Anser

slekt av andefuglar
Anser
Grågås Foto: Oli Bac
Grågås
Foto: Oli Bac
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Orden: Andefuglar Anseriformes
Overfamilie: Anatoidea
Familie: Andefamilien Anatidae
Underfamilie: Anserinae
Stamme: Gås Anserini
Slekt: Anser
Brisson, 1760

Anser er ei biologisk slekt av åtte artar «grå gjæser», vassfuglar i andefamilien Anatidae. Slekta har ein holarktisk distribusjon, med minst éin art hekkar i eit ope, vått habitat i subarktiske og kjølige tempererte strøk på den nordlege halvkula om sommaren. Nokre hekkar òg vidare sørover, og inn i varme tempererte regionar. De fleste trekkjer sørover om vinteren, vanlegvis til regionane i den tempererte sona.

Artane i slekta varierer i storleik frå den største, sædgås, på opptil 88 cm, og den minste, dverggås, på 54 til 66 cm. Alle har bein og føter som er rosa eller oransje, og nebb som er rosa, oransje eller svart. Alle har kvite under og øvre haledekkfjører, og fleire har ei viss grad av kvitt på hovudet. Halsen, kroppen og vengene er grå eller brune, med svarte eller gråsvarte handsvingfjører og ofte òg armsvingfjører. Dei nært nærskylde gjæsene i slekta Branta er ulike ved å ha svarte bein, og generelt mørkare fjørdrakt.

Artslista endre

Anser i rekkjefølgje etter EBird/Clements Checklist v2017[1] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler:[2]

Namn Vitskapleg namn Engelsk namn Status Autor Utbreiing etter Handbook of the Birds of the World Alive.[3][4]
Stripegås A. indicus Bar-headed Goose LC Latham, 1790 Hekkar i åtskilte område i sentrale Asia, særleg Tibetplatået og Mongolia. Overvintrar sør for Himalaya i Pakistan, India, Bangladesh, Myanmar og Thailand.[5]
Keisargås A. canagica Emperor Goose NT Sevastianov, 1802
Snøgås A. caerulescens Snow Goose LC Linné, 1758
Eskimogås A. rossii Ross's Goose LC Cassin, 1861
Grågås A. anser Graylag Goose LC Linné, 1758
 

Eurasia frå Island i vest austover gjennom Europa, Kasakhstan, Mongolia, nordlege Kina, sørlege Russland inn i Khabarovsk kraj lengst aust. Overvintringsområde òg frå Portugal og nordlege Marokko i vest, Irak, Iran, fra Afghanistan austover gjennom nordlege India, Myanmar og gjennom sørlege Kina til Gulehavet.[6]
Svanegås A. cygnoides Swan Goose VU Linné, 1758 Hekkar i oppstykka område i Sentral-Asia, vesentleg Mongolia, Indre Mongolia og Heilongjiang i Kina, aust til nordre Sakhalin. Overvintrar i Søraust-Kina og på Koreahalvøya.[7]
Tundragås A. albifrons Greater White-fronted Goose LC Scopoli, 1769 Nordvestre, sentrale og søraustre Europa, Sørvest-Asia, Pakistan, nordlege India og austlege Kina. Stillehavskysten av Asia, Japan; vestlege Amerika (California og Mexico), sørvestre USA og i Mexico, hekkebestanden på Grønland overvintrar på Dei britiske øyane.[8]
Dverggås A. erythropus Lesser White-fronted Goose VU Linné, 1758 Hekkar fragmentert i eit smalt band frå nordre og indre Skandinavia, Nord-Finland, Kola-halvøya og tvers over Sibir til stillehavskysten. Overvintrar i sentrale og søraustlege Europa, aust til Iran og inn i søraustre Kina, Korea og Japan.[9]
Sædgås A. fabalis Taiga Bean-Goose LC Latham, 1787 Nordlege Eurasia frå nordlege Fennoskandia gjennom heile nordlege Russland i Europa og asiatisk Russland til Stillehavet, dels inn i nordlege Mongolia og inn i Heilongjiang i nordaustleg Kina. Overvintringsområde spreidd i Europa, sørlege Kasakhstan, austlege Kina, Koreahalvøya og Japan. Arten sitt hekkeområde i Noreg er avgrensa til indre Finnmark.[10]
Tundrasædgås A. serrirostris Tundra Bean-Goose NR Swinhoe, 1871 A. s. rossicus: Russisk taiga frå Kaninhalvøya til Tajmyrhalvøya, overvintrar i vestre og sentrale Europa og Sørvest-Asia.
A. s. serrirostris: Frå Lena i Sibir omtrent til Anadyrplatået i Tsjukotka, Sibir.
Kortnebbgås A. brachyrhynchus Pink-footed Goose LC Baillon, 1834 Hekkar på Nordaust-Grønland, i Island og på Svalbard. Overvintrar i Storbritannia, kystområda i Belgia, via Nederland, kystområda av vestlege Tyskland og inn i vestlege Danmark.[11]
Utbreiing i Noreg

