Shakedown Street
Shakedown Street Studioalbum av Grateful Dead | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 15. november 1978 | |
Innspelt | 31. juli til 18. august 1978 | |
Studio | Club Le Front, utanom «Serengetti» i Meta Tantay i Carlin i Nevada | |
Sjanger | ||
Lengd | 39:04 | |
Selskap | Arista | |
Produsent | Lowell George | |
Grateful Dead-kronologi | ||
---|---|---|
What a Long Strange Trip It's Been (1977) |
Shakedown Street | Go to Heaven (1980)
|
Shakedown Street er det tiande studioalbumet til det amerikanske rockebandet Grateful Dead, gjeve ut 15. november 1978 på Arista Records.[4] Albumet kom ut litt over eit år etter det førre albumet, Terrapin Station. Det var det siste albumet med Keith og Donna Jean Godchaux, som slutta i bandet nokre få månader etter albumet kom ut. Plata vart produsert av Lowell George (frå Little Feat) og John Kahn.
Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
AllMusic | [1] |
Christgau's Record Guide | C[2] |
Rolling Stone | Middels[3] |
Innspeling
endreMot slutten av pausen sin mellom 1974 og 1976 leigde Grateful Dead eit lager i San Rafael. I 1977, då sologitaristen Jerry Garcia øvde med Jerry Garcia Band for innspelinga av Cats Under the Stars, valde dei å fange lyden av rommet, og sette opp opptaksutstyr. Dette øvingslokalet vart så nytta til innspelinga av Shakedown Street, etter ønskje frå Garcia.[5] The Dead arbeidde igjen med ein ekstern produsent, men denne gongen henta dei inn ein ven og musikar dei respekterte. Trommeslagaren Bill Kreutzmann sa «Me ville ikkje arbeide med Keith Olsen igjen, men me måtte halde lovnaden vår til Clive Davis og bruke nokon utafor bandet i produsentstolen, så me henta inn Lowell George frå Little Feat.»[6]
Som på det førre albumet med sporet «Terrapin Flyer», skreiv Hart og Kreutzmann ein perkusjonsbasert instrumental («Serengetti»), og spelte han inn på området til medisinmannen Rolling Thunder i Nevada. «Stagger Lee» er ein original song av Garcia og Hunter basert på ei mykje spelt folkevise.[7]
Fleire av songane vart spelt inn som disco, softrock og balladar, og i kontrast til desse stod dei meir rocka songane som Weir tok med seg til innspelingane.
Før innspelingane var ferdige, heldt Grateful Dead tre konsertar. Dette var både for å teste dei nye songane føre publikum og for å skaffe inntekter til tre konsertar dei ønskte å spele føre Sfinksen ved Giza, som kravde å flytte eit stort mannskap over til Egypt. Då dei kom tilbake var Lowell George oppteken og albumet vart fullført med Jerry Garcia Band-bassisten John Kahn som produsent, og som òg tok over på orgel for Godchaux-paret som var på veg ut.[8][9] George døydde berre månader etter albumet kom ut.
Utgjeving
endrePlateomslaget vart laga av undergrunnskunstnaren Gilbert Shelton.
Albumet kom ut då den andre bølgja i punkrocken nådde eit høgdepunkt i California og Grateful Dead vart av kritikarane rekna som utdatert og dei fekk kritikk for å gå bort frå den eksperimentelle stilen sin og spele disco og softrock i staden.[10] I følgje Kreutzmann: «Deadheads [fansen til the Dead] kalla dette albumet og denne tida for Disco Dead. Eg kan forstå kvifor. Med det materiale og produsenten me hadde, så vart ikkje Shakedown Street like bra som det burde vore.»[6] Albumet selde til slutt til gullplate i 1987, men vart den første studioplata deira sidan Aoxomoxoa som ikkje nådde topp 40 på Billboard-lista, då det berre nådde 41. plassen. Det låg i alt nitten veker inne på lista.[11][12]
Same veka som albumet kom ut, spelte Grateful Dead på Saturday Night Live. Her framførte dei «Casey Jones» og «I Need a Miracle>Good Lovin'».[13]
Det kom ut to singlar frå albumet. «Good Lovin» (med «Stagger Lee») er ei redigert utgåve. Denne vart følgd opp av «Shakedown Street» (med «France»), òg i ei redigert utgåve.
Shakedown Street kom ut på CD i 1987.[4] Albumet vart ommastra og utvida med bonusspor for plateboksen Beyond Description i oktober 2004. Denne versjoen kom ut separat i 2006 på Rhino Records.
Innhald
endreNr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Solosongar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|---|
1. | «Good Lovin'» |
| Bob Weir | 4:51 |
2. | «France» |
| 4:03 | |
3. | «Shakedown Street» |
| Jerry Garcia | 4:59 |
4. | «Serengetti» |
| 1:59 | |
5. | «Fire on the Mountain» |
| Jerry Garcia | 3:46 |
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Solosongar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|---|
6. | «I Need a Miracle» |
| Bob Weir | 3:36 |
7. | «From the Heart of Me» | Donna Godchaux | Donna Godchaux | 3:23 |
8. | «Stagger Lee» |
| Jerry Garcia | 3:25 |
9. | «All New Minglewood Blues» | Noah Lewis | Bob Weir | 4:12 |
10. | «If I Had the World to Give» |
| Jerry Garcia | 4:50 |
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Solosongar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|---|
11. | «Good Lovin'» (unytta opptak) |
| Lowell George | 4:56 |
12. | «Ollin Arageed» (live frå Giza i Egypt, 16. september 1978) | Hamza El Din | 6:30 | |
13. | «Fire on the Mountain» (live frå Giza i Egypt, 16. september 1978) |
| 13:43 | |
14. | «Stagger Lee» (live frå Giza i Egypt, 15. september 1978) |
| 6:39 | |
15. | «All New Minglewood Blues» (live frå Capitol Theatre i Passaic i New Jersey, 24. november 1978) | Lewis | 4:34 |
Medverkande
endreGrateful Dead
- Jerry Garcia – sologitar, vokal
- Donna Jean Godchaux – vokal
- Keith Godchaux – klaverinstrument, vokal
- Mickey Hart – trommer, perkusjon
- Bill Kreutzmann – trommer, perkusjon
- Phil Lesh – bassgitar
- Bob Weir – gitar, vokal
Andre medverkande
- Jordan Amarantha – perkusjon
- Lowell George – produsent; vokal på eit studioopptak av «Good Lovin'»
- Matthew Kelly – munnspel
- Steve Schuster – horn, «From the Heart of Me»
Teknisk
- Brett Cohen – lydteknikar
- George Horn – mastering i The Automatt i San Francisco
- Ted Jensen – mastering i Sterling Sound, NYC
- John Kahn – blåsearrangement
- Bob Matthews – lydteknikar
Salslister
endreÅr | Liste | Plassering |
---|---|---|
1979 | Billboard Pop Albums | 41[14] |
Salstrofé
Sertifisering | Dato |
---|---|
Gull[15] | 4. september 1987 |
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Shakedown Street» frå Wikipedia på engelsk, den 5. juni 2019.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Erelwine, Stephen Thomas. «Shakedown Street». AllMusic. Henta 30. september 2018.
- ↑ Christgau, Robert (1981). «Consumer Guide '70s: G». Christgau's Record Guide: Rock Albums of the Seventies. Ticknor & Fields. ISBN 089919026X. Henta 2. juni 2019 – via robertchristgau.com.
- ↑ Von Tersch, Gary (8. mars 1979). Shakedown Street, Rolling Stone
- ↑ 4,0 4,1 Erlewine, Stephen Thomas. «Shakedown Street review». Allmusic. All Media Guide, LLC. Henta 3. februar 2007.
- ↑ Jackson, Blair (1999). Garcia: An American Life. Penguin Books; New York, NY. s. 294. ISBN 0140291997.
- ↑ 6,0 6,1 Kreutzmann, Bill (2015). Deal. St. Martin's Press, New York, NY. Chapter 16. ISBN 978-1-250-03380-2.
- ↑ «Stagger Lee». Dead disc. Henta 15. februar 2017.
- ↑ «Shakedown Street». Dead Disc. Henta 16. februar 2017.
- ↑ Jackson, Blair (1999). Garcia: An American Life. Penguin Books; New York, NY. Chap. 15. ISBN 0140291997.
- ↑ Jackson, Blair (1999). Garcia: An American Life. Penguin Books; New York, NY. s. 289. ISBN 0140291997.
- ↑ «Grateful Dead - Chart history - Billboard». www.billboard.com.
- ↑ «Gold & Platinum - RIAA». riaa.com.
- ↑ «Various- SNL25». Discogs. Henta 18. februar 2017.
- ↑ «The Grateful Dead: A Chart History». Billboard. Henta 10. februar 2017.
- ↑ «RIAA Gold & Platinum database-Shakedown Street». Henta 5. juni 2019.