Sehet, welch eine Liebe hat uns der Vater erzeiget
Sehet, welch eine Liebe hat uns der Vater erzeiget, BWV 64, er ein kyrkjeleg kantate komponert av Johann Sebastian Bach.
BWV 64 Kantate av Johann Sebastian Bach | |||
Sjanger | Koral | ||
---|---|---|---|
Periode | Barokken | ||
Komponert | 1723 | ||
Urframføring | 27. desember 1723 27. desember 1723 | ||
Publiseringsdato | 1868 | ||
Typisk lengd | 18:38 | ||
Satsar/akter | 8 |
Han vart komponert i Leipzig i 1723 for tredje juledag. Verket vart òg framført av Bach kring 1742 i Leipzig.
Teksten er henta frå Evangeliet etter Johannes (første sats), Martin Luther (andre sats), Balthasar Kindermann (fjerde sats), Johann Franck (åttande sats). Resten er anten skrive av Christian Weiss den eldre eller har ukjend opphavsmann.
Koralmelodiane er «Gelobet seist du, Jesu Christ» av Martin Luther (Wittenberg, 1524), «O Gott, du frommer Gott» av Johann Hermann (1630) og «Jesu, meine Freude» av Johann Franck (1650).
Instrumentering og struktur
endreStykket er instrumentert for zinke, obo d’amore, tre trombonar, to fiolinar, bratsj, orgel, basso continuo samt tre songsolistar (sopran, alt, bass) og firedelt kor.
Det består av åtte satsar:
- «Sehet, welch eine Liebe hat uns der Vater erzeiget», Koral
- «Das hat er alles uns getan», Koral
- «Geh, Welt, behalte nur das Deine», Resitativ for alt
- «Was frag' ich nach der Welt», Koral
- «Was die Welt in sich hält», Arie for sopran
- «Der Himmel bleibet mir gewiß», Resitativ for bass
- «Von der Welt verlang' ich nichts», Arie for alt
- «Gute Nacht, o Wesen, das die Welt erlesen», Koral
Kjelder
endre- «Sehet, welch eine Liebe hat uns der Vater erzeiget». Bach Cantatas. Henta 10. april 2010.
Bakgrunnsstoff
endre- Piano- og songpartitur for BWV 64 på bach-cantatas.com