltet i verda, strekkjer sseg sørover til dei nordlege delane av Den tomme fjerdedelen.

Historie endre

 
Satellittbilete av sanddyner i Den tomme fjerdedelen.

Ørkenspreiinga har auka gjennom historia. Før ørkenspreiinga gjorde karavanestiane gjennom Rub' al Khali vanskeleg, kryssa røykjelseskaravanane område som i dag ikkje er mogelege å krysse, fram til kring 300 evt.[4] Ein trur at Ubar eller Iram, ein tapt by, var avhengig av slik handel.[5] Spor av kameltråkk er berre synlege på satellittbilete, men ikkje frå bakken.[6] Fram til nyare tid har stammefolk budd i somme delar av ørkenen, og det største området var Najran-regionen. Eit par vegar gjekk frå desse stammebusetnadane til vassressursar og oljeproduksjonssenter.

Ekspedisjonar endre

Den første dokumenterte reisa av utlendingar vart utført av dei britiske oppdagarane Bertram Thomas i 1931 og St. John Philby i 1932. Mellom 1946 og 1950 kryssa Wilfred Thesiger fleire gonger området og kartla store delar av Den tomme fjerdedeln, mellom anna fjella i Oman.

I juni 1950 kryssa ein ekspedisjon frå US Air Force Rub' al Khali frå Dhahran i Saudi-Arabia til det sentrale Jemen og attende[7] i lastebilar for å hente artar for Smithsonian Institution og for å teste overlevelsesprosedyrar i ørkenen.[8]

I 1999 vart Jamie Clarke den første vestlege som kryssa Den tomme fjerdedelen i Arabia på femti år. Laget hans bestod av seks mann, mellom anna tre beduinar, og dei brukte 40 dagar på å krysse ørkenen med ein karavane på 13 kamelar.[9]

Den 25. februar 2006 byrja ein vitskapleg ekskursjon organisert av Saudi geologiske undersøkingar å utforske Den tomme fjerdedelen. Ekspedisjonen bestod av 89 miljøaktivistar, geologar og vitskapsfolk frå Saudi-Arabia og utlandet. Dei oppdaga fleire fossil av forskjellige skapningar, og meteorittar. Ekspedisjonen oppdaga 31 nye planteartar, og 24 forskjellige fugleartar.[10]

Den 28. mars 2012 vart Hajar Ali den første kvinna som kryssa Den tomme fjerdedelen.[11] Ekspedisjonen byrja i Al-Ain i Abu Dhabi og enda i Salalah i Oman.

Galleri endre

Sjå òg endre

Kjelder endre

  1. Peter Vincent (2008). Saudi-Arabia: an environmental overview. Taylor & Francis. s. 141. ISBN 978-0-415-41387-9. Henta 28. desember 2015. 
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 Clark, Arthur (June 1989). Amdt, Robert, red. «Lakes of the Rub' al-Khali». Saudi Aramco World 40 (3): 28–33. ISSN 0003-7567. Henta 28. desember 2015. 
  3. 3,0 3,1 3,2 3,3 3,4 3,5 «Den arabiske ørkenen og det austsaharisk-arabiske tørre krattlandet». Terrestrial Ecoregions. World Wildlife Fund. Henta 28. desember 2015. 
  4. Van Beek, G. W. (1958). «Frankincense and myrrh in ancient South Arabia». Journal of the American Oriental Society 78 (3): 141–152. JSTOR 595284. 
  5. Thomas, B. (1993). «Ubar—the Atlantis of the sands of rub' Al Khali». Journal of the Royal Central Asian Society. 
  6. Fisher, J.; Fisher, B. (1999). «The use of KidSat images in the further pursuit of the røykjelse roads to Ubar». IEEE Transactions on Geoscience and Remote Sensing 37 (4): 1841–1847. doi:10.1109/36.774697. 
  7. http://www.zianet.com/tmorris/june1950expedition-1.jpg
  8. Ted A. Morris. «US Air Force Air Sea Rescue in Saudi-Arabia 1950-1951». Zianet.com. Henta 9. april 2011. 
  9. Everest to Arabia. Clarke J. Azimuth Inc. 2000
  10. Saudi geologiske undersøkingar. «Desert Studies». Henta 28. oktober 2011. 
  11. arkivkopi, arkivert frå originalen 16. august 2020, henta 28. desember 2015 

Bakgrunnsstoff endre