Sædgås

Status i verda: LC Livskraftig
Status i Noreg: VU Sårbar[1]

Anser fabalis
Anser fabalis

Systematikk
Rekkje: Chordata
Klasse: Aves
Orden: Anseriformes
Familie: Anatidae
Slekt: Anser
Vitskapleg namn
Anser fabalis

Sædgåsa (Anser fabalis) er ein fugl i andefamilien som lever i Noreg om sommaren. Arten er ein av dei 3800 artane som er å finna på norsk raudliste 2006. Ho er ein stor gåseart som hekkar i nordlege skogsområde i Nord-Europa og Asia. Sædgåsa er ein trekkfugl, og overvintrar lenger sør i Europa og Asia.

Sædgås
Namn på andre språk
NordsamiskČuonjá
SvenskSädgås
DanskSædgås
EngelskBean Goose
TyskSaatgans, Rietgans
FranskOie des moissons
SpanskÁnsar campestre
RussiskGumennik (Гуменник)
Sædgåsegg

Lengda varierer frå 69 til 88 centimeter, vengespennet 140-174 cm. Gjennomsnittleg vekt for hannfuglar av nominatforma er 3,2 kg, og for hofuglar 2,84 kg.[2] Nebbet er svart på basen og tuppen, med eit oransje band over midten. Bein og føter er i klåre guloransje farge. Dei øvre vengdekkarane er mørk brune, som hos tundragås, (Ansar albifrons) og dverggås (A. erythropus), men skil seg frå desse i å ha tydelege kvite kantar i vengfjørene. Den nært nærskylde kortnebbgås (A. brachyrhynchus) liknar mykje, men har kortare nebb og hals, øvre vengdekkarar har ei blågrå farge, og dei har eit breitt kvitt endeband på halefjørene der sædgåsa berre har eit smalt band.

Ropet er ein høg honking, høgast i toneleie blant dei minste underartane.

KjelderEndra

ReferansarEndra

  1. Rødlistedatabasen (vitja 4. desember 2011)
  2. CRC Handbook of Avian Body Masses by John B. Dunning Jr. (Editor). CRC Press (1992), ISBN 978-0849342585.

BakgrunnsstoffEndra

  Commons har multimedia som gjeld: Sædgås