Søndre Borgesyssel prosti

(Omdirigert frå Sarpsborg prosti)

59°16′56″N 11°6′39″E / 59.28222°N 11.11083°E / 59.28222; 11.11083

Sarpsborg kyrkje

Søndre Borgesyssel prosti (tidl. Sarpsborg prosti) er eit tenestedistrikt i Borg bispedømme i Den norske kyrkja. Det femner kommunane Halden og Sarpsborg. Prosten har sete i Sarpsborg.

Historie endre

Prostiet vart skipa som Sarpsborg prosti i 1973.[1] Det vart danna av prestegjelda Sarpsborg, Tune og Varteig overført frå Vestre Borgesyssel prosti og Idd, Halden, Berg og Skjeberg overført frå Nedre Borgesyssel prosti.[1] I 2019 vart prostinamnet endra til Søndre Borgesyssel.[2][3][4]

Tidslinje endre

  • 1973 - Sarpsborg prosti vart oppretta. Det bestod frå starten av prestegjelda Sarpsborg, Tune, Varteig, Idd, Halden, Berg og Skjeberg.
  • 1985 - Greåker prestegjeld vart oppretta. Området vart skilt ut frå Tune.[5]
  • 2004 - Den norske kyrkja byrjar fase ut ordninga med prestegjeld.

Sokn i Sarpsborg prosti endre

Prostiet er inndelt i sokn. Soknet er grunneininga i Den norske kyrkja. Dei som arbeider i kyrkja er anten tilsette av soknet gjennom kyrkjeleg fellesråd, eller dei er tilsette i prostiet. Dei fleste prestane er tilsette i prostiet, og har tenesta si knytt til eitt eller fleire sokn.

Sokn Kyrkje(r) Kyrkjeleg fellesråd
Asak sokn Asak kyrkje Halden
Berg sokn i Borg Berg kyrkje i Halden Halden
Enningdalen sokn Prestebakke kyrkje
Søndre Enningdalen kyrkje
Halden
Greåker sokn Greåker kyrkje Sarpsborg
Hafslund sokn Hafslund kyrkje Sarpsborg
Holleby sokn Holleby kyrkje Sarpsborg
Idd sokn Idd kyrkje Halden
Ingedal sokn Ingedal kyrkje Sarpsborg
Halden sokn Immanuels kyrkje Halden
Rokke sokn Rokke kyrkje Halden
Sarpsborg sokn Sarpsborg kyrkje Sarpsborg
Skjeberg sokn Skjeberg kyrkje Sarpsborg
Skjebergdalen sokn Skjebergdalen kyrkje Sarpsborg
Solli sokn Solli kyrkje Sarpsborg
Tistedal sokn Tistedal kyrkje Halden
Tune sokn Tune kyrkje Sarpsborg
Ullerøy sokn Ullerøy kyrkje Sarpsborg
Varteig sokn Varteig kyrkje
Hafslundsøy kyrkje
Sarpsborg

Prestegjeld endre

Tidlegare var prestetenesta organisert gjennom prestegjeld. Ordninga vart fasa ut frå 2004. Før utfasinga hadde Sarpsborg prosti desse prestegjelda:

Sjå òg endre

Referansar endre

  1. 1,0 1,1 ««Sarpsborg prosti»». Arkivportalen, Statsarkivet i Oslo. Henta 14. mars 2014. 
  2. Borg bispedømmeråd: Ny prosteinndeling i Borg bispedømme
  3. Kirkelig fellesråd i Sarpsborg: Innkalling til møte 14. mai 2019
  4. Borg bispedømme: Prostier, proster og menigheter i Borg
  5. ««Deling av Tune prestegjeld, Sarpsborg prosti, Borg bispedømme, Østfold..»». lovdata.no. 27. september 1985. 

Bakgrunnsstoff endre