Bo Diddley Is a Gunslinger

Bo Diddley Is a Gunslinger
Studioalbum av Bo Diddley
Språk engelsk
Utgjeve Desember 1960[1]
Innspelt Oktober 1959–februar 1960[2]
Sjanger Rock and roll, rhythm and blues, doo-wop, country
Lengd 30:15
Selskap Checker LP-2977
Produsent Leonard Chess, Phil Chess, Bo Diddley
Bo Diddley-kronologi 
Bo Diddley In the Spotlight
(1960)
Bo Diddley Is a Gunslinger Bo Diddley Is a Lover
(1961)


Bo Diddley Is a Gunslinger er det femte studioalbumet til den amerikanske rock and roll-pioneren Bo Diddley, gjeve ut i desember 1960 av Checker Records.[1] Albumtittelen kjem av at første songen på albumet heiter «Gunslinger» og at Bo Diddley på plateomslaget er kledd i Western-klede. Songane på Bo Diddley Is a Gunslinger vart spelte inn frå oktober 1959 til februar 1960.[2] Fleire spor av interesse er «Sixteen Tons» som Diddley var meint å framføre på The Ed Sullivan Show, tittelsporet og «Diddling» (ein instrumental mellom gitar og saksofon).

Songar endre

Gunslinger endre

Denne songen var opphavleg gjeven ut på singel av Checker i november 1960.[3] B-sida til singelen, «Signifying Blues», vart aldri gjeven ut på albumet. Songen har ein Bo Diddley-rytme.

Ride on Josephine endre

«Ride on Josephine» er ein rock and roll-song med korvokal og piano anten av Otis Spann, Lafayette Leake eller Billy Stewart.[4] Songen er blitt spelt av George Thorogood & The Destroyers, Sleepy LaBeef og Eric Sardinas.

Sixteen Tons endre

Bo Diddley vart beden om å framføre «Sixteen Tons» på The Ed Sullivan Show, men framførte «Bo Diddley» i staden for. Sidan «Sixteen Tons» er ein countrysong gjev det albumet ei anna kjensle.

Cadillac endre

Songen «Cadillac» har med Gene Barge på tenorsaksofon,[4] og har blitt spelt av The Kinks, The Downliners Sect, New Colony Six, og sungen som ein duett av Van Morrison og Linda Gail Lewis. Cadillac var òg namnet på gitaren som er på plateomslaget.[5]

Andre songar og stilar endre

Songen «Googlia Moo», og «No More Lovin'» og andre gjev albumet ei doo-wop-kjensle.[6]

Innhald endre

Alle songar er skrivne av Ellas McDaniel, utanom der andre er nemnde.

Side ein
Nr.TittelLengd
1.«Gunslinger»1:50
2.«Ride on Josephine»3:00
3.«Doing the Craw-Daddy»2:58
4.«Cadillac»2:39
5.«Somewhere»2:25
Side to
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
6.«Cheyenne» 2:05
7.«Sixteen Tons»Merle Travis, arrangert av McDaniel2:30
8.«Whoa Mule (Shine)» 2:28
9.«No More Lovin'» 2:25
10.«Diddling» 2:20
Total lengd:24:40[7]
Bonusspor på CD-utgåva frå 1988
Nr.TittelLengd
11.«Working Man»3:00
12.«Do What I Say»2:46
Bonusspor på 2004-utgåva
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
13.«Prisoner of Love»Russ Columbo, Leo Robin, Clarence Gaskill2:31
14.«Googlia Moo» 3:02
15.«Better Watch Yourself» 2:54

Medverkande[4] endre

I følgje Allmusic[4]

Salslister endre

Albumet låg ei veke inne på UK Album Charts den 9. november 1963 på ein 20. plass.[8]

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 «Reviews and Ratings of New Albums». Billboard: 24. December 19, 1960. Henta 10. juli 2017. 
  2. 2,0 2,1 Dahl, Bill. «Overview: Bo Diddley Is a Gunslinger by Bo Diddley». Allmusic. USA: Rovi Corporation. Henta November 29, 2010. 
  3. Strong, Charles (2002) [Originally published in 1994]. The Great Rock Diskografi (Sixth utg.). United Kingdom: Canongate Books. s. 371. ISBN 1-84195-312-1. 
  4. 4,0 4,1 4,2 4,3 «Bo Diddley is a Gunslinger». Allmusic. Henta 11. juli 2017. 
  5. Ed Roman (December 30, 1928). «Bo Diddley». Celebrityrockstargitarar.com. Henta 11. juli 2017. [daud lenkje]
  6. Eder, Bruce. «Bo Diddley Is a Gunslinger [Bonus Tracks] > Review». Allmusic. Henta 11. juli 2017. 
  7. Bo Diddley Is a Gunslinger (Vinyl sleeve). Bo Diddley. USA: Checker Records. back cover. LP 2977. 
  8. «Bo Diddley – Bo Diddley Is A Gun Slinger». Chart Stats. Henta 11. juli 2017.