Svanegås har hatt to observasjonar i Noreg fra og med år 2000 til og med 2015. Stripegås har blitt observert meir enn 1000 gongar etter tusenårsskiftet.[12] Kortnebbgås hekkar på Svalbard og passerer Fastlands-Noreg under trekket. Sædgås, dverggås og grågås er hekkefuglar i Fastlands-Noreg.

Kjelder endre

Referansar endre

  1. Schulenberg T.S.; M.J. Iliff; B.L. Sullivan; C.L. Wood; T. A. Fredericks; D. Roberson (august 2017), eBird/Clements Checklist v2017 (CSV), Cornell Lab of Ornithology, henta 1. oktober 2017 
  2. Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. med oppdateringar i 2017. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 21.12.2017)
  3. Clements, J.F.; T. S. Schulenberg; M. J. Iliff; B.L. Sullivan; C. L. Wood; D. Roberson (august 2015), The eBird/Clements checklist of birds of the world: Version 6.10 (CSV), Cornell Lab of Ornithology, henta 18. mai 2016 
  4. Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 22.5.2008)
  5. Carboneras, C. & Kirwan, G.M. (2016). Bar-headed Goose (Anser indicus). In: del Hoyo, J., Elliott, A., Sargatal, J., Christie, D.A. & de Juana, E. (eds.). Handbook of the Birds of the World Alive. Lynx Edicions, Barcelona. (retrieved from http://www.hbw.com/node/52816 on 18 May 2016).
  6. Carboneras, C., Kirwan, G.M. & Garcia, E.F.J. (2016). Greylag Goose (Anser anser). In: del Hoyo, J., Elliott, A., Sargatal, J., Christie, D.A. & de Juana, E. (eds.). Handbook of the Birds of the World Alive. Lynx Edicions, Barcelona. (retrieved from http://www.hbw.com/node/52815 on 18 May 2016).
  7. Carboneras, C. & Kirwan, G.M. (2016). Swan Goose (Anser cygnoid). In: del Hoyo, J., Elliott, A., Sargatal, J., Christie, D.A. & de Juana, E. (eds.). Handbook of the Birds of the World Alive. Lynx Edicions, Barcelona. (retrieved from http://www.hbw.com/node/52810 on 18 May 2016).
  8. Carboneras, C., Kirwan, G.M. & Garcia, E.F.J. (2016). Greater White-fronted Goose (Anser albifrons). In: del Hoyo, J., Elliott, A., Sargatal, J., Christie, D.A. & de Juana, E. (eds.). Handbook of the Birds of the World Alive. Lynx Edicions, Barcelona. (retrieved from http://www.hbw.com/node/52813 on 18 May 2016).
  9. Carboneras, C. & Kirwan, G.M. (2016). Lesser White-fronted Goose (Anser erythropus). In: del Hoyo, J., Elliott, A., Sargatal, J., Christie, D.A. & de Juana, E. (eds.). Handbook of the Birds of the World Alive. Lynx Edicions, Barcelona. (retrieved from http://www.hbw.com/node/52814 on 18 May 2016).
  10. Carboneras, C. & Kirwan, G.M. (2016). Bean Goose (Anser fabalis). In: del Hoyo, J., Elliott, A., Sargatal, J., Christie, D.A. & de Juana, E. (eds.). Handbook of the Birds of the World Alive. Lynx Edicions, Barcelona. (retrieved from http://www.hbw.com/node/52811 on 18 May 2016).
  11. Carboneras, C. & Kirwan, G.M. (2016). Pink-footed Goose (Anser brachyrhynchus). In: del Hoyo, J., Elliott, A., Sargatal, J., Christie, D.A. & de Juana, E. (eds.). Handbook of the Birds of the World Alive. Lynx Edicions, Barcelona. (retrieved from http://www.hbw.com/node/52812 on 18 May 2016).
  12. Søk på artsobservasjoner.no

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Anser