Sjøuhyre og havmonster blir brukt i mytologi, folketru og litteratur om ulike typar oppdikta, farlege skapningar som skal leva i havet. Det finst forteljingar frå store delar av verda om overnaturlege monster og fabeldyr i sjøen. Sjøuhyre blir ofte skildra som enormt store. I norsk tradisjon har ein blant anna førestillingar om sjøormar.

«Beseiringa av Leviatan», illustrasjon av Gustave Doré frå 1865. På teikninga drep Gud det drakeliknande urhavsuhyret som nemnd i Bibelen.[1][2]
Det greske sjøuhyret Skylla framstilt på ein raudfigur-kratér frå Boiotia omkring 450-425 f. Kr.
Teikning frå 1801 utført av malakologisten Pierre Denys de Montfort etter skildringane til franske sjøfolk av ein kjempeblekksprut utanfor kysten av Angola.

Det finst også døme på forteljingar om vasslevande monster i elvar og innsjøar, sjå innsjøuhyre.

Døme

endre

I mytologi og folketru

endre
  • Hafgufa, kjempestort sjøuhyre eller gigantisk kval («kjempefisk») omtalt i norrøn litteratur
  • Hydra («Uhyret frå Lerna»), kjempestort sjøuhyre med ni hovud i gresk mytologi
  • Iku-Turso, sjøuhyre i finsk mytologi, i form av ein kolossal blekksprut eller kvalross
  • Kharybdis, sjøuhyre i gresk mytologi som skapar ein livsfarleg malstraum
  • Krake, stort sjøuhyre («trollkval») i nordisk tradisjon, i blant tolka som ein enorm kval eller blekksprut
  • Leviatan, vondt sjøuhyre som i jødisk mytologi og dikting blir tukta av Gud[1][2]
  • Margyge, kvinneleg havuhyre i norrøn mytologi
  • Midgardsormen (Jørmungandr), eit frykteleg sjøuhyre i nordisk mytologi som ligg på botnen av verdshavet i ein ring omkring alle land
  • Ryujin, havgud som blir forbunden med tidvatn og uvêr i japansk mytologi
  • Sjøhest (havhest, hippokamp)
  • Sjøorm, kjempeslange eller orm som ifølgje gamle segner lever i innsjøar eller i havet
  • Skylla, sjøuhyre med seks hovud i gresk mytologi
  • Tiamat, kvinneleg saltvassmonster i mesopotamisk mytologi
  • Umibōzu, havånd som kantrar båtar i japansk mytologi

I forteljingar, populærkultur og kryptozoologi

endre
 
Reklameplakat for Godzilla, ein japansk skrekkfilm frå 1954 om eit kjempestort monster frå Stillehavet.

Sjøuhyrer opptrer òg i eventyr, forteljingar, populærkultur og kryptozoologi. Blant anna har den svenske biskopen Olaus Magnus fleire fantasifulle skildringar av nordiske havmonster i Carta Marina frå 1539, eit illustrert kart over Norden og havområda omkring, og Historia til dei nordiske folka frå 1555. I nyare tid kan sjøuhyre omfatta alt frå den kvite kvalen i Herman Melville sin roman Moby Dick frå 1851 til gigantiske drakemonster i fantasiuniverset rundt filmane om Godzilla frå 1954 og framover.

Galleri

endre

Sjå òg

endre

Kjelder

endre