Skjelryggmaurfugl
Skjelryggmaurfugl, Willisornis poecilonotus, er ein maurfugl i den biologiske familien Thamnophilidae. Tidlegare var han klassifisert som monotypisk i slekta Willisornis, men har no ein systerart, xingumaurfugl (Willisornis vidua).
Skjelryggmaurfugl | |
Hannfugl i Cordillera del Cóndor, Ecuador. Foto: Ana Agreda
| |
Utbreiing og status | |
Status i verda: Livskraftig Utbreiinga av Skjelryggmaurfugl | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Orden: | Sporvefuglar Passeriformes |
Familie: | Maurfuglar Thamnophilidae |
Slekt: | Willisornis |
Art: | Skjelryggmaurfugl W. poecilinotus |
Vitskapleg namn | |
Willisornis poecilinotus |
Skjelryggmaurfugl er ca. 13 centimeter lang, hannen har ei mørk gråleg fjørdrakt, hoa er meir raudbrun. Vengene er svarte med lyse kantar på dekkfjører og flygefjører - skjelmarkeringar. Det finst variantar av drakta med underartar i utbreiingsområdet, til dømes har hannen av W. p. gutturalis i nordaustre Peru og tilstøytande vestre Brasil ein svart strupe.
Denne arten er ein typisk maurfølgjar.
Arten har habitat i tropiske våte låglandsskogar med utbreiingsområdet i Amazonas innanfor landa Bolivia, Brasil, Colombia, Ecuador, Fransk Guyana, Guyana, Peru, Surinam og Venezuela.
Kjelder
endre- Hilty, Steven L. (29. november 2002). Birds of Venezuela. Christopher Helm Publishers Ltd. ISBN 0713664185.
- BirdLife International (2014) Species factsheet: Willisornis poecilinotus. Henta frå http://www.birdlife.org den 24. august 2014.
Bakgrunnsstoff
endre- Videoar, bilete og lydopptak av skjelryggmaurfugl hos Internet Bird Collection