Opna hovudmenyen
十堰
Shíyàn
Jarnbanestasjonen i Shiyan
Jarnbanestasjonen i Shiyan
Styresmakter
Land
Provins
Folkerepublikken Kina
Hubei
Geografi
Flatevidd
 - By

23 600 km²
Innbyggjarar
 - By
   - folketettleik

3 460 000
  146,6/km²
Koordinatar 30°35′″N 114°17′″EKoordinatar: 30°35′″N 114°17′″E
Tidssone Kinesisk standardtid (UTC+8)
Plassering
Plasseringa av Shiyan i Hubei.
Plasseringa av Shiyan i Hubei.

Shiyan (kinesisk 十堰, pinyin Shíyàn) er eit byprefektur heilt nordvest i provinsen Hubei i det sentrale Kina. Byprefekturet har eit areal på 23 727 km² og kring 3,41 millionar innbyggjarar (2003). Shiyan består av to bydistrikt, fem fylke og eitt byfylke. Fjellkjeda Wudangshan strekker seg aust-vest gjennom provinsen.

Shiyan er ein av dei største bilbyane i Kina. Sidan 1975 har ein bygt bilar av merket Dongfeng. Elles er her mange fabrikkar som lagar maskindelar og tekstilar.

SamferdsleEndra

Kinas riksveg 209 går gjennom området. Han byrjar i Hohhot i Indre Mongolia, kryssar gjennom provinsane Shanxi, Henan, Hubei, Hunan og endar opp i hamnebyen Beihai i Guangxi. Også Kinas riksveg 316 går gjennom Shiyan. Han fører frå Fuzhou i Fujian via Nanchang i Jiangxi og Wuhan i Hubei til Lanzhou i Gansu.

KjelderEndra