Severin Roald (18581898) var ein norsk skodespelar frå VigraSunnmøre. Før han byrja som skodespelar arbeidde han som telegrafist i Sandefjord, Bergen og Kristiania. Det var først etter mora sin død i 1881 at han valde å satse på ei karriere innan teater.

Severin Roald
Severin Roald - 1897 - L. Szacinski (firmaet) - Oslo Museum - OB.SZ05807.jpg
Fødd28. april 1858
FødestadVigra kommune
Død3. april 1898 (39 år)
DødsstadKristiania
FødenamnSeverin Gabriel Roald
Verka somskodespelar
Portrett av Severin Roald frå Folkebladet nr. 10 1898

I byrjinga sleit Roald med å få roller, men etter å ha fått hjelp av Bjørn Bjørnson, som var teatersjef på Christiania Theater og son av Bjørnstjerne Bjørnson, fekk han tilbod om jobb. Han debuterte med ei rolle i «Maria Stuart i Skottland» av Bjørnstjerne Bjørnson. Han fekk gode kritikkar for rolletolkinga si, og vart raskt populær. Populariteten førte han ut i ei krise, noko som fekk Roald til å reise heim att til heimstaden Vigra. Seinare arbeidde han ved Bergens Theater under Gunnar Heiberg, der han i løpet av 8 år spelte til saman 170 roller. Deretter arbeidde han ein stutt periode ved Carl Johan Theater i Kristiania, før han vende attende til Christiania Theater. Der fekk han si største rolle som Byggmester Solness i Henrik Ibsen sitt drama med same tittel. Då Ibsen ei tid seinare vart 70 år gammal, vart det markert med ei ekstra framsyning av stykkjet med Roald i hovudrolla. To veker seinare døydde Roald av ukjende årsaker, 40 år gammal. Seinare vart det reist ei statue av han på vestsida av Gamle Aker kyrkje.

KjelderEndra