Aqualung
Song av Jethro Tull
frå albumet Aqualung
Utgjeve 19. mars 1971
Innspelt desember 1970 - februar 1971 i Island Studios, London
Sjanger Progressiv rock, hardrock, folkrock
Lengd 6:34
Selskap Island (UK)
Reprise (USA)
Chrysalis/Capitol (USA)
Tekstforfattar Ian Anderson
Låtskrivar(ar) Ian Anderson/Jennie Anderson
Produsent Ian Anderson og Terry Ellis

«Aqualung» er ein song av det engelske rockebandet Jethro Tull, og tittelsporet på albumet deira Aqualung frå 1971. Songen vart skriven av frontmannen i bandet, Ian Anderson, og den dåverande kona hans Jennie Franks.

Songen varer seks og eit halvt minutt. Dei første seks notane av «Aqualung» kan godt syne at Anderson var interessert i Beethovens femte symfoni.[1][2] Songen inneheld ein av dei mest kjende gitarsoloane til Martin Barre og 20 år etter innspelinga fortalte Barre:

« Det einaste eg hugsa om innspelinga av soloen var at Led Zeppelin spelte inn eit album i nabostudioet, og då eg spelte soloen kom Jimmy Page inn i kontrollrommet og vinka til meg. Kvifor eg ikkje stoppa å veit eg ikkje, men eg fortsette å spele. »

Sitting on a park bench
eyeing little girls with bad intent.

Ian Anderson (1971)

I eit intervju med Ian Anderson i september 1999 i Guitar World sa han:

« Aqualung var ikkje eit konseptalbum, sjølv om mange folk trudde dette. Ideen kom frå eit fotografi som kona mi på den tida tok av ein uteliggar i London. Eg hadde ei skuldkjensle for dei heimlause, samt ein frykt og ein utryggleik for folk som det som verkar litt skremmande. Og alt dette vart nok kombinert i eit noko romantisk bilete av ein person som er heimlause men ei fri sjel, som anten ikkje vil eller ikkje kan vere med i dei faste rammene i samfunnet.

Så frå fotografiet og dei oppfatningane byrja eg å skrive teksten til «Aqualung». Eg kan hugse eg sat på eit hotellrom i L.A. og arbeidde på akkordstrukturen for versa. Det er ein ganske plagsam floke av akkordar, men dei var meint å dra deg her og der og så sette deg ned i den meir dempa akustiske delen av songen.[3]

»

Aqualung-personen vert òg nemnd i «Cross-Eyed Mary», den neste songen på albumet.

«Aqualung» vart kåra til den 90. beste hardrocksongen av VH1 i 2009.[4]

Ein alternativ miks av «Aqualung» med ekko på vokalen til Anderson og opningsriffet spelt to gonger i staden for ein, finst på samleplate M.U. - The Best of Jethro Tull. Denne versjonen har òg ein litt anna akustisk gitar og vokalpartane i den andre delen av songen («sun streaking cold»), men går så attende til den vanlege miksen frå og med «Aqualung my friend».

Dette er ein av dei mest kjende songane til Jethro Tull, men han vart ikkje gjeve ut som singel. I eit intervju med Songfacts sa Anderson: «Det var fordi han var for lang, for episodisk. Han starta med eit høglydt gitarriff og går så inn i meir roleg akustisk stoff. Led Zeppelin gav heller ikkje ut singlar på denne tida. Det var ein albumsong. På radioen var det eit skarpt skilje mellom AM radio, som spelte tre minuttar lange pophittar, og FM radio, der dei spelte det dei kalla djupe spor. Du kunne gå inn på eit album og spele obskure, dei lengre, meir snodde songane i den perioden. Dei dagane er ikkje her lengre.»[5]

Utgjevingar endre

Medverkande endre

I popkulturen endre

Musikk endre

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre