Syreslekta
planteslekt
(Omdirigert frå Rumex)
- For andre tydingar av oppslagsordet, sjå syre.
Syrer er ei planteslekt i slireknefamilien som omfattar rundt 200 artar som kan vera eittårige, toårige eller fleirårige (staudar) og har syrlege blad. Dei store, grove artane blir i Noreg gjerne kalla «høymole» og dei mindre «syre».
Syreslekta | |
Systematikk | |
Rike: | Planteriket Plantae |
Rekkje: | Karplantar Tracheophytes |
Underrekkje: | Frøplantar Spermatophytes |
Orden: | Nellikordenen Caryophyllales |
Familie: | Slireknefamilien Polygonaceae |
Underfamilie: | Polygonoideae |
Stamme: | Rumiceae |
Slekt: | Syreslekta Rumex L., 1753 |
Syrene er opprettveksande plantar med kraftige pålerøter. Blada dannar ein grunnstilt rosett, mens dei få blada på dei blomstrande skota er spreidtstilde og som regel smalare. Blomane er svært små, men sit samla i store mengder i toppen av skota. Dei fleste artane inneheld oksalsyre og tannin.
I Noreg finst det 16 artar, fleire er innførte og rekna som ugras, medan andre kan etast. Engsyre og småsyre er mellom dei som kan brukast til supper og salatar.
Kjelder
endre- «Syre: planteslekt» (5. desember 2009), Store norske leksikon. Fri artikkel henta 5. april 2014.
- Denne artikkelen bygger på «Syreslekta» frå Wikipedia på bokmål, den 5. april 2014.
Bakgrunnsstoff
endre
Wikispecies har taksonomisk informasjon om Rumex