Opna hovudmenyen

Skogsfjordvatnet

innsjø på Ringvassøy i Troms

Skogsfjordvatnet (samisk: Gusmmorjávri) er ein innsjø som ligg på Ringvassøya i Karlsøy kommune i Troms. Skogsfjordvatnet er 10 km langt og har eit areal på om lag 13 km², og er dermed den største innsjøen på ei øy i Noreg. Innsjøen ligg mellom 15 og 20 meter over havet og er omgjeven av myrar, skog og åsar. Skogsfjordvatnet er om lag 100 m djupt på det djupaste, men hovudbassenget ligg på mellom 60 m og 65 m. Innsjøen er knytt til havet med Skogsfjordelva, ei elv utan store fossefall, som renn nordover frå eit høgfjellsterreng og inn i Skogsfjordvatnet. Frå nordenden av innsjøen renn elva ca. 1 km til utløpet inst i Skogsfjorden. Skogsfjordvassdraget er verna i Verneplan I for vassdrag[1].

Skogsfjordvatnet
innsjø
Skogsfjordvatn.jpg
Skogsfjordvatnet på Ringvassøya i Troms.
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Troms
Kommune Karlsøy
Høgd over havet 20 moh
Areal 13,62 km²
Middeldjupn 60–100 m
Kystlengd1 38,46 km
Koordinatar 69°56′24″N 19°10′00″EKoordinatar: 69°56′24″N 19°10′00″E
1 Kystlengd er eit unøyaktig mål som kanskje ikkje er standardisert for denne artikkelen.

Flora og faunaEndra

Skogsfjordvatnet og elva har ei stor stamme av anadrome fiskeslag som sjørøye, laks og sjøaure i tillegg til den lokale røyestamma. Området rundt innsjøen er viktig hekkeområde for grågås, smålom, storlom og fleire artar av ender. I liene på austsida er det òg påvist fleire hekkande raudlista fugleartar.

Vegetasjonen rundt vassdraget vekslar frå karrig lyngmark til bjørkelier rike på urter og gras. På ei elveøyr litt nedanfor Skogsfjordvatnet veks mellom anna den sjeldne pusleplanta sylblad. Dette vert rekna som den nordlege grensa for denne arten i Troms.

HistorieEndra

Då dei første innbyggjarane kom til dette området i eldre steinalder var havnivået her 30-40 m over dagens nivå, noko som tyder at Skogsfjordvatnet var ein fjord. Busetnadene var i gamal tid nær sjøen, noko som tyder at busetnadene truleg flytta nærmere havet då havnivået vart høgare og innsjøen tok form.

Det opphavlege namnet på innsjøen var det gammalnorske Rindarvatn (genitiv av rind, "bergrygg", som namnet Ringvassøya kjem av). På 1400-talet var Rindarvatn ein av erkebisp Aslak Bolt sine eigedomar, truleg på grunn av innsjøen sin fiskerikdom. Seinare vart Skogsfjordvatnet Tromsø kyrkje sin eigedom, men ein veit lite om bruken av området før omkring 1800, då nyryddarar kom og det vart etter kvart danna ei lita bygd ved innsjøen. Området hadde meir innlandsklima enn kystbygdene på øya, men her var det andre naturressursar, som bjørkeskog, frodige beite, god rydningsjord i liene, rype og ferskvassfisk. I tillegg til den norske folkesetnaden budde det samiske familiar som levde av reindrift i bygda. Etter kvart kom det òg svenske og finske innvandrarar og familiar sørfra som busette seg i bygda. Området rundt Skogsfjordvatnet var truleg det siste som hadde samisktalande busetjarar i kommunen, heilt fram til 1960-talet var det samisktalande i bygda.

Rundt 1900 vart det sett i gang omfattande skjerping og prøvedrift av svovelkisbrot ved Skogsfjordvatnet. Det var eigentleg mislukka, men på 1930-talet var det likevel noko drift på kisfelta. På 1950-talet var det fleire pelsdyrfarmar ved Skogsfjordvatnet, men desse vart nedlagde på 1960-talet. Skogsfjordvatnet har vore ei viktig jordbruksbygd frå 60-talet, for det meste med sau og geit. På grunn av godt klima, ferskvassfiske og den vakre naturen rundt innsjøen har bygda òg vore ettertrakta av turistar og sportsfiskarar.

KjelderEndra