Opna hovudmenyen
Since I've Been Loving You
Song av Led Zeppelin
frå albumet Led Zeppelin III
Utgjeve 5. oktober 1970
Innspelt Mai - august 1970
Sjanger Bluesrock
Lengd 7:23
Selskap Atlantic
Låtskrivar(ar) Jimmy Page, Robert Plant, John Paul Jones
Produsent Jimmy Page

«Since I've Been Loving You» er ein bluesrocksong i c-moll av det engelske rockebandet Led Zeppelin, som kom ut i 1970 på albumet deira Led Zeppelin III.

OversynEndra

Dette var ein av dei første songane som vart gjort klar for Led Zeppelin III.[1] Songen vart spelt inn live i studio med få ekstraspor lagt oppå sidan. John Paul Jones spelte Hammondorgel på songen og nytta basspedalane for basslinja.[2] Det var den einaste songen på det trede albumet som bandet hadde spelt på konsertar før innspelinga, men var likevel visstnok den vanskelegaste å spele inn.[3] Ei soge nemner Jimmy Page som tok ein pause etter å prøvd fleire gonger på å spele soloen. Utan å klare å nå tonane han ønskte, gjekk han kring i studio for å reinske tankane sine. Utanfor innspelingsområdet var ein forsterkar som han så nytta til å få tonen han nøskte, og spelte inn soloen me høyrer i dag på det neste opptaket. Lydteknikar Terry Manning kalla det «Den beste gitarsoloen nokon gong».

Sidan det er ei live innspeling er det ein av få songar der ein kan høyre knirkinga frå basstrommepedalen til John Bonham i studio. Page kommenterte songen i eit intervju med Guitar World:

« Det einaste verkelege problemet eg han hugse var då me skulle sette saman den første plateboksen saman. Det var ein forferdeleg knirkete basstrommepedal på «Since I've Been Loving You». Lyden vert høgare og høgare for kvar gong eg høyrer han! Det var noko som dessverre vart oversett på den tida.[4] »

Songen vart spela fast på konsertane til bandet frå 1970 til sommaren 1973 og alle dei fire medlemmane fekk vist seg fram under improvisasjonane, særleg Jimmy Page på gitarsoloen. Songen vart igjen spelt i 1977, 1979 og 1980, men berre nokre få gonger under turneen i 1975.

Konsertopptak av songen finst på filmen The Song Remains the Same (og albumet som følgde med) og Led Zeppelin DVD. Ei innspeling frå juni 1972 finst på How the West Was Won, og ein annan konsertversjon på BBC Sessions.

Page and Plant spela songen i 1994 og gav han ut på albumet No Quarter: Jimmy Page and Robert Plant Unledded. Plant sampla òg songen på solosongen «White, Clean, and Neat». «Since I've Been Loving You» vart framført på konserten for Ahmet Ertegün i O2 Arena i London den 10. desember 2007.

LovordEndra

Publikasjon Land Lovord År Rangering
Zounds Tyskland "The Top 30 Songs of All Time"[5] 1992 16
Mojo Storbritannia "100 Great Voices"[6] 1994 *
Guitarist Storbritannia "Top 100 Guitar Solos of All-time"[7] 1998 8
Guitar World USA "100 Greatest Solos of All-time"[8] 1998 53
Q Storbritannia "1010 Songs You Must Own!"[9] 2004 *

(*) uordna liste.

MedverkandeEndra

Andre versjonarEndra

  • 2003: Whole Lotta Led (The Bring It On Home Tour)
  • 2004: Jizzy Pearl (Just a Boy)
  • 2004: Dokaka (Tributes)
  • 2004: Jezz Woodroffe (In Through the Swing Door: Swing Cover Versions of Led Zeppelin Classics)
  • 2006: Corinne Bailey Rae (Corinne Bailey Rae [bonus tracks edition])
  • 2006: Gentlemen's Blues Club (Shotgun Wedding)
  • 2006: Danny Masters Band (99.5 The Mountain Homegrown Vol. 5)
  • 2006: Zepparella (Live at 19 Broadway [recorded 28 October 2005])
  • 2007: Lez Zeppelin (Lez Zeppelin)
  • 2008: Europe (Almost Unplugged)

KonsertversjonarEndra

SamplingarEndra

  • 1988: Robert Plant («White, Clean and Neat»)
  • 2000: Sebutones («Nibiru»)

KjelderEndra

  1. Lewis, Dave (2004). Led Zeppelin: The Complete Guide to Their Music. s. 24. ISBN 1-84449-141-2. 
  2. Chris Welch (1994) Led Zeppelin, London: Orion Books. ISBN 0-85797-930-3, s. 53.
  3. Brad Tolinski and Greg Di Bendetto, "Light and Shade", Guitar World, januar 1998.
  4. Intervju med Jimmy Page, Guitar World 1993
  5. «The Final Hitparade: The Top 30 Songs of All Time - June 1992». Zounds. Henta 24. mars 2011. 
  6. «100 Great Voices: Robert Plant - 1994». Mojo. Henta 24. mars 2011. 
  7. «Top 100 Guitar Solos of All-time - January 1998». Guitarist. Henta 24. mars 2011. 
  8. «100 Greatest Solos of All-time - September 1998». Guitar World. Henta 24. mars 2011. 
  9. «1010 Songs You Must Own! Part Five – On a Downer: 60 Songs for Long Dark Night of the Soul - September 2004». Q. Henta 24. mars 2011. 

BakgrunnsstoffEndra