Runde fyrstasjon
Runde fyr ligg på Runde i Herøy kommune på Sunnmøre. Det vart oppretta i privat eige som det femte fyret i Noreg etter Lindesnes fyr i 1767.
Runde fyrstasjon | |||
Fylke | Møre og Romsdal | ||
---|---|---|---|
Kommune | Herøy | ||
Funksjon | Kystfyr | ||
Oppretta | 1767 | ||
Koordinatar | 62°24.7798′N 5°35.1997′E / 62.4129967°N 5.5866617°E | ||
Fyrtårn | |||
Høgd | 14,1 | ||
Form | Fyrbygning med tårn | ||
Byggjemateriale | Betong | ||
Fyrlys | |||
Lyskarakter | Okkulterande kvart 6. sekund | ||
Lyshøgd | 49,5 moh. | ||
Lysvidde | 18,9 nm | ||
Status | |||
Eigar | Staten | ||
Automatisert | 2002 | ||
Avfolka | 2002 | ||
Vernestatus | Freda etter lov om kulturminne | ||
Runde fyrstasjon 62°24′53″N 5°35′02″E / 62.41472222°N 5.58388889°E | |||
I 1807 tok staten over fyret som vart automatisert i september 2002. Ålesund-Sunnmøre Turistforening (ÅST) har etter dette fått i stand ein avtale med Kystverket, og har sidan juli 2003 nytta den nyaste fyrvaktarbustaden som turisthytte. Heile fyrstasjonen vart verna av riksantikvaren i 2001.
Fyrstasjonen ligg i nærleiken av Rundabranden som er det sørlegaste fuglefjellet i landet, og området ligg innanfor Runde naturreservat som er freda etter lov om naturvern.
Historie
endreDå Runde fyr vart oppretta i 1767, var det fordi auka trafikk langs kysten førte til fleire ulukker, og ikkje minst rundt Runde var det farleg å ferdast. Mellom anna hadde det nederlandske handelsskipet Akerendam gått ned like ved Kvalneset, der fyret står no, i 1725. I starten var fyret mest som ei gryte som ein heldt fyr i, men i 1826, nokre år etter at staten tok over, vart det oppgradert til eit lukka kolblussfyr. Seinare, i 1858, vart det bygd eit støypejernstårn ytst ute på Kvalneset. Nedste del av dette tårnet er bevart, medan resten vart flytta til Sklinna fyrstasjon i Nord-Trøndelag.
I 1935 vart fyret vidare oppgradert til eit betongtårn som står lenger oppe i skråninga. Lykta i det nye tårnet vart tent 27. august same året. Fyret vart etterkvart meir og meir automatisert og i 2002 var det ikkje lenger naudsynt med menneskeleg overvaking og den siste fyrvaktaren flytta ut.
Busetnad på fyrstasjonen
endreDei gamle fyra måtte overvakast nærast døgeret rundt, noko som medførte at fyrvaktaren måtte bu så nær som mogleg. Per 2005 består fyrstasjonen av 6 bygg; sjølve fyrbygningen, smie, 2 bustadshus, kombinert fjøs og låve, og olje- og vedbod. I desse husa helt tidvis svært mange til. Gjennom åra budde der fyrvaktarar, assistentar, koner, born, guvernanter, tenestefolk og husdyr. Guvernantene var der for å halde skule for borna.
« |
Rundøy fyr |
» |
Kjelder
endre- «Norsk fyrliste 2008 - side 311» (PDF - 15 mb). Kystverket.
- «Runde fyrstasjon». Norsk Fyrhistorisk Forening.
Bakgrunnsstoff
endre- Offisiell omtale av Runde fyr som freda fyrstasjon Arkivert 2007-09-29 ved Wayback Machine.
- Ålesund-Sunnmøre Turistforening si side om fyret
- Runde fyrstasjon i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren