Sibirvandresnipe
Sibirvandresnipe i sommardrakt Foto: Wikimedia-brukar Alpsdake
Sibirvandresnipe i sommardrakt
Foto: Wikimedia-brukar Alpsdake
Status
Status i verda: NT Nær truga
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Underklasse: Neognathae
Overorden: Neoaves
Orden: Vade-, måse- og alkefuglar Charadriiformes
Familie: Snipefamilien Scolopacidae
Slekt: Tringa
Art: Sibirvandresnipe T. brevipes
Vitskapleg namn
Tringa brevipes

Sibirvandresnipe (Tringa brevipes)[note 1] er ein mellomstor vadefugl i snipefamilien som hekkar i på to åtskilde område: i sentrale Sibir og i austre Russland. Dei lever elles langs kystar i Søraust-Asia og Australasia og på øyar i vestlege Stillehavet.

Skildring endre

 
Sibirvandresnipe i vinterdrakt
Foto: Tokumi Ohsaka

Denne arten har utsjånad mykje likt den nært nærskylde alaskavandresnipa, T. incana. Men mellom sibirvandresnipa er 2 - 3 centimeter kortare, ca. 23 og 27 centimeter i kroppslengd og dei veg 80 - 162 gram.[1] Det meste av fjørdrakta i hekketida er i grått, oversida er mørk grå, men undersida kvit med mørke strekar og skjelmønstra sperrestrekar. I vinterdrakta er brystet grått og flekkar og strekar er diffuse. Dei har stutte, mørke gule bein og eit mørkegrått nebb, mørkare mot spissen. I begge sesongdraktene har sibirvandresnipa ei ganske framtredande augebrynstripe. Drakta er gjennomgåande bleikare enn hos alaskavandresnipa. Begge artane skil seg frå dei andre medlemmene i den biologiske slekta Tringa med fråvære av flekker på vengene, gråaktige venger og rygg, og skjelmønster på brystet som strekkjer seg meir eller mindre over buken i hekkefjørdrakta.

Utanom hekketida lever sibirvandresnipene spreitt på kystar, frå Taiwan i nord, gjennom Filippinane, sørlege Malayahalvøya, Indonesia, Ny-Guinea og til kystar av Australia. Dei kan finnast, men er sjeldan langs kystar av Fiji, Tuvalu og New Zealand.[1]

Sibirvandresnipa hekkar i to åtskilte område: i Putoranfjella på Det sentrale sibirplatået samt i austlege Russland inkludert Verkhojanskfjella, og frå Transbajkal i sørvest til Kamtsjatkahalvøya i aust.

I vinterkvartera beitar dei på mudderbankar, på innelukka kystområde med rev, stein eller berg. Hekkehabitata ligg langs strandlinjer og elveleie med grus, innanfor tundra, boreal barskog og taiga, opptil 1800 moh. Reirplassane er ofte ved eit grusete elveleie, med kan òg ligge i tre.[1]

Utanom hekkesesongen lever dei i stor grad av krabbar, men òg andre virvellause dyr inkludert krepsdyr, børstemakk, insekt, dessutan litt småfisk. Under hekkesesongen et dei mest vasslevande insekt og larver.[1]

Lætet skil seg sterkt frå alaskavandresnipa og er skildra som ei høg fløytestrofe med to, nokre gonger tre tonar.

Storleiken på den totale populasjonen er estimert til å ligge på ca. 44 000 individ og er trudd å vere minkande.[2]

Kjelder endre

Referansar
  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 Van Gils, J., Wiersma, P., Kirwan, G.M. & Sharpe, C.J. (2016). Gray-tailed Tattler (Tringa brevipes) In: del Hoyo, J., Elliott, A., Sargatal, J., Christie, D.A. & de Juana, E. (eds.) (2016). Handbook of the Birds of the World Alive. Lynx Edicions, Barcelona. Henta den 10. juli 2016
  2. BirdLife International (2016) Species factsheet: Tringa brevipes. Henta frå http://www.birdlife.org den 10. juli 2016
Notar
  1. Tidlegare Heteroscelus brevipes

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Sibirvandresnipe