Opna hovudmenyen
Оңтүстік Қазақстан облысы
Sør-Kasakhstan oblast
Våpen Plassering
Våpenet til Sør-Kasakhstan oblast Plasseringa til Sør-Kasakhstan oblast i Kasakhstan
Koordinatar 43°0′0″N 68°0′0″EKoordinatar: 43°0′0″N 68°0′0″E
Tidssone UTC+6
Administrasjon
Land Flag of Kazakhstan.svg Kasakhstan
Hovudstad Tsjimkent
Akim Nurgali Asjimov
Inndeling
 – Raionar 11
 – Byar 21
Statistikk
Areal [1] 117 300 km²
Folketal 2 282 500 (01/2007)[1]
 - Folketettleik 19 /km²
Anna informasjon
Postnummer 160000
Retningsnummer +7 (725)
Bilnummer X
Nettside http://www.ontustik.kz

Sør-Kasakhstan (kasakhisk Оңтүстік Қазақстан облысы Ontustik Kazakstan oblysy) er eit oblast i Kasakhstan. Det er det sørlegaste oblastet i landet og har om lag 2,3 millionar innbyggjarar. Hovudstaden er Tsjimkent med 539 000 innbyggjarar. Andre byar i Sør-Kasakhstan er Turkestan, Sajram, Kentau, Arys, Sjardara, Jetisaj, Sarjag'asj og Lenger. I lag med Atyrau oblast er han det minste oblastet i Kasakhstan ut frå areal, som er 117 300 km².

Sør-Kasakhstan grensar til Usbekistan (og ligg svært nær den usbekiske hovudstaden Tasjkent) i tillegg til tre andre kasakhstanske oblast, Karagandy oblast, Kyzylorda oblast og Zjambyl oblast. Syr-Darja renn gjennom oblastet på veg til Aralsjøen. Ein oljerøyrleidning går gjennom oblastet frå Turkmenabat i Turkmenistan til Omsk Russland. I Sjymkent ligg det eit oljeraffineri, samt fabrikkar som handsamar bly og sink.

Fjell i Sør-Kasakhstan

DemografiEndra

Sør-Kasakhstan er det tettast folkesette olbastet i Kasakhstan. Ein har betre klimatiske tilhøve, betre tilgang på vatn og betre infrastrutkur her enn i andre delar av landet og mange har busett seg her av den grunn. Han ligg òg nær Tasjkent og Silkevegen.

KjeldeEndra

FotnotarEndra