Sancristobalspottefugl

art av sporvefuglar

Sancristobalspottefugl (Mimus melanotis) er ein spottefugl i den biologiske slekta Mimus som er endemisk for øya San Cristóbal i Galápagosøyane i Ecuador. Han er ein av fire nært nærskylde spottefuglartar som er endemiske for øygruppa.

Sancristobalspottefugl
Sancristobalspottefugl Foto: Wikimedia-brukar Benjamint444
Sancristobalspottefugl
Foto: Wikimedia-brukar Benjamint444
Utbreiing og status
Status i verda: NT Nær trugaUtbreiinga av Sancristobalspottefugl
Utbreiinga av Sancristobalspottefugl
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Orden: Sporvefuglar Passeriformes
Familie: Spottefuglar Mimidae
Slekt: Mimus
Art: Sancristobalspottefugl M. melanotis
Vitskapleg namn
Mimus melanotis

Skildring

endre

Sancristobalspottefuglar har middels kroppslengd for slekta, 25-26 centimeter, men har mindre masse, gjennomsnittleg 48 og 53 gram for hofuglar og hannfuglar høvesvis.[1] Utsjånaden er ein mellomting mellom artane galapagosspottefugl og espanolaspottefugl,[2] nebbet er merkbart kortare hos sancristobalspottefugl enn begge dei to andre. Fjørdrakta er litt streka gråbrun med ein lys, nær kvit buk. Tygelområdet mellom overkant av nebbrota og auget er iaugefallande svart.

Dei lever spreitt over heile øya, opptar totalt over ca. ein firedel av arealet,[3] her finst dei på nokså opne område, unngår tett skog og kratt. Som dei andre spottefuglane på øygruppa er dei altetarar, men føretrekker leddyr som dei plukkar på bakken.[1]

Storleiken på populasjonen er estimert til 5300 individ og er trudd å vere minkande. Arten er klassifisert som sterkt truga, EN.[4]

Kjelder

endre
Referansar
  1. 1,0 1,1 Cody, M. & Sharpe, C.J. (2017) San Cristobal Mockingbird (Mimus melanotis) I: del Hoyo, J., Elliott, A., Sargatal, J., Christie, D.A. & de Juana, E. (eds.) (2016). Handbook of the Birds of the World Alive. Lynx Edicions, Barcelona. Henta den 18. mars 2017
  2. Fitter, Julian; Fitter, Daniel; Hosking, David (5. januar 2016). Wildlife of the Galápagos: Second Edition. Princeton University Press. ISBN 978-0-691-17042-8. 
  3. Hirschfeld, Erik; Swash, Andy; Still, Robert (14. april 2013). The World's Rarest Birds. Princeton University Press. ISBN 978-0-691-15596-8. 
  4. BirdLife International (2017) Species factsheet: Mimus melanotis. Henta frå http://www.birdlife.org den 18. mars 2017

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Sancristobalspottefugl