Skiferrøyrdrum

fugleart
Skiferrøyrdrum
Bilete frå Chobe National Park, Botswana , 26. desember 2016 Foto: Derek Keats
Bilete frå Chobe National Park, Botswana , 26. desember 2016
Foto: Derek Keats
Status
Status i verda: LC Livskraftig
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Overorden: Aequornithes
Orden: Pelikanfuglar Pelecaniformes
Familie: Hegrefamilien Ardeidae
Underfamilie: Røyrdrumar Botaurinae
Slekt: Ixobrychus
Art: Skiferrøyrdrum I. sturmii
Vitskapleg namn
Ixobrychus sturmii

Skiferrøyrdrum (Ixobrychus sturmii) er ein av dei minste medlemmer av hegrefamilien, Ardeidae. Han er utbreidd i Afrika sør for Sahara.

Skildring endre

Skiferrøyrdrum har kroppslengd i området 25-30 centimeter, og er saman med svartryggrøyrdrum (I. dubius) den minste i hegrefamilien, jamvel mindre enn dvergrøyrdrum (I. minutus). Vaksne individ er heilt mørk skifergrå på oversida, lys brungul på undersida med kraftig mørkegrå striper frå hals og nedover buken, og med eit markert svart strek frå nebbrota nedover strupen og brystet. Nebbet er mørkt, grønaktigt med svart spiss; beina og føtene gulaktig grøne, auga raudbrune; det fjørlause området mellom nebb og auge, og rundt auge er lyst blått til gulgrønt. Hofuglar er noko bleikare og meir raudleg i buken, juvenile er enda meir grålege, oversida kan ha bleike, gulbrune fjørkantar og undersida meir raudleg. Som andre i familien flyg skiferrøyrdrumar med sakte, stødige vengeslag, halsen kan nokon gonger vere utstrekt.[1][2]

Songen i hekketida er eit djupt 'hoo-hoo-hoo'. Når dei skremmast gjev dei eit høgt 'kvekk'.[1][2]

Utbreiingsområdet for arten er Afrika sør for Sahara, så langt nordvest som i grenseområdet Senegal-Mauritania. I sør lever dei i den nordaustlege delen av Sør-Afrika og i eit isolert område lengst sør mot Indiahavet. Elles har dei fråvere frå Sør-Afrika, frå store delar av Angola, Somalia, og dei finst heller ikkje på Madagaskar. Nokre få individ har vore funne som streiffuglar på Kapp Verde, Kanariøyane, St. Helena og Malta.[2]

Skiferrøyrdrumar vil gøyme seg i takrøyrskog og i anna våte miljø med låg vegetasjon. Dei kan beite i mangrovar, på rismarker, i skogkledde område eller buskar med tett lauv langs breidder av elver, bekker, innsjøar og i sesongmessige overfløymde område.[1][2]

Føda er vevkjerringar, sniglar, krabbar, insekt som vassbiller og grashopper, og små virveldyr som froskar og småfisk. Dei beitar mest om natta, men òg i dagslys, aleine eller i par.

Storleiken på populasjonen er ikkje estimert og er trudd å vere stabil. Arten har vore brukt i tradisjonell medisin i Nigeria og derfor ein jakta art der. Han er klassifisert som globalt livskraftig.[3]

Kjelder endre

Referansar
  1. 1,0 1,1 1,2 Zimmerman, Dale A.; Donald A. Turner, David J. Pearson (1999). Birds of Kenya and Northern Tanzania. London: Helm. ISBN 0-7136-5079-6.
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 Martínez-Vilalta, A., Motis, A. & Kirwan, G.M. (2020) Dwarf Bittern (Ixobrychus sturmii) I: del Hoyo, J., Elliott, A., Sargatal, J., Christie, D.A. & de Juana, E. (red.). Handbook of the Birds of the World Alive. Lynx Edicions, Barcelona. Henta den 1. februar 2020
  3. BirdLife International (2020) Species factsheet: Ixobrychus sturmii. Henta frå http://www.birdlife.org den 1. februar 2020

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Skiferrøyrdrum