Terrapin Station
Studioalbum av Grateful Dead
Språk engelsk
Utgjeve 27. juli 1977
Innspelt 2. november 1976 – 8. mai 1977
Studio Sound City Studios i Van Nuys; Automated Sound Studios i New York City; AIR Studios i London; Trident Studios i London; Abbey Road Studios i London[1]
Sjanger Rock, funkrock, countryrock, kunstrock
Lengd 35:38
Selskap Arista
Produsent Keith Olsen
Grateful Dead-kronologi 
Steal Your Face
(1976)
Terrapin Station What a Long Strange Trip It's Been
(1977)


Terrapin Station er det niande studioalbumet til Grateful Dead, gjeve ut 27. juli 1977. Det var det første Grateful Dead-albumet på Arista Records og det første etter at bandet hadde byrja å turnere att, etter ein nesten to år lang pause.

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic2/5 stars[2]
Christgau's Record GuideB[3]
Rolling Stone4/5 stars[4]

Albumet nådde 28. plassen på Billboard-lista og selde til gullplate i 1987 etter å ha kome ut på CD (av Arista Records). Terrapin Station vart ommastra og utvida for plateboksen Beyond Description (1973–1989) i oktober 2004.

Innspeling endre

Etter at dei la ned sitt eige plateselskap og byta manager, signerte Grateful Dead ein avtale med det nye Arista Records. Sjefen her, Clive Davis, hadde vore interessert i å arbeide med bandet sidan han arbeidde for Columbia Records og hadde tidlegare signert kollegaene deira New Riders of the Purple Sage.[5] Han kom til semje med bandet om at dei skulle arbeide med ein ekstern produsent, noko dei ikkje hadde gjort på eit studioalbum sidan Anthem of the Sun i 1968. Keith Olsen vart vald ut som produsent og bandet flytta for ei stund til Los Angeles, sidan han føretrekte å arbeide i Sound City, der han nettopp hadde fått stor suksess med Fleetwood Mac sitt comebackalbum frå 1975.[6]

Tekstforfattaren Robert Hunter skreiv tekstar for den første delen av suiten «Terrapin Station» i ein enkel omgang, under eit sjeldant torevêr i Bay Area. Same dagen køyrde sologitaristen Jerry Garcia over Richmond–San Rafael-brua og fekk ideen til melodien. Hunter sa «Då me møttest dagen etter synte eg han teksten og han sa 'Eg har musikken'. Dei passa perfekt.»[7] Han baserte teksten for «Lady with a Fan» på ei tradisjonell engelsk folkevise som vert kalla «The Lady of Carlisle», «The Bold Lieutenant» eller «The Lion's Den».

«Dancin' in the Streets» er ein coverversjon av Martha & the Vandellas-songen med eit nytt arrangement og sungen av Donna Godchaux. For studioversjonen vart det nytta ein funk-aktig gitar og discorytme. «Sunrise» var den første songen Donna Godchaux skreiv for Grateful Dead. Songen var ei hyllest til den nyleg avdøde turnémanageren deira, Rex Jackson, som bandet kalla den veldedige Rex Foundation opp etter.[8]

Bassisten Phil Lesh sin «Passenger» var inspirert av Fleetwood Mac sin «Station Man». Tekten vart skriven av de buddhistiske munken Peter Zimels.[9] Weir sin «Samson & Delilah» var eit nytt arrangement av Reverend Gary Davis sin tradisjonelle song. Weir hadde fått gitartimar hos Davis heime hos han i Queens i New York før han døydde i 1972.[10]

Olsen hadde ein metode for å få kontroll over the Dead: «Under innspelinga av grunnspora var det vanskeleg å få alle i bandet til å halde seg i studio samstundes, så [Steve] Parish drog ut til ein jernvarehandel og kjøpte stor spikar og ein stor hammar, og då alle var på plass, spikra han døra fast frå innsida. Me ville ikkje ha vitjande frå dei andre studioa inn og me ville ikkje at folk i bandet skulle stikke av. Slike byrja me å få ting gjort.»[11] Med Fleetwood Mac hadde Olsen mange fingrar med i spelet, og fekk Lindsey Buckingham og Stevie Nicks inn i bandet, påverka songutvalet og rekkjefølgja på albumet. Han møtte Grateful Dead med liknande forventningar, og så for seg eit konseptalbum eller ein songsyklus. Olse sa at Davis hadde sagt til han: «Eg treng ei kommersiell plate frå dei.»[11] Dette skapte noko splid under innspelinga og noko misnøye med sluttresultatet. Kreutzmann sa «Han fekk oss til å spele det same om att og om att, og me er ikkje eit slikt band som går med på det. Identiteten vår er basert på det heilt motsette prinsippet.»[12]

Utgjeving endre

Plateomslaget vart laga av Kelley/Mouse Studios, som hadde laga fleire omslag tidlegare for bandet.

Sjølv om den tungt produserte lyden var moderne, var det uvanleg for eit Grateful Dead-album og det skilde seg frå dei kvassare, psykedeliske albuma eller dei meir americana- og jazz-blues-aktige albuma frå nyare tid. Garcia sa Olsen hadde «kledd Grateful Dead i kjole». Garcia var misnøgd med strykeseksjonane og kora på tittelsporet og sa «Det gjorde meg rasande. Han og Paul Buckmaster hadde heilt feil rytmekjensle. Dei endra det frå ein punktert shuffle til ein marsjaktig 4/4-takt.»[13] Produksjonen fekk liknande reaksjonar frå både fansen og kritikarane, medan songane fekk meir positiv omtale.

Det vart ingenting av ein turné etter albumet kom ut, sidan trommeslagaren Mickey Hart vart skadd i ei bilulukke.

To singlar vart gjevne ut frå albumet. Davis valde ut «Dancin' in the Streets» som den første, med ein annan miks med blåsarar som Olsen hadde ønskt å ha med på albumet. Den andre var «Passenger». Begge singlane kom med B-sida «Terrapin Station», eit utdrag frå «Terrapin Part 1».

Innhald endre

Side ein
Nr.TittelLåtskrivar(ar)SolosongararLengd
1.«Estimated Prophet»Bob Weir5:35
2.«Dancin' in the Streets»
  • Bob Weir
  • Donna Godchaux
3:30
3.«Passenger»
  • Bob Weir
  • Donna Godchaux
2:48
4.«Samson & Delilah»Trad., arr. WeirBob Weir3:30
5.«Sunrise»Donna GodchauxDonna Godchaux4:05
Side to
Nr.TittelSolosongarLengd
6.«Terrapin Part 1»
  • «Lady with a Fan» (Garcia, Hunter) – 4:40
  • «Terrapin Station» (Garcia, Hunter) - 1:54
  • «Terrapin» (Garcia, Hunter) - 2:11
  • «Terrapin Transit» (Hart, Kreutzmann) - 1:27
  • «At a Siding» (Hart, Hunter) - 0:55
  • «Terrapin Flyer» (Hart, Kreutzmann) - 3:00
  • «Refrain» (Garcia) - 2:16»
Jerry Garcia16:23
Bonusspor på 2004/2006-utgåva
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
7.«Peggy-O»tradisjonell4:41
8.«The Ascent» 1:59
9.«Catfish John»4:43
10.«Equinox»Lesh5:15
11.«Fire on the Mountain»
  • Hart
  • Hunter
6:26
12.«Dancin' in the Streets» (konsertopptak frå Cornell University i Ithaca i New York, 8. mai 1977)
  • Stevenson
  • Gaye
  • Hunter
16:17

Medverkande endre

Grateful Dead

Andre musikarar

Teknisk

Salslister og salstrofé endre

Billboard

År Liste Plassering
1977 Pop Albums 28[14]

Salstrofé

Sertifisering Dato
Gull[15] 4. september 1987

Kjelder endre

  1. «The Grateful Dead – Terrapin Station». Discogs. Henta 3. juni 2019. 
  2. Planer, Lindsay. «Terrapin Station». AllMusic. Henta 3. juni 2019. 
  3. Christgau, Robert (1981). «Consumer Guide '70s: G». Christgau's Record Guide: Rock Albums of the Seventies. Ticknor & Fields. ISBN 089919026X. Henta 2. juni 2019 – via robertchristgau.com. 
  4. The Grateful Dead Album Guide Arkivert 2013-12-28 ved Wayback Machine., Rolling Stone
  5. Browne, David (2015). So Many Roads: The Life and Times of the Grateful Dead. Da Capo Press. New York, NY. s. 248. ISBN 978-0-306-82170-7. 
  6. Lesh, Phil (2005). Searching for the Sound. Little, Brown & Co.; New York, NY. Chapter 18. ISBN 978-0-316-00998-0. 
  7. Hunter, Robert (1990). Box of Rain. New York, NY: Viking Penguin. s. 310. ISBN 978-0140134513. 
  8. Dodd, David. «The Annotated «Sunrise»». The Annotated Grateful Dead Lyrics. Henta 2. februar 2017. 
  9. Dodd, David. «Greatest Stories Ever Told - Passenger». Dead.net. Henta 1. februar 2017. 
  10. arkivkopi, arkivert frå originalen 30. august 2018, henta 5. juni 2019 
  11. 11,0 11,1 Jackson, Blair (1999). Garcia: An American Life. Penguin Books; New York, NY. s. 282, addition. ISBN 0140291997. 
  12. Kreutzmann, Bill (2015). Deal. St. Martin's Press, New York, NY. Chapter 13. ISBN 978-1-250-03380-2. 
  13. Jackson, Blair; Gans, David (2015). This is All a Dream We Dreamed: An Oral History of the Grateful Dead. Flatiron Books. NY, NY. s. 260. ISBN 978-1-250-05856-0. 
  14. «search 'Grateful Dead'». Billboard. 
  15. «RIAA Gold & Platinum database – Terrapin Station». Henta 9. februar 2017.