Snøgås

art av andefuglar
Snøgås
A. c. caerulescens
A. c. caerulescens
Utbreiing og status
Status i verda: LC LivskraftigUtbreiinga av Snøgås
Utbreiinga av Snøgås
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Orden: Andefuglar Anseriformes
Familie: Andefamilien Anatidae
Underfamilie: Anserinae
Stamme: Gås Anserini
Slekt: Anser
Art: Snøgås A. caerulescens
Vitskapleg namn
Anser caerulescens

Snøgås (Anser caerulescens, tidlegare Chen caerulescens) er ein fugleart i andefamilien.

Snøgåsegg.

Utbreiing og taksonomi endre

Snøgåsa hekkar nord for tregrensa på Grønland, i Canada, Alaska og det noraustlegaste Sibir. Arten vert delt opp i to underartar.

  • A. c. caerulescens: Lever i den vestre delen av utbreiingsområdet.
  • A. c. atlanticus: Er litt større og lever i den austre delen av arten sitt utbreiingsområde.

Utsjånad endre

Arten opptrer i to fargevariantar, kvitt eller blågrått. Dei kvite er snøkvite unnateke vengespissane som er svarte. Den andre typa har blågrått som erstatning for kvitt unnateke hovudet, nakken og halespissen. Ungfuglen av den blå varianten er meir gråleg med lite eller ikkje noko kvitt. Både den kvite og den blå typa har rosaraude føter og legger, og lyseraud nebb.

Trekktilhøve endre

Fuglane flyg sørover til dei milde delane av Nord-Amerika og overvintrar frå det sørvestre British Columbia i nord til Mexico i sør.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